Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i augesjukdommar ved Ålesund sjukehus

Frå augeinngrep på dagkirurgen i Ålesund.

Frå augeinngrep på dagkirurgen i Ålesund.


Avdelinga har behandlingstilbod innan augesjukdommar til pasientar på Sunnmøre og dekker med det eit folketal på om lag 150 000. For nokre funksjonar, til dømes ROP-screening av premature barn, dekker vi heile foretaket som vil seie et folketal på omkring 260 000. For vaksne disponerer vi ei seng i felles kirurgisk sengepost, men det er stor fleksibilitet i bruk av senger basert på kva vi har behov for til ei kvar tid. Innlagde barn ligg på barneavdelinga. Pasientar er innlagde hos oss i samband med nokre tilfeller av akuttilstandar, overflytting frå andre sjukehus samt etter nokre kirurgiske inngrep.

Aktiviteten vår går for det meste i polikliniske konsultasjonar og dagkirurgiske inngrep. Vi utfører mellom 1000-1300 dagkirurgiske inngrep kvart år, og det er ei nyare felles dagkirurgisk eining ved sjukehuset som nyttast til dette. Kirurgiske inngrep som blir utført er kataraktoperasjonar, diverse okuloplastiske inngrep, tårevegskirurgi, pterygium kirurgi, EDTA-behandling av kornea, glaukomkirurgi (XEN-implantat), samt eviscerasjoner, strabismeoperasjonar og botox behandling av strabisme.
Størstedelen av den daglege aktiviteten vår er likevel ved poliklinikken der vi har om lag 13 000 polikliniske konsultasjonar kvart år. Alle legar har kvart sitt faste, godt utstyrte kontor der òg dei polikliniske undersøkingane skjer. Kvart kontor er mellom anna utstyrt med spaltelampe, direkte og indirekte oftalmoskop, skiaskop og skiaskopistavar, prismer, eit rikt utval kontaktglass, samt visustavle, brillekasse og ei rekke diagnostiske testar. 

Injeksjonsbehandling skjer i eige rom i tilknytning til poliklinikkarealet og vi har stor aktivitet her med rundt 2500 årlege injeksjonar. Injeksjonspoliklinikken er i hovudsak sykepleier dreven. LIS legane vil imidlertid også få opplæring i intravitreal injeksjon. Vi tilbyr og botoxbehandling av hemifascial spasme og liknande tilstandar, der også LIS lege får sleppe til. Vi driv eit screening-fundusfotoprogram for diabetikarar, der bileta dels vært vurdert av sjukepleier og dels av legar. Opplæring for LIS i tolking av angiografi bilder skjer etter rotasjon. Vi har tilsett ein ortoptist i 100%-stilling som og bidreg i opplæring av våre LIS. I tillegg har vi ein optikar i 50 % stilling. 

Vi har 6 overlegestillingar og 2 LIS-stillingar hos oss. Vaktturnus kan variere, men for tida vil du som LIS lege ha vakt èin fast vekedag, samt kvar 5.helg. Vaktordninga baserer seg i stor grad på heimevakt kveld og natt.

Vi har elles ein stor utstyrspark hos oss for å kunne handtere dei fleste tilstandar og problemstillingar. Det kan mellom anna nemnast autorefraktor/keratometri, Plusoptix, Retinomax, autoforopter, pachymetri, optisk biometer (IOL Master), SD-OCT, ultralyd B-scan, autoperimetri (Estermann, Humphrey C24 - 2), Harms vegg, digitalt utstyr for fundusfoto inkludert autofluorescens, fluorescein- og ICG angiografi, YAG/SLT-laser, funduslaser, laser for fotodynamisk behandling, samt cyclodiodelaser.​

Du får gjennomført det meste av spesialistutdanning ved sjukehuset. Det er nokre læringsmål vi ikkje tilbyr opplæring i ved våre sjukehus og dette må du derfor til universitetssjukehus for å gjere. Dette gjeld mellom anna tema knytt til kirurgisk behandling av netthinnesjukdommar og kornea, men også spredte læringsmål innen andre deler av oftalmologien. Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er på 18 månader og vi har avtale om samarbeid med St. Olavs hopsital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste.

I starten får du ei omvisning i avdelinga og innføring i rutiner, jounalsystemet og dei datasytema vi nyttar. Etter kvart starter du opp med eigne pasienter. Mengden vil avhenge av tidlegare erfaring. Dersom du ikkje har auge-erfaring fra før, vil det bli sett av god tid til å følge andre legar i poliklinikken, før du etter kvart, i løpet av dei første vekene, får ei gradvis auke i antal eigne pasientar. Pasientmengde blir til ei kvar tid tilpassa LIS legen sin kompetanse og erfaring. Du har ikkje vakt den første veka, men deretter deltek du i vanleg vakt. Vi forventar utstrakt bruk av bakvakt den første tida, særleg dersom du er fersk i faget.

