Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i endokrinologi ved Volda sjukehus

Medisinsk avdeling er ei felles indremedisinsk avdeling med behandlingstilbod til innbyggjarane på Søre Sunnmøre som utgjer om lag 50 000. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin og endokrinologi. Vi har og tilsett ein hematolog som er ferdig med si spesialisering i 2020. Avdelinga har til saman 30 senger og er inndelt i einingar etter fagfelt, men det er og mykje generell indremedisin ved alle einingane. Ved avdelinga er vi no 7 overlegar og 9 LIS-legar. Det er felles indremedisinsk vaktordning der LIS går døgnvakt med heimevaktordning og fri etter vakt. Overlegane dekke bakvaktsjiktet og har og heimevaktordning. Primærvakt dekkast av LIS1-legar.

Avdelinga kan dekke alle læringsmål i del 2 felles indremedisin og du roterer på avdelinga for å kunne få oppfylt desse.

Det endokrinologiske miljøet ved avdelinga er ikkje stort, vi har ein spesialist og ein LIS som spesialiserar seg i endokrinologi. Det meste av arbeidet er poliklinisk arbeid. Den store mengda av pasientbehandling er kvardagsendokrinologien, men vi utgreier også meir sjeldne endokrinologiske tilstander. Nokre undersøkingar må gjerast ved andre sjukehus i føretaket eller regionen. På sengeposten er vi samlokalisert med slageiniga, og det er i tillegg ein del generell indremedisin blant problemstillingane på sengeposten.

Når du startar vil du, avhengig av tidlegare erfaring, vanlegvis den første tida bruke mest tid på del 2 felles indremedisin før du blir meir fast tilknytt vår seksjon for å fordjupe deg i det endokrinologiske faget. Du får oppgåver på sengepost og poliklinikk tilpassa din kompetanse med supervisjon og opplæring frå spesialist. Du vil få mengdetrening i dei vanlege endokrinolgiske tilstandene som diabetes type 1 og 2 og thyroideasjukdom, men og eit visst innblikk i fleire av teamene innan endokrinologien.

Du vil trenge rotasjonsteneste til enten sjukehuset i Ålesund eller Molde for å oppfylle læringsmål vi ikkje tilbyr hos oss. Det vil og vere behov for spesialiseringsperiode på 18 månader ved universitetssjukehus for å delta på hypofysemøter, binyre- og hypofysekirurgi, samt for å få stort nok voulm og erfaring i dei litt meir sjeldne tilstandane. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste.

Når du startar hos oss får du introduksjonskurs og opplæringsperiode med fokus på rutinar, prosedyrer, vaktarbeid og dataprogram før du startar i sjølvstendig vakt. Du får og tilbod om basale kurs innanfor ultralyd og enkel ultralyd cor på vakt.

Internundervisning skjer i samband med morgonmøtet 4 dagar i veka og utgjer 120 timar i året. Internundervisninga er basert på eit 3-årleg undervisningsprogram som dekker læringsmål for LIS 2/3-utdanning i indremedisin. Overlegar og LIS-legar vekslar på å halde innlegg ved internundervisninga. Det er og felles undervisning for heile sjukehuset ein time kvar månad.

Du får fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Det er lite av våre tilstandar som er egna for simulering utanom akuttilstandar. Den beste treninga får du dagleg arbeid med pasientar. Kvar andre månad er trening i MET-team og slagteam. Vi har årleg AHLR-trening. Kvart halvår er det kurs i praktisk ultralyd på vakt (kardiologi, gastro, lunge).

Vi er ein liten seksjon og arbeider svært tett ilag. Det gir god tilgang på supervisjon i alt arbeidet du som LIS-lege gjer og det er lav terskel for å be om hjelp. Dette gjer og at det er god tilgang på både formelle og uformelle møter og samtaler med spesialist og rettleiar.

Vi vil samarbeide om inneliggande pasienter med felles previsitt og visitt. Ved poliklinikken er det moglegheit for diskusjon både før, under og etter konsultasjonen.

Du får tildelt rettleiar ved oppstart og det er sett av tid til rettleiing kvar månad.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Det er ingen med PhD-grad på avdelinga. Vi har heller ingen eigne aktive forskingsprosjekt. 

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Seksjonsoverlege Randi Revheim, tlf 70 10 50 00

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023