Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i blodsjukdommar ved Kristiansund sjukehus

Vi har ei felles indremedisinsk avdeling som dekker behandlingstilbodet til indremedisinske pasientar på Nordmøre, om lag 60 000 innbyggjarar. Ved avdelinga er det 8 LIS-legar og 7 overlegar. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin, nyremedisin, hematologi og geriatri. Alle deltek i ordinær felles generell indremedisinsk vaktordning med heimevaktordning både for LIS- og overlegar. Primærsjiktet dekkast opp av LIS1-legar

Hematologi utgjer ein del av den medisinske avdelinga, men vi er ikkje ein eigen seksjon. Det er ein hematolog ved avdelinga. Aktiviteten både på sengepost og poliklinikk er likevel høg og vi handterer mykje kvardagshematologi i tillegg til at vi og diagnostiserer meir sjeldne tilstandar og følgjer opp kronikarar og alvorleg sjuke hematologiske pasientar. Som LIS vil du delta i både postarbeid, poliklinikk og relevante prosedyrer. Mykje av arbeidet vårt er også rådgjeving til andre indremedisinske seksjonar og avdelinger ved sjukehuset og til fastlegar. Vi har pasientar i alle aldersgrupper, og god blanding av kronikarar og pasientar vi berre møter nokre gonger.

Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vi reknar med at du treng om lag 3,5 år på å få oppfylt alle læringsmåla som hører til del 2. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring blir du knytt meir til vår seksjon og får fordjupe deg i det hematolgiske faget.

For læringsmål vi ikkje tilbyr treng du teneste ved universitetssjukehus. Det er planlagt 24 månader spesialiseringsperiode som og inkluderer 6 månader ved ein onkologisk lymfomseksjon. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste.

Når du startar hos oss får opplæring i IT-verktøy for prosedyrer og nødvendig opplæring i bruk av relevante dataprogram du treng. Du får og tildelt rettleiar. Du får og opplæring i vaktarbeid før du blir sett i sjølvstendig vakt.

Den teoretiske undervisninga skjer i samband med morgonmøtet og utgjer 90 minutt i veka. I tillegg har vi eigen undervisning i seksjonen som til dels er felles med andre sjukehus i regionen.

Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Vi har trening av MET-team kvar månad og har og regelmessig trening i AHLR.

Avdelinga vår er ikkje stor og du vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Det er dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god. Det er supervisjon i det daglege arbeidet ved previsitt, visitt og poliklinisk teneste. Vi har daglege problemmøter der vi diskuterer praktisk behandling, vitskap og faget i stor bredde. Du blir opplært i å gjere rede for detaljerte og ofte vanskelege problemstillingar, aktivisere deg til lesing og anna fagleg oppdatering, samt å kunne grunngje eigne val og meiningar frå ein fagleg og vitskapleg ståstad. Supervisjon i prosedyrer skjer ved praktisk trening og diskusjonar. Alle legane ved avdelinga tek del i desse aktivitetane.

Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss og både du og rettleiar har eit felles ansvar for at rettleiing blir gjennomført. Det er lagt opp til rettleiing kvar månad. I tillegg kan det av og til bli arrangert grupperettleiing.

Det er sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timer per veke i arbeidsplanen

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Det er ingen med PhD-grad på avdelinga. Vi har heller ingen eigne aktive forskingsprosjekt. Det er eiga forskingsavdeling i Ålesund som vi nyttar etter behov.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Overlege i hematologi Tarjei Rønning, tlf 70 12 00 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023