Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i barnesjukdommar ved Ålesund sjukehus

Barne- og ungdomsavdelinga i Ålesund.

Barne- og ungdomsavdelinga i Ålesund.

Barneavdelinga i Ålesund er lokalisert i eit eige barnesenter som ligg på sjukehusområde med gangbru til sjølve sjukehuskroppen.
Sengepostane våre har ansvar for alle i aldersgruppa på Sunnmøre samt delar av Romsdal, til saman om lag 40 000 barn i alderen 0-18 år. Fem veker i året, i samband med feriestening i Kristiansund, har vi ansvar for alle barna i fylket. Barneavdelinga dekker heile feltet frå premature sjuke nyfødde ned til svangerskapsveke 26 og opp til 18 år, med alle indremedisinske tilstander som blir behandla i spesialisthelsetenesta i denne aldersgruppa, inklusive det som er spesifikt for barn og ungdommar. Vi har og pleieansvar for kirurgiske pasientar i same aldersgruppe, der vi og bidreg med tilsyn og rådgjeving etter forespørsel.
I barnesenteret blir det innlagt om lag 1 550 pasientar for medisinske tilstander, inklusive nyføddintensiv, og om lag 650 barnekirurgiske barn kvart år. Poliklinikken i Molde, Volda og Ålesund har samla omkring 11 000 polikliniske konsultasjonar samt omkring 550 dagbehandlingar. Legegruppa dekker i tillegg behov for legetenester ved Habilitering for barn og unge i aldersgruppen 0-18 år og ved Barnehuset i Ålesund. I Molde er ein spesialist fast tilknytt poliklinikken der med ansvar for barselvisitt. I tillegg kjem spesialist frå Ålesund to dagar per veke. Tilsvarande dekker spesialist barselvisitt og poliklinikk to dagar per veke i Volda.

Som LIS vil du ta del i det daglege arbeidet på sengepost, nyfødd intensiv, poliklinikk og dagpost hos oss. Vi har lagt opp til hospitering på seksjon for habilitering i løpet av tenesta.
Barneavdelinga i Ålesund har 2 LIS1-stillingar, 8 LIS-stillingar og 13,5 spesialiststillingar. I tillegg har vi to spesialistar som roterer i stillingar ved avvikling av permisjonar.
LIS hos gåri 8-delt tilstadevakt der vaktdøgnet er delt i to. Det er 7-delt generell bakvakt og 5-delt tertiærvakt for neonatolog. 

Hos oss deltek du, etter opplæring, i varierte oppgåver ved alle seksjonar ved avdelinga med gradvis aukande ansvar og kompleksitet i oppgåvene. Du har visittansvar både på sengepost for store barn og på nyføddintensiv heilt frå starten av tilsettinga for å auke kompetansen inn mot vaktarbeid. Som LIS startar du med sjølvstendig poliklinikk etter 3 måneder, ofte med enkle pediatriske problemstillingar den første tida, med moglegheit for fordjuping i spesialfelt ved meir erfaring. Det blir lagt opp til parallell poliklinikk med subspesialist for fordjuping i enkelte fagfelt. Det er og lagt opp til hospitering på barnehabiliteringa, som er ein del av vår avdeling. Med teneste hos oss vil du kunne få oppfylt dei aller fleste læringsmåla i fagfeltet utanom akutt onkologi og nyføddmedisin for premature under svangerskapsveke 26.

Det er behov for 18 måneder teneste ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i foretaket. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetsjukehus om slik teneste.

Før du startar hos oss vil du få tilsendt introduksjonsmappe med informasjon om avdelinga. Etter at du starter får du tildelt rettleiar. Du vil ha gjennomgang med alle seksjonsleiarane om dei enkelte seksjonane slik at du blir kjent med dei og oppgåvene dine der. Du vil i tillegg få ein rettleiar som er neonatolog. Den har ansvar for å lære deg opp i praktiske ferdigheter og prosedyrer som gjeld nyføddmedisin det første halve året. Du vil få åtte følgevakter før du startar i sjølvstendig vakt.

Det er laga oversikt over tema for internundervisning som er knytt til spesifikke læringsmål og går etter eigen rotasjon som gjentek seg etter om lag 2,5 år. Mykje av undervisninga er felles for Kristiansund og Ålesund.
Vi har lagt inn 120 minutt internundervisning per veke. Dette utgjerast av 45 minutt kvar tirsdag og torsdag morgon. I tillegg er det satt av 30 minutt kvar onsdag for faglege møter ilag med andre avdelingar ved sjukehuset og internt i avdelinga, bortsett frå fjerde onsdag i måneden som er sett av til rettleiing.


Det blir lagt til rette for at LIS får delta på to årlige nasjonale kurs tilsvarande 10 arbeidsdagar totalt. Dersom ein har fritt foredrag eller anna innlegg på møter/kurs leggast det og til rette for permisjon og støtte til dette .

To gonger i året arrangerer vi akuttveke. Då trener vi på fleire ulike scenarier for både akutt sjuke store barn og nyfødde.
Vi har kvart år gjennomgang av medisinsk teknisk utstyr (med nokre unntak) for praktisk trening og utsjekk. Det er i tillegg planlagt regelmessige dagar med ferdighetstrening med rettleiing i ulike prosedyrer.

Vi er eit lite og oversiktleg miljø og jobbar tett i lag ved alle seksjonar, samt ved felles legemøter. Det er dermed lett tilgang på spesialist eller meir erfaren LIS i løpet av dagen. Supervisjon vert gitt som direkte tilbakemeldingar av legar og sjukepleiarar ved previsitt, visitt, parallellpoliklinikk samt ved personlig oppfølging på vakter.

Det blir oppnemnd rettleiar til deg før du startar og både du og rettleiar blir informert om dette. Ved oppstart vil du få ein kartleggingssamtale. Det er sett av tid til rettleiing fjerde onsdag kvar månad, men det er gode høve for samtale med rettleiar utanom dette.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Vi har ein spesialist med norsk doktorgrad og ein som held på med doktorgradsarbeid, og vi har og ein LIS-lege med doktorgrad. Avdelinga har fleire større og mindre forskningsprosjekt i aktivitet, nokre på nasjonalt nivå. Både overlegar og LIS-legar oppfordrast til å vere med i forskingsarbeid.

Føretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i føretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. ​

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet består av ein spesialist og ein LIS. Utvalet har ansvar for organisering av internundervisning, tildeling av rettleiar og informasjon til nytilsette.

Avdelinga har ein tillitsvalt for LIS og ein for spesialistar. Det er og tillitsvalt for YLF på sjukehus- og foretaksnivå.

Christine Vaksdal Nilsen, seksjonsleiar legar Molde, Volda og Ålesund.


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 02.05.2023