Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i fordøyelsessjukdommar i Helse Møre og Romsdal
Alle tre sjukehusa i føretaket har spesialistar i fordøyelsesjukdommar med ansvar på sengepostar, poliklinik og gastrolabar. Det blir gