Simulering i forsking:
Forskar på intakt navlesnor også for keisarsnitt
Studier har vist at sein avnavling kan ha positiv helseeffekt for bornet. Ved hjelp av mellom anna simulering skal ei nye studie undersøkje om stabilisering av nyfødde med intakt navlesnor er gjennomførbart, trygt og akseptabelt ved keisarsnitt, samanlikna med vanlig avnavlingspraksis.
Medan det tidlegare var vanleg å klippe navlestrengen rett etter at bornet vart fødd, vart anbefalinga i 2013 endra til at ein bør vente minst 1-3 minutt før ein føretek avnavlinga.
Ph.d.-stipendiat og jordmor Elisabeth Sæther ved Ålesund sjukehus er initiativtakar tilden nyleg oppstarta kliniske studien på avnavlingspraksis ved keisarsnitt. Studia skal undersøke om forløysing av morkaka med intakt navlesnor og fysiologibasert avnavling er gjennomførbart, trygt og akseptabelt ved planlagte og akutte keisarsnitt, både for mor, barn og personale.
-Intervensjonane i studien skal samanliknast med ei historisk kontrollgruppe, frå ei periode då vanleg praksis var avnavling etter 1-2 minutt (før morkaka vart forløyst). Ved fysiologibasert tilnærming ventar ein med avnavling til etter at barnet pustar regelmessig og navlesnora har slutta å pulsere. Fysiologibasert avnavling er alleeie vanleg praksis i vaginale fødslar, også i dei tilfella barnet treng respirasjonsstøtte.
-Den nye studien involverer både føde-/barsel-/gyn-, nyfødt-intensiv-, operasjon-/anestesi- og intensiv seksjonane ved Ålesund sjukehus, med Helse Møre og Romsdal som ansvarleg helseføretak.