HELSENORGE

Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Molde sjukehus

​Om avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar, Molde

Avdeling for Fødselshjelp og kvinnesjukdommar Molde er ei lita og oversiktleg avdeling, med 5 overleger og 2 LIS.

Den kliniske aktiviteten foregår ved gynekologisk poliklinikk, svangerskapspoliklinikken, kreftpoliklinikken, operasjonsavdelinga og føde/barselavdelingen. Vi deler gynekologisk sengepost med kirurgi/ortopedi og har nokre sengeplassar til rådigheit for våre inneliggande gynekologiske pasientar. 

Gynekologisk poliklinikk og svangerskapspoliklinikk foregår i hovudsak på dagtid. Fleire dagar i veka er det også poliklinikk der det blir gjort tidlig ultralyd og rutineultralyd av egne ultralydjordmødre.

Planlagt kirurgi gjøres to faste dagar i veka, samt øvrige ukedagar for akutte inngrep. Det er fokus på minimalt invasiv kirurgi og dagkirurgi. 

Om utdanningsløpet

Molde sjukehus er eit lokalsjukehus med generell gynekologisk aktivitet og fødeavdeling, og derfor er det hensiktsmessig for ferske LIS å starte utdanninga her. Du får raskt god oversikt over heile faget, og jobbar tett med overlegane. Ved rotasjon til universitetssjukehus må det leggast vekt på å få meir erfaring med fødselshjelp, da mengdetreninga ikkje er stor ved ei lita fødeavdeling. 

Du treng om lag 3 år i foretaket for å kunne få oppfylt alle læringsmåla vi kan tilby her. I tillegg treng du eit år med kirurgisk teneste som kan gjerast i Molde, Ålesund eller Volda. Det er planlagt med 18 månader spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i vårt foretak. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus. Vi samarbeider og med andre avdelingar på sjukehuset for nokre av læringsmål, til dømes kirurgisk avdeling, medisinsk avdeling og røntgenavdelinga. 

Introduksjon av nye LIS

Nye LIS blir tatt godt imot ved avdelinga og får innføring i vanlige arbeidsoppgåver. Arbeidet skjer under rettleiing og supervisjon og blir gradvis tilpassa arbeidsmengde og ansvarsområde etter den enkeltes evne og kapasitet. Det blir tilrettelagt for og tilstrebast at du som LIS får kome i gang med nasjonale anbefalte kurs tidlig i utdanninga.

Internundervisning og kurs

Det er laga ei felles undervisningsliste for heile foretaket der tema som skal vere gjennomgått i løpet av ei 2-års periode framgår. Lista er revidert for også å vere tilpassa læringsmåla for ny spesialitetsstruktur.

Det er planlagt internundervisning saman med avdelinga i Kristiansund. I tillegg er det sett av tid til undervisning og trening i nyføddresucitering med instruktørar frå andre sjukehus. Alle legar skal delta på akuttdagar og nyføddresucitering.

Simulering og ferdighetstrening

Simulering og ferdighetstrening i nyføddresucitering arrangerast kvar sjette månad der jordmødre, barnepleiarar og legar deltek. Det kjem då tilsette frå nyfødt intensiv i Ålesund som held undervisninga. Ved årlege akuttdagar trenar vi ulike akuttsituasjoner. 

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Avdelinga er lita og oversiktleg og vi arbeider alle tett ilag. Det er overlege som har ansvar for å koordinere utdanninga ved avdelinga tilpassa nasjonale retningslinjer. Supervisjon vil foregå ved at du alltid har ein meir erfaren kollega, enten meir erfaren LIS eller spesialist, tilgjengelig for konferering og tilsyn ved gjennomføring av prosedyrer der det er ønskeleg eller nødvendig. 
Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss, rettleiar er spesialist. Det er sett av tid til månadleg rettleiing.

LIS har to fordjupningsdagar på til saman 16 timar kvar månad.  

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi har per i dag inga forskingsaktivitet i avdelinga.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet består av felles utdanningsansvarlig overlege for Molde og Kristiansund og ein LIS frå kvart sykehus. Det er overlege som leiar utdanningsutvalet. Utvalet har som hovudoppgåve å planlegge internundervisning og arbeide med kvalitetsforbetring av utdanninga.

Tillitsvalde

Avdelinga har felles YLF-tillitsvalt for Molde og Kristiansund, og det opplevast at interesser blir ivaretatt på ein god måte. Det er lav terskel for kontakt med tillitsvalt ved avdelinga ved behov. Det er elles og YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Johan Kippervik, overlege, avdelingssjef



Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?