Spesialisering i blodsjukdommar ved Ålesund sjukehus
Vår avdeling er ei fullseksjonert avdeling med alle dei indremedisinske spesialitetane som eigne seksjonar og den største indremedisinske avdelinga i fylket. Med dette dekker vi eit nedslagsfelt på om lag 100 000, men for nokre fagfelt dekker større område frå 150 000 til 260 000 innbyggjarar. Avdelinga har 72 senger og til saman. Vi fungerer som ei felles avdeling med felles morgonmøter, internundervisning og vaktordning. Det er ingen seksjonerte vakter hos oss og alle deltek i den generelle indremedisinske vaktordninga, men vi har ei beredskapsordning for dei ulike spesialitetane. Ved avdelinga er vi 25 overlegar og 15 LIS-legar.
LIS-legane går i 14-delt vaktordning med vaktdøgnet delt i to. Vi startar no opp med ei ordning der det er to LIS-legar på vakt delar av ettermiddag og tidleg kveld. Dagvakta på kvardagar varer dermed til kl 20, medan nattevakt på kvardagar startar kl 15. I helgene er det dagvakt til kl 19 og nattevakta startar kl 18. Overlegane har 20-delt bakvaktsordning med heimevakt. Primærsjiktet utgjerast av LIS1-legar. Det er om lag 20-30 innleggingar pr døgn, og også ei stor mengd pasientar som blir avklart i akuttmottaket. Prehospitale EKG blir vurdert av vakthavande LIS-lege. Vaktarbeidet er variert og gir gode høve til ferdighetstrening med handhaldt ultralyd, elektrokonvertering og akuttmedisinske vurderingar. Sekundærvakt på medisinsk avdeling er og leiar av fleire akuttmedisinske team som stansteam, MET-team og slagteam.
Hematologisk seksjon har 3 overlegar og 1-2 LIS-legar. Vi har ansvaret for det hematologiske behandlingstilbodet på Sunnmøre, som utgjer eit folketal på omkring 150 000 innbyggjarar. Seksjonen har eigen sengepost med 8 senger som er samlokalisert med Kreftavdelinga, og her behandler vi både hematoonkologiske pasientar og anna hematologi. Vi har og eit bredt poliklinisk tilbod. Dagen hos oss startar med felles morgonmøte med røntgendemonstrasjon og deretter undervisning før postarbeid og poliklinikk tek til. Som LIS vil du delta i både postarbeid, poliklinikk og relevante prosedyrer. Mykje av arbeidet vårt er også rådgjeving til andre indremedisinske seksjonar og avdelinger ved sjukehuset, elles i foretaket og til fastlegar. Hos oss møter du eit stort spekter av hematologiske pasientar, frå dei heilt enkle til dei mest alvorlege maligne blodsjukdommane der tid er avgjerande for behandlingsreslutatet. Vi har pasientar i alle aldersgrupper, og god blanding av kronikarar og pasientar vi berre møter nokre gonger.
Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vi reknar med at du treng om lag 3,5 år på å få oppfylt alle læringsmåla som hører til del 2. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring blir du knytt meir til vår seksjon og får fordjupe deg i det hematolgiske faget.
For læringsmål vi ikkje tilbyr treng du teneste ved universitetssjukehus. Det er planlagt 24 månader spesialiseringsperiode som og inkluderer 6 månader ved ein onkologisk lymfomseksjon. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste.
Når du startar hos oss får du eit tilpassa introduksjonsprogram avhengig av tilegare erfaring. Dette inkluderer innføring i daglege rutinar, prosedyrer, vaktarbeid og IT-opplæring. Du får tildelt rettleiar og vil og få ein «mentor» i LIS-gruppa som du kan kontakte etter behov for alle moglege praktiske spørsmål du måtte ha den første tida. Du får følgevakter etter eigen plan før du startar i sjølvstendige vakter.
Internundervisning for heile avdelinga skjer i samband med morgonmøtet 4 dagar i veka og utgjer 120 timar i året. Internundervisninga er basert på eit 3-årleg undervisningsprogram som dekker læringsmål for LIS 2/3-utdanning i indremedisin. Overlegar og LIS-legar vekslar på å halde innlegg ved internundervisninga. Det er og felles undervisning for heile sjukehuset ein time kvar månad. Vi har i tillegg 1,5 time eigen internundervisning kvar veke.
Som LIS får du moglegheit til å delta på minst to nasjonalt anbefalte kurs innan spesialiteten kvart år.
Vi har årleg praktisk oppdatering i AHLR og MTU (medisinsk-teknisk utstyr) for alle legar. I tillegg trener vi regelmessig på slagteam og MET-team. Det er tilgang til modell for spinalpunksjon.
Avdelinga vår er ikkje stor og du vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Det er dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god.
Du vil dagleg få supervisjon av ansvarleg overlege ved sengepost, spesialist på poliklinikken og av bakvakt.
Rettleiing og fagleg utvikling:
Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss og både du og rettleiar har eit felles ansvar for at rettleiing blir gjennomført. Det er lagt opp til rettleiing første måndag i månaden. I tillegg kan det av og til bli arrangert grupperettleiing.
Det er sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timer per veke i arbeidsplanen.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Vi har ei LIS-stilling som er 50% forsking og 50% klinikk. Det er og fire legar ved avdelinga som har PhD, samt ein i PhD-løp. Sjukehuset har eigen forskingspost som er leia av ein av våre legar tilsett i ei post-doc stilling. Dei ulike seksjonane deltek i varierande grad i regionale og nasjonale forskingsprosjekt, og nokre av seksjonane har og eigne forskingsprosjekt.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.
Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med
Robert Brudevold, seksjonsoverlege - tlf 70 10 50 00
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.