Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2022: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Koordinerer innføringa av desentralisert legeutdanning i Ålesund til 2023

I 2022 har samarbeidande aktørar frå Ålesund sjukehus, NTNU Ålesund og Ålesund kommune arbeidt med innføringa av desentralisert legeutdanning til Ålesund.

Publisert 07.03.2023
Sist oppdatert 09.03.2023
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Markus den Ouden (t.v.), Solveig Roth Hoff (i.m), og Solveig Bjellmo (t.h.) speler ein sentral rolle i planlegginga, koordineringa og innføringa av desentralisert legeutdanning i Ålesund til 2023.

Til hausten 2023 skal dei første medisinstudentane byrje på den desentraliserte legeutdanninga i Ålesund. 

Sjukehuset i Levanger har hatt dette desentraliserte studieløpet siden 2018, og i 2022 har samarbeidande aktørar frå Ålesund sjukehus, NTNU Ålesund og Ålesund kommune arbeidt med å innføre dette til Ålesund.

Studieløpet, betre kjent som NTNU Link​, gir studentar som har fullført dei to første åra av medisinstudiet ved NTNU Trondheim moglegheit til å ta dei neste to åra av utdanninga i Ålesund. Link-modellen har fokus på studentaktiv undervising og nær pasientkontakt i realistiske situasjonar i sjukehus og kommunehelseteneste. 

Innføringa av NTNU Link til Ålesund vil vere eit viktig tiltak for rekruttering​ av legar lokalt og nasjonalt.

- Ein meiner at desentralisert utdanning vil gi auka rekruttering av legar til distrikt—både fordi studentar blir verande der dei er utdanna, og at det styrker fagmiljøet lokalt, seier Solveig Roth Hoff, som er prosjektleiar ved NTNU og radiolog ved Ålesund sjukehus.

Saman med assisterande prosjektleiar ved NTNU og gynekolog ved Ålesund sjukehus, Solveig Bjellmo, og studiekonsulent ved NTNU Ålesund, Markus den Ouden speler dei ein sentral rolle i planlegginga, koordineringa, og innføringa av NTNU Link til Ålesund.
​​
Det tette samarbeidet mellom Ålesund sjukehus og NTNU Ålesund vil bidra til å styrke fag og kvalitet i helsetenestene, og auke kapasiteten på medisinutdanninga i Noreg.

Som ein del av prosjektinnføringa har Hoff, Bjellmo og Den Ouden gjennomført ein rekke tiltak for å rekruttere studentar til Ålesund. Mellom anna har dei i 2022 haldt informasjonsmøte om NTNU Link for medisinstudentane i Trondheim. ​

I tillegg gjennomførte dei ein organisert studietur til Ålesund i januar 2023 med mål om å gi studentane eit nærare innblikk i kvardagen på Ålesund sjukehus og NTNU Ålesund. Studentane fortalde at dei fekk eit positivt inntrykk av Link-modellen, og rosa mellom anna engasjementet til legane på sjukehuset.​​


​Hoff og Den Ouden seier dei haustar mange av erfaringane til Levanger for å kunne levere eit godt og lokaltilpassa tilbod til medisinstudentane.

- Vi er veldig glade for at vi har Levanger. Dei har vore meget villige til å dele av sine erfaringar med modellen. Undervisarane i Levanger har vore motiverte og nøgde med det dei gjer, og vi trur det skal bli det same her.​

NTNU Link er eit samarbeid mellom NTNU, Ålesund sjukehus og Ålesund kommune.

Tilbake til Årsmelding 2022: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse