Spesialisering i blodsjukdommar ved Molde sjukehus
Sjukehuset vårt er eit godt differensiert lokalsjukehus. Medisinsk avdeling i Molde er ei seksjonert avdeling med behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin, hematologi, infeksjonsmedisin og endokrinologi til befolkninga i Romsdal som utgjer om lag 65 000 innbyggjarar som aukar til om lag 100 000 når det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal blir ferdig. Ved avdelinga har vi 41 senger og 6 plassar på intensivavdelinga. Kvart år har vi om lag 3600-3800 innleggingar og 15 000 polikliniske konsultasjonar. Vi er 13 overlegar og 10 LIS-legar ved avdelinga. Det er felles indremedisinsk vaktordning der LIS-legane går i eige vaktsjikt med todelt vaktdøgn heile veka. Primærsjiktet dekkast opp av LIS1-legar og vi har til ei kvar tid 10 LIS1-legar ved avdelinga. Sekundærvakt på medisinsk avdeling er og leiar av fleire akuttmedisinske team som stansteam og MET-team.
Hematologisk seksjon har 1 overlege og 1-2 LIS-legar. Akkurat no er også ein LIS-lege konstituert overlege i 50% stilling. Vi har ansvar for det hematolgoske behandlingstilbodet til befolkninga i Romsdal, og samarbeider spesielt tett med det hematologiske miljøet i Kristiansund, men og i Ålesund og ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Seksjonen har felles sengepost med fordøyelsessjukdommar. Poliklinisk har vi stor bredde i pasientgruppene. Ved seksjonen utgreier vi alle leukemiar ved beinmargspunksjon og beinmargsbiopsi, samt vurdering av blod- og beinmargsutstryk. Vi gjer og spinalpunksjon for diagnostikk og for intrathecal behandling. Alle kronisk leukemiar blir behandla her, samt også enkelte akutte leukemiar hos eldre. Myelomatose vert og diagnostisert og behandla her. For lymfomdiagnostikk- og behandling gjerast dette i samarbeid med universitetssjukehus etter nasjonale retninslinjer. Langtidsoppfølginga skjer likevel hos oss. Vi gjer elles utgreiing av alle benigne hematologiske tilstandar, samt all anemiutgreiing som ikkje er relatert til GI-tractus. Blødertilstandar blir utgreia og behandla i samarbeid med Rikshospitalet når det er nødvendig. Poliklinikken har tilbod om venesectio for pasientar med hemokromatose og polycytemi.
Dagen hos oss startar med felles morgonmøte med røntgendemonstrasjon og deretter undervisning før postarbeid og poliklinikk tek til. Som LIS vil du delta i både postarbeid, poliklinikk og relevante prosedyrer. Mykje av arbeidet vårt er også rådgjeving til andre indremedisinske seksjonar og avdelinger ved sjukehuset og til fastlegar. Hos oss møter du eit stort spekter av hematologiske pasientar, frå dei heilt enkle til dei mest alvorlege maligne blodsjukdommane der tid er avgjerande for behandlingsreslutatet. Vi har pasientar i alle aldersgrupper, og god blanding av kronikarar og pasientar vi berre møter nokre gonger.
Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vi reknar med at du treng om lag 3,5 år på å få oppfylt alle læringsmåla som hører til del 2. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring blir du knytt meir til vår seksjon og får fordjupe deg i det hematolgiske faget.
For læringsmål vi ikkje tilbyr treng du teneste ved universitetssjukehus. Det er planlagt 24 månader spesialiseringsperiode som og inkluderer 6 månader ved ein onkologisk lymfomseksjon. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste.
Når du startar hos oss får opplæring i IT-verktøy for prosedyrer og nødvendig opplæring i bruk av relevante dataprogram du treng. Du får og tildelt rettleiar seinast tre veker etter oppstart. Det er to veker vaktfri og deretter tre følgevakter før du startar med sjølvstendig vaktarbeid.
Vi har organisert internundervisninga ved vår avdeling med 45 minutt internundervisning kvar tirsdag og onsdag morgon. Ein gong kvar veke er det felles internundervisning for alle legar ved sjukehuset. Ved vår seksjon er det i tillegg eigen undervisning 2 timar kvar veke i tillegg til undervisning i prosedyrer og mikroskopi.
Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.
Vi har trening av MET-team kvar månad og har og regelmessig trening i AHLR.
Avdelinga vår er ikkje stor og du vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Det er dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god.
Du vil dagleg få supervisjon av ansvarleg overlege ved sengepost, spesialist på poliklinikken og av bakvakt.
Rettleiing og fagleg utvikling:
Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss og både du og rettleiar har eit felles ansvar for at rettleiing blir gjennomført. Det er lagt opp til rettleiing første onsdag kvar månad. Ved fråvær av rettleiar eller LIS-lege finn ein andre tidspunkt. Saman med rettleiar har du ansvar for å oppdatere og følgje din individuelle utdannigsplan.
Det er sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timer per veke i arbeidsplanen.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Vi har inga eiga forskingsavdeling ved sjukehuset, men nyttar forskingsavdelinga i Ålesund ved behov. Vi har likevel eit aktivt forskingsmiljø ved sjukehuset i ei eiga lita forskingseining som har tilsett ein post-doc som konsulent. Fleire av legane har delte stillingar mellom foretaket og NTNU. Ein av overlegane ved avdelinga er i gang med eit PhD-løp.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege, i tillegg til medisinsk leiar etter behov. Utvalet fungerer og som utdanningsutval for dei ulike seksjonane og representantar frå dei ulike spesialitetane er og medlemmer av utvalet.
Utdanningsutvalet skal ivareta utdanningsbehov for legar i avdelinga. Utvalet har ansvar for oppsetting av program for internunderisning og for å sjå til at undervisninga fungerer etter intensjon. Utdanningsutvalet oppnemner rettleiarar og skal ha oppsyn med at rettleiinga fungerer for dei enkelte LIS-legane.
Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med
Per Arne Standal, seksjonsoverlege
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.