Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Kristiansund sjukehus
Nye LIS blir tatt godt imot ved avdelinga og tek straks del i alle arbeidsoppgåver. Arbeidet skjer under rettleiing og supervisjon og blir gradvis tilpassa arbeidsmengde og ansvarsområde etter den enkeltes evne og kapasitet. Det blir tilrettelagt for og tilstrebast at du som LIS får kome i gang med nasjonale anbefalte kurs så tidleg som mogleg.
Simulering og ferdighetstrening i nyføddresucitering arrangerast kvar sjette månad der jordmødre, barnepleiarar og legar deltek. Det kjem då tilsette frå neonatal intensiv i Ålesund som held undervisninga. Ved årlege akuttdagar trenar vi ulike akuttsituasjoner. Avdelinga har og ein D-box til laparoskopitrening.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Vi har per i dag inga forskingsaktivitet i avdelinga.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet består av ein overlege og ein LIS. Det er overlege som leiar utdanningsutvalet. Utvalet har som hovudoppgåve å planlegge internundervisning og arbeide med kvalitetsforbetring av utdanninga.
Avdelinga har eigen YLF-tillitsvalt og det opplevast at interesser blir ivaretatt på ein god måte. Det er lav terskel for kontakt med tillitsvalt ved avdelinga ved behov. Det er elles og YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.