Årsmelding 2022: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse
Helse Møre og Romsdal som utdanningsinstitusjon 2022
Sjukehusa i Møre og Romsdal – ein viktig utdanningsarena i 2022
Spesialisthelsetenesta har eit særlig ansvar for utdanning og kompetanseheving av helsepersonell. Handteringa av denne oppgåva krev eit tydeleg fokus på koordinering internt i Helse Møre og Romsdal (HMR), og mellom føretaket og utdanningsinstitusjonar. Dette er eit kontinuerlig arbeid som organiserast med utgangspunkt i Fagavdelinga, blant anna via deltaking i det regionale samarbeidsutvalget for utdanning, men også via lokale strukturar.
Studentar som har praksisstudiar hos oss får tildelt praksisplass gjennom dei respektive utdanningsinstitusjonane i vår region, og føretaket har eit stort apparat for å ta imot dei om lag 1000 studentane kvart år. Heile 106 seksjoner har studenter i praksis, den totale oversikten er å finne i føretaket sitt eigenutvikla praksisplass-skjema. Det høge antal studentar hadde ikkje vore mogleg utan praksisveilederne i HMR som legg ned ein uvurderleg innsats i utdanning av framtidige tilsette i helsetenesta. Rekruttering av nytilsette kan begynne i praksisperioden, og regionalt vert det jobba med å innføre ein felles standard for å heve veiledningskompetansen. Mangel på slik kompetanse vert ansett å bidra inn i flaskehalsen for å sikre utdanningskapasitet, og studiepoenggivende utdanning innan praksisveiledning vil dermed vere eit verkemiddel for å styrke kvalitet og kapasitet i praksisstudiar.
Fordeling av studentar
Den største praksisgruppa i føretaket er sjukepleiestudentane, som utgjorde omtrent 60% av det totale praksisplassbehovet i føretaket. Den nest største gruppa er bioingeniør-studenter, som kjem både fra NTNU Ålesund og NTNU Trondheim. For sjukepleieutdanningene har behovet for praksisplasser auka markant dei siste åra. For 2022 kunne føretaket tilby omtrent like mange praksisplassar for sjukepleiestudentar som det innmeldte ønsket frå utdanningsinstitusjonane. Dette basert på ei grundig kartlegging av praksiskapasitet og dialogmøter med seksjonsledere. For 2023 forventes eit minst like stort behov som for 2022.
Arbeidet med å utvikle kapasitet og kvalitet i praksisstudiene er viktig i spesialisthelsetenesta. Føretaket har fått særfinansiert midlar for å “håndtere økningen i antallet praksiskrevende studieplasser som ble opprettet i forbindelse med pandemien”, i prinsippet relatert til sjukepleieutdanninga. I HMR vart midlane nytta til såkornutlysing innan utdanning, kor fleire søkte om midlar til frikjøp for å ta formell praksisveilederutdanning. Midlar blei også brukt inn mot oppbygging av arealet i Kunnskapssenteret Ålesund sjukehus, kor føretaket blant annet har fått eigne areal for simulering og ferdighetstrening samt lesesalar for medisinstudentar. Vidare finansierte HMR koordinator-stillingar ved sjukehusa, i størst grad innan simulering og ferdighetstrening, men også innen praksisveiledning.
Simulering for betre pasientsikkerheit
Bruk av helsefagleg simulering og ferdighetstrening er tenkt å være eit viktig supplement til praksis også i HMR, og eit samarbeid med utdanningsaktørar er allereie etablert. I føretaksgruppa er for øvrig RegSim-Midt no etablert som ein koordinerande simuleringseining, og inn i dette arbeidet er VirtSim (HMR sin virtuelle simuleringsenhet) representert. Føremålet med RegSim-Midt er å bidra til auka bruk av ferdighetstrening og simulering for å heve kompetanse i regionen, og dette arbeidet vart offisielt påbegynt i 2022. Det vart arrangert fire instruktørkurs ved Volda og Ålesund sjukehus, noko som resulterte i 14 ferdighetsinstruktører. Denne statsinga skal breddast til SNR i 2023. 20 fasilitatorer vart utdanna i 2022, fordelt på alle sjukehusa. For 2023 håper VirtSim å utdanne enda fleire.

AIO og jordmorutdanning
Helse Møre og Romsdal auka i 2022 antal utdanningsstillingar innan anestesi, intensiv, operasjon (AIO), og jordmødre sammenlikna med 2021. Totalt blei det lyst ut 42 nye utdanningsstillinger, ein auke på heile åtte stillingar sammenlikna med fjoråret. Den største auken var innan anestesi-utdanninga. Totalt sett hadde vi praksisplassar for 49 AIO-spesialsjukepleie-studentar og 7 jordmorstudentar fordelt på våre sjukehus, dette i tillegg til videreutdanningsstudentar blant anna innan kreft og psykisk helse. Dette utgjorde totalt det høgaste antal praksisplassar innan vidareutdanning for spesialsjukepleiarar til no. Eit mål framover i regionen er at nokre av praksisveilederne i spesialeiningane har klinisk relevante mastergrader for slik å bidra inn i kliniske sterke fagmiljøer. Vidare bør det etablerast fleire kombinerte stillingar for spesialsjukepleiarar for tettere samhandling med utdanningssektoren.

LIS-utdanninga i HMR
I 2022 var det totalt 480 LIS (både LIS1 og LIS 2/3 og ALIS) i tjeneste i HMR. LIS1-tenesta hos oss er organisert felles i heile føretaket, vi er opptekne av å legge til rette for god og trygg LIS-utdanning i føretaket, og i det ligg også god LIS1-teneste. Les meir om LISAuke i tal på lærlingar
I 2022 auka også antall helsefagarbeiderlærlinger i HMR, totalt ble det tatt inn to nye på kvart av sjukehusa, ei satsing som videreførast i 2023. Vidare har føretaket også lærlingar innan ambulansefaget og innan ernæringskokk. Andre områder det er ønskjeli med lærlingar er for eksempel innen portørfaget.
Fagbiblioteket HMR i 2022

Fagbiblioteket har hatt auke i talet på utlån av eigne bøker og talet på bøker lånt inn frå andre bibliotek (fjernlån). Etter problematiske år med korona, mellom anna problem med stengde bibliotek under koronapandemien, er utlånstala på veg oppover igjen.
Det har også vore jamn auke i talet på tidsskriftartiklar som HMR ikkje har tilgang til og som har blitt bestilt frå andre leverandørar.
Det totale talet på tidsskriftartiklar som er nedlasta er stort, men er ikkje summert for 2022. Ein del av dette er talet på nedlastingar frå ClinicalKey www.clinicalkey.com
Nedlastingar frå ClinicalKey har hatt ein auke på heile 16,1 % frå 2021 til 2022.
Clinical Key i HMR | 2022 | 2021 | 2020 |
Books total | 13993 | 13935 | 11884 |
Journals total | 10898 | 7628 | 9961 |
annet | 444 | 260 | 323 |
ClinicalKey total | 25445 | 21823 | 22168 |
Styrka regional satsing
Fleire utdanningsrelaterte oppgåver vert no handsama via direktørnettverk for utdanning som har som hovudoppgåve å sørge for regional koordinering og utvikling innanfor utdanningsområdet i føretaksgruppa, og rapporterer direkte til direktørmøtet i Helse Midt-Norge. Arbeidet i nettverket er leiande for det strategiske arbeidet innan området og har bidratt til å heve fokus på utdanning og kompetanse i HMR, noko som også vil være nødvendig inn i 2023.

Sist oppdatert 14.03.2023