Leger i Spesialisering 1
Introuka for nye LIS1 gjennomført
Eit innblikk i dei fem dagane i introveka for LIS i 2022
- Det var utrolig gøy å møte alle LIS1 som var hos oss i 2022! En kjempefin gjeng som kommer til å bidra positivt i HMR, seier koordinator for introuka Anita Kvendseth.
I mars 2022 kom 48 nye LIS1 til HMR fordelt på dei fire sjukehusa. Gjennom introukene er det mange ulike arrangement, alt frå smittevern, rutiner ved prøvetaking, EQS intro, til simulering og forskingsforståelse.
Kva skjer i intrveka?
-Ordinær oppstart i LIS1-stillingar ved våre sjukehus er 1.mars og 1.september kvart år. Dei siste fem virkedagane før dette er det obligatorisk introduksjonskurs for alle nytilsette LIS1 ved alle sjukehusa våre, forklarer Jørgen Jareld som utdanningskoordinerende overlege.
Dei to første dagane av introveka er mykje av undervisninga felles i heile foretaket. LIS1 møter ved det sjukehuset dei er tilsett og sit saman med kollegaene sine der. Desse dagene er noko av undervisninga digital, medan noko er fysisk. Dei tre siste dagane er all undervisning fysisk ved kvart sjukehus, og dei får då også møte fleire av legane de skal jobbe saman med det neste året. For mange er dette første møte med HMR og dei er ferske innflyttarar til Møre og Romsdal.
LIS1 har ikkje påbegynt ei spesialisering i ein bestemt spesialitet, men har som formål å opparbeide grunnleggande kliniske ferdigheiter.
Fagleg inspirasjon
-Eg trur dei nye LIS1 synes det faglege opplegget er fint, men tilbakemeldingane er at det aller viktigaste er at dei blir tatt godt i mot på den nye arbeidsplassen sin, fortel Anita. Anita bruker mykje tid på at dei nytilsette skal føle seg velkomne i føretaket og gler seg alltid til å møte dei nyutdanna legane.
Sist oppdatert 16.02.2023