Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2022: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Slik var LIS-utdanninga for 2022

Publisert 16.02.2023
Sist oppdatert 09.03.2023
introuka

Introuka for LiS1: Her øver studentene blant annet på AHLR og gipsing


I 2022 var det totalt 480 LIS (både LIS1 og LIS 2/3 og ALIS) i tjeneste i HMR.  Arbeidet med LIS-utdanning i føretaket har sidan hausten 2022 vore styrka med 0,4 stillingar fordelt på to utdanningskoordinerende overlegar i hhv 70% og 50% stilling. Dette er ein midlertidig auke planlagt til sommeren 2023. *

LIS1 (leger i spesialisering del 1, tidligere: «turnusleger»): 

Det er god LIS1 dekning i HMR, men det er ei utfordring å sikre at dei får tilstrekkelig teneste for å oppnå læringsmål ved enkelte avdelinger, både når det kjem til prosedyretid og sengepostteneste. Vi har godt samarbeid med statsforvaltaren i Møre og Romsdal for å sikre at alle LIS1 også får tilhøyrande kommuneteneste etter fullført sjukehusår.

LIS 2/3 (leger i spesialisering del 2/3):

For å komplettere kurstilbodet knytt til felles kompetansemål i HMR startar vi opp med grupperettleiing våren 2023.  Vi har fått godkjent enda fleire av våre 31 spesialistutdanningar for leger av Helsedirektoratet i 2022, arbeidet med dette fortsetter. Kurs i veiledning og supervisjon har vore gjennomført mindre av i 2022 enn planlagt grunna mangel på kursleiarar, det er kome til fleire kursleiarar mot slutten av 2022 og aktiviteten planlegges at skal tilbake til normalt nivå med 12 kurs pr kalenderår som gir samla kapasitet på 168 deltakarar. Det er behov for å rekruttere fleire kursleiarar. 

ALIS (leger i spesialisering i allmennmedisin): Det vert jobba med med styrking og formalisering av samarbeidet med kommunane gjennom formelle samarbeidsavtaler. Ein del av dette arbeidet er avhengig av ein del regionale avklaringar som truleg vil kome i løpet av første halvår 2023. Det er etablert ei fast ALIS-stilling i Ålesund som tilhøyrer smertepoliklinikk/fedmepoliklinikk. Vidare er det starta eit samarbeid med Volda sjukehus og tilhøyrande kommunar for å forsøke å etablere eit fast tilbod på medisinsk avdeling i Volda til ALIS. 

Organisasjon: Arbeidet med implementering av LIS-utdanning etter spesialistforskriften frå 2019 er eit kontinuerleg arbeid, og det erkjennes å framleis vere eit stort informasjonsbehov i organisasjonen knytta til endringar i innhald, gjennomføring og regelverk. Vurderingskollegium er i varierande grad tatt i bruk og vi er usikre på i kor stor grad det blir gjort kompetansevurdering av dei enkelte læringsmål før dei godkjennast. Styringsgruppa for LIS-utdanning er videreført med 2-3 møter per år. Det er utdanningsansvarlege overlegar omtrent i alle fagfelt på alle sjukehusa, men stor variasjon i korleis arbeidet er organisert. Det blir planlagt ein gjennomgong av dette i 2023. Det vert gjennomført nokre årlege digitale UAO-møter i føretaket (møtepunkt mellom UKO og UAOer).

Meir informasjon om våre LIS utdanninger finner du her: Leger i spesialisering (LIS) - Helse Møre og Romsdal (helse-mr.no) 

Les meir om introveka