Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Årsmelding 2022: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse
Forord
Utdanningssjef Guro Berge og avtroppande forskingssjef Dag Arne Lihaug Hoff delar tankar og refleksjonar rundt året 2022.
Helse Møre og Romsdal (HMR) er ein solid utdanningsaktør. Samanlikna med året før auka i 2022 talet på LIS i teneste, talet på utdanningsstillingar for spesialsjukepleie, talet på helsefagarbeidar-lærlingar, talet på seksjonar som tek imot studentar i praksisstudiar og talet på tilsette med formell praksisrettleiar-utdanning. Dette har vore prioriterte områder.
Arbeidet med å «sette utdanning på kartet» er godt i gang i HMR. I seksjon for utdanning og kompetanse vert det jobba med å dokumentere og skaffe oversikt over eksisterande og framtidige behov innan utdanning og kompetanse i klinikk. Fokuset er å legge til rette for samarbeid internt og eksternt, og å vere rådgjevande part inn i utdanningsspørsmål relatert til tilsette og studentar.
Og spørsmåla blir stadig fleire. Korleis byggjer vi rettleiarkompetanse? Korleis kan vi sette av tid til å drive med rettleiing i ein travel kvardag. Kva slags utdanning har vi behov for i framtida i spesialisthelsetenesta? Korleis styrkar vi arbeidet med LIS-utdanninga? Korleis legge til rette for simulering og ferdigheitstrening? Korleis samarbeide godt med utdanningssektoren? Korleis får vi ei god finansiering av utdanning?
Desse og fleire spørsmål har vore løfta inn på nye arenaer dette året, i det regionale direktørnettverket for utdanning og i det regionale utdanningsnettverket. Spørsmåla har også vore diskutert i dei meir velkjente møteplassane som i regionalt samarbeidsorgan for utdanning, og lokalt i føretaket.
I 2022 har praksisplassar igjen vore i fokus. Det har blitt jobba for å holde kapasiteten oppe ved å fortsette satsinga på formell rettleiarutdanning, og tilby studentar praksis på «nye» arenaer, som poliklinikk og dagbehandling. For åra som kjem må det jobbast meir med systematisk utprøving av modellar for rettleiing og enda fleire må få formell rettleiarutdanning. Det er over 1000 studentar innom HMR kvart år, og det vil seie at vi har rikeleg med moglegheiter til å rekruttere nye potensielle medarbeidarar inn i helsetenesta. Dåmå vilkåra for god rettleiing også vere etablert.
Internt var det eit godt år for helsefagleg simulering og ferdigheitstrening med aktivitetar for fleire yrkesgrupper og studentar. I HMR blei det etablert eit fysisk lokale for å drifte aktivitetar, og vi hadde fleire tilsette i stillingar relatert til den Virtuelle Simuleringseininga (VirtSim) enn året før. Eit vidare fokus på å legge til rette for simulering og ferdigheitstrening i spesialisthelsetenesta vil vere viktig med tanke på kompetanseheving blant tilsette og studentar, noko som igjen bidreg inn mot pasienttryggleik-arbeidet.
Føremålet med denne årsmeldinga er mellom anna å synleggjere den viktige satsing på utdanning og kompetanse i HMR. Fokuset på utdanning har blitt skjerpa i 2022, og vi jobbar tettare og meir systematisk en nokon gong i føretaket og i regionen. I det vidare arbeidet i HMR må vi fortsette å sjå utdanning og kompetanse i samanheng med nettopp pasienttryggleik-arbeidet, fagutvikling, forsking, teknologi, innovasjon, livslang læring, arbeidsmiljø og rekruttering. I ei tid kor digitale verktøy og nye arbeidsformar introduserast har føretaket behov for at kompetansen oppretthaldast, utviklast og aukast. Arbeidet med utdanning og kompetanse angår oss alle, og det må det settast av tid og ressursar til dette også i framtida.
Smakebitar frå utdanningsåret 2022 i Helse Møre og Romsdal er å finne i årsmeldinga. God lesing!
- Guro Berge, utdanningssjef i Seksjon for utdanning og kompetanse.
