Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Volda sjukehus
Avdelinga vår er ei lita fødeavdeling, men fordi det er få LIS-legar har du god tilgang på prosedyrer og vanlege tilstandar. Du treng om lag 3 år i foretaket for å kunne få oppfylt alle læringsmåla vi kan tilby her. Du vil trenge noko tid ved avdelinga i Ålesund for å kunne få oppfylt dine læringsmål. I tillegg treng du eit år med kirurgisk teneste som kan gjerast i Volda, Ålesund eller Molde. Det er planlagt med 18 månader spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i vårt foretak. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus. Vi samarbeider med kirurgisk avdeling på sjukehuset for nokre av læringsmåla. Du vil og bli godt kjent med røntgenavdelinga og medisinsk avdeling som vi samarbeider godt med for ulike problemstillingar, sjølv om du ikkje har noko tjeneste ved desse avdelingane.
Når du startar som LIS hos oss blir du tatt godt imot og raskt inkludert og sett inn i arbeidsoppgåvene. Dei første 8 vekene er di viktigaste oppgåve å følge jordmor på flest mogleg normale fødslar. Du har ein lang arbeidsdag per veke, men ingen vakter i denne perioda. Utanom oppfølging av normale fødsler, følger du rettleiar eller ein av dei andre spesialistane i det daglige arbeidet. Etter kvart får du gradvis tildelt meir sjølvstendig arbeid.
Avdelinga legg til rette for at du som LIS får delta på nasjonale kurs du treng for å bli spesialist.
Vi har ein D-box (simulator for laparoskopisk trening) som vi deler med kirurgisk avdeling. På føden har vi fantomtrening for å øve på bruk av tang og vakuum ved forlyøsingar. To dagar i året trener vi på akutt obstetrikk med jordmødrene og to dagar i året trener vi med barnelegane på neonatal resuicitering.
Avdelinga er lita og oversiktleg og vi jobbar alle tett ilag. Supervisjonen blir tilpassa LIS sin tidlegare erfaring og faglege utvikling. Du vil alltid ha spesialist tilgjengeleg å konferere med eller få hjelp til pasientbehandlinga av.
Du får tildelt rettleiar når du startar, rettleiar er spesialist. Det er sett av tid til månadleg rettleiing, men det er lav terskel for oftare uformell og formell kontakt med rettleiar. LIS 3 har fast veileder som er overlege. Veiledning månedlig og ellers ved behov. Utdanninga skal fortløpande dokumenterast i Kompetanseportalen og rettleiar følger opp dette ilag med deg.
Du får sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar per veke.
Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.
Det er for tida ikkje noko pågåande forskningsaktivitet ved avdelinga.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Avdelinga sitt utdanningsutval utgjerast av LIS og rettleiar. Utdanningsutvalet skal organisere internundervisning og bidra til kvalitetsforbetring av utdanninga.
LIS er sjølv tillitsvalt i avdelinga. Sjukehuset er lite og oversiktleg og sjukehuset har eigen hovedtillitsvalt for YLF som kontaktast etter behov og vil ofte fungere som felles tillitsvalt for alle LIS-legar på sjukehuset. Det er og eigen YLF-tillitsvalt på foretaksnivå.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Idunn Myklebust, seksjonsoverlege.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.