Vi har internundervisning to dagar i veka. Mandager er det videoundervisning med St. Olav og dei andre augeavdelingane i regionen. Onsdagar har vi tradisjonell internundervisning sjølve. Begge dagar varer undervisninga i 45 minutt. Utdanningsutvalet set opp halvårlig program for internundervisning som tek utgangspunkt i  obligatorisk kurs for spesialistutdanninga som skal avviklast det gjeldende halvår. På den måten sikrar vi at alle områda av faget blir belyst i løpet av ei normal spesialiseringstid, i tillegg til at undervisninga fungerer som førebuing til kurs. Både LIS og overlege deltek aktivt med bidrag til internundervisninga. Dette kan vere vanleg forelesning, artikkelgjennomgang, kasuistikkgjennomgang, prosedyrer eller innlegg frå eksterne aktørar som til dømes Blindeforbundet og hjelpemiddelsentralen.

Kvar haust har vi fagdag for alle tilsette med faglege innlegg som ein del av programmet.

Det er felles internundervisning for heile sjukehuset ein time kvar første fredag i månaden. Avdelingane bytter på å halde innlegg på denne undervisninga.

Hovedarena for ferdighetstrening for LIS er i den daglege aktiviteten ved poliklinikken, inkludert vaktarbeid. Vi har variert og god pasienttilgang som gir deg gode høve til å få erfaring med både dei vanlegaste og meir sjeldne augesjukdommane. Ved supervisjon og eigeninnsats kan du trene opp ferdigheter når det gjeld ulike varianter av undersøkelsesteknikk, ulike former for laserbehandling, intravitreale injeksjonsbehandling, samt småkirurgiske inngrep som blir gjort i poliklinikken. Etter kvart får du og opplæring i dagkirurgiske inngrep, i hovudsak innan okuloplastikk. Avhengig av interesse, kapasitet og behov, kan ytterlegare kirurgisk opplæring bli aktuelt mot slutten av spesialiseringa. Du vil elles få tilgang til å assistere på inngrep i henhold til aktuelle læringsmål. I enkelttilfeller innvilger vi og deltaking på kurs med innslag av wet lab.

Vi er eit lite og oversiktleg miljø der vi alle arbeider tett i lag. Den beste læringa skjer i aktivt pasientarbeid. Kvar vekedag er det ein overlege som har fast supervisjonsansvar for LIS på poliklinikken. Desse dagane har overlegen redusert timeliste for å ha god tid til supervisjon. Du har og alltid tilgang til å konferere med annen overlege enn supervisør ved spesielle problemstillingar.

Etter ei tid hos oss får du opplæring på operasjonsstua og det blir då sett av faste operasjonsdagar der du er saman med overlege.

Du får også opplæring i injeksjonsbehandling av erfaren kollega. 


​Veil​edning

Du får tildelt rettleiar når du startar. Det blir sett av tid til rettleiing ein time kvar månad i timeboka slik du og rettleiar blir einige om.

Fagleg fordjupning

Det er sett av 4 timar til fagleg fordjupning kvar veke. Vi har eit eige avdelingsbibliotek som kan nyttast. Du har og tilgang til ei rekke større internasjonale oftalmologiske tidsskrift som elektronisk abonnement via Helsebiblioteket. Her har du og tilgang til UpToDate. Sjukehuset har lisens til Clinical Key der du har tilgang til fleire titalls e-bøker innenfor oftalmologi. Gjennom barneavdelinga har du tilgang til London Dysmorphology Database. 

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Augeavdelinga er for tida inkludert i eit forskningsprosjekt i regi av St Olavs hospital, med rekruttering av pasienter til ein studie knytta til behandling og oppfølgingsstrategiar ved våt AMD. 

Foretaket har ei eiga forskingsavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt.

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er tilsette i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet utgjerast av ein spesialist og ein LIS, og har mellom anna ansvar for å planlegge den teoretiske opplæringa i avdelinga. LIS-lege får kome med innspel til oppsett av internundervisninga. Utdanningsutvalet har ansvar for å føre oversikt over deltakelse ved undervisning og følge opp dette.

Det er eigen YLF-tillitsvalt for våre LIS. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanningen ta kontakt med:
Sigrun Ringdal Pedersen, medisinsk faglig rådgiver, augeseksjonen i Ålesund
Silje Johanne Farstad, seksjonsleder, augeseksjonen i Ålesund​


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.






Sist oppdatert 11.06.2023