«Å skape ny kunnskap er ein kollektiv innsats, og auke talet på forskarar vil auke mengda av forskings som vert produsert» stod det nyleg å lese i tidskriftet «Science Advances». Det er ikkje annleis i Helse Møre og Romsdal (HMR). Å bygge kompetanse og utvikle det kollektive eller tverrgåande samhandling for forsking er vegen å gå. Det siste året har Seksjon for forsking og innovasjon (SFI) halde fram jobben for at HMR kan utviklast til «eit forskande føretak» for den pasientnære kliniske forskinga. Dette ser vi tydelege døme på i årsmeldinga.
Kven er forskaren i HMR, mykje godt den same person som driv diagnostikk og behandling av pasienten. Her er det viktig å etablere strategiar for å meistre samtidskonfliktar som skjer, slik at vi ser konsekvensane av våre val. Nasjonalt er det bestemt at forsking skal ha prioritet i spesialisthelsetenesta, og at ein skal jobbe for ein tydlegare/større integrasjon i det dagleg arbeidet i institusjonane. Kva legg ein i forskingsintegrasjon - er kanskje ikkje like godt skildra. Tenk enkelt, forsking er forhistoria til dei diagnostiske og behandlingsmessige algoritmane. I klinisk forsking genererer ein ny kunnskap gjennom systematisk testing. I kliniske studiar generer vi ny kunnskap ved å systematisk teste nye behandlingsprinsipp, til dømes ved å utvikle nye medikament eller bruke kjente medikament på annan måte.
Har vi god «flyt» for slik forsking i HMR? Har vi lukkast med å nå dei 6 overordna forskingsmåla vi sette oss i 2017 då vi laga «FIUK-planen»? Ja, det har vi på fleire områder viss ein les FIUK-planen f.eks. ved å legge til rette for phd-utdanning, å utdanne forskaren, og å bygge kompetanse. Når vi bygger eit korps av forskarar fører det til at vi i større grad må jobbe for å ta i vare forskarkompetanse. Difor har vi sidan 2021 etablert forskar-deltidsstillingar.
Eit anna mål var å etablere større grupper/nettverk av forskarar, slik at ein får samhandling mellom forskarar på tvers og mellom forskar og forskings-interesserte klinkarar i HMR. To gruppeleiare startar arbeidet ultimo 2023. To andre viktig forhold for forskingsflyt er støttepersonell for forsking med variert, men rett kompetanse for planlegging, gjennomføring og avslutning av klinisk forsking/studiar og vi må heller ikkje gløyme det dedikert forskingsareal kor studiar kan gjerast. Vi har etablert nokon slike strukturar, og bruker uttrykket "poliklinikk for forsking" i formidlinga. Forsking er likevel fyrst og fremst det gode spørsmålet, deretter forskings-kompetanse, -tid, -finansiering, -areal, -koordinering og det å etablere team for forsking.
Forskingsfinansieringa i HMR er eit område kor institusjonen må jobbe for endring, det må vere eit satsing både i storleik og utstrekking over tid. Den finansieringa vi har vert typisk brukt til kompetanseutvikling (phd-stipendiat), interne forskingsprosjekt med regio-nasjonal/internasjonal overbygning kor den etablerte forskaren får utvikle seg, og etablere operativ forskingsstøtte/ infrastruktur i form av personell og areal. Det er viktig å bruke "momentet" vi saman har skapt dei siste åra, både for å ta i vare og vidareutvikle forsking.
Frå 1.1.2023 vart seksjon for kliniske studiar (SKS) etablert, omtrent på dagen 10 år etter det fyrste digitale tverrgåande møte om forskingsstøtte i HMR, arrangert i klinikk for medisin. Med SKS skal vi nettopp kunne fokusere på det regio-nasjonale kravet om at pasientar i større grad skal få tilbod om å delta i kliniske studiar. Samla skal SFI og SKS styrke arbeidet med klinisk forsking i HMR og saman skal vi jobbe for det tverrgåande teamarbeid mellom klinisk- og forskingspersonell for å skape større integrasjon mellom oppgåvene i spesialisthelsetenesta. Til slutt vil eg takk for meg etter vel 2 år som forskingssjef. Eg opplever at kunnskap om kvarandre, samarbeid og tilrettelegging er det som fører til forskingsutvikling i HMR. Eg ynskjer ny forskingssjef hjarteleg velkomen, og gler meg til samarbeidet.
- Dag Arne Lihaug Hoff, avtroppande forskingssjef i Seksjon for forsking og innovasjon og no seksjonssjef i Seksjon for kliniske studiar.