Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Ålesund sjukehus
Vi har 10 spesialistar og 8 LIS. Ein av overlegane og ein LIS3 har PhD og har nyleg fått tildelt såkornmidlar til eit nytt prosjekt.
Som LIS hos oss vil du rotere kvar 6. månad mellom fødeavdelinga og gynekologisk avdeling, det er 4 LIS på kvar avdeling. Vi tilstreber å følge ein aktivitetsplan for LIS slik at arbeidsoppgåvene blir så likt fordelt mellom LIS-legane som mogleg. Det er ønskeleg med ein operasjonsdag kvar veke når LIS-legane er i rotasjon til gynekologisk avdeling.
Ved vår avdeling kan du få oppfylt dei fleste av læringsmåla innan spesialiteten. Vi reknar med du vil trenge minimum tre år teneste for dette. Du treng og eit år med kirurgisk teneste. I vårt foretak kan dette gjerast i Volda, Ålesund eller Molde. I tillegg til dette treng du 18 månader spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i vårt foretak. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus.
Det kan også vere aktuelt med hospitering ved nokre av dei andre fødeavdelingane i foretaket for å få meir mengdetrening på nokre prosedyrer som det blir kø for hos oss, til dømes rutineultralyd i svangerskap saman med jordmor. Vi samarbeider og med andre avdelingar på sjukehuset for nokre av læringsmål, til dømes kirurgisk avdeling, medisinsk avdeling og røntgenavdelinga.
På fødeavdelinga har vi bekkenfantom og fødselsfantom slik at du sjølv, og saman med andre, kan øve på operative vaginale forløysningar. Kvar vår og haust er det to «akuttdagar» der alle legar skal delta ein gong kvart år. Her går vi igjennom og simulerer akutte obstetriske hendingar saman med jordmødre og barnepleiarar. Ein gong årleg skal alle legane på avdelinga delta på undervisning om nyføddresucitering saman med neonatallegane. Det er regelmessig undervisning om elektronisk fosterovervåking med jordmødre som ein del av internundervisninga.
Vi har D-boks for praktisk trening i laparoskopi og vi følger blant anna øvelsane til FUGO sitt prosjekt «Boksen går» der alle LIS skal ha gjennomført «Winners project» og «Boksen går» del 1 før ein blir sett opp som hovedoperatør ved laparoskopisk kirurgi.
Som LIS arbeider du alltid tett med spesialist og meir erfarne LIS-legar. Det er alltid meir erfaren kollega å spørre om råd og hjelp der du er. På dagtid er det alltid ein spesialist som er bakvakt på føden som kan kontaktast ved obstetriske problemstillingar og ein erfaren LIS /spesialist på gynekologisk avdeling som kan kontaktast ved gynekologiske problemstillingar. På vakttid har spesialist også tilstadevakt og kontaktast med lav terskel for råd og supervisjon.
Fordjupningstid tilsvarande 4 timer pr veke framgår av arbeidsplanen. Fleire dagar leggast etter kvarandre slik at du i løpet av 8 veker som vaktturnusen går over, har du ei veke med 4 fordjupningsdagar og ein klinisk dag. Fordjupningsdagane er vanlege arbeidsdagar og du må vere tilstade på sjukehuset desse dagane.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Ein av overlegane og ein LIS3 har PhD og har nyleg fått tildelt såkornmidlar til eit nytt prosjekt.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet består av ein overlege og ein LIS. Overlegen er utdanningsansvarleg overlege og leiar utdanningsutvalet. Utdanningsutvalet organiserer internundervisning og arbeider med kvalitetsforbetring av utdanninga.
Avdelinga har eigen YLF-tillitsvalt som saman med tillitsvalt for overlegane og seksjonsleiar ivaretar interessene til dei tilsette. Det er i tillegg eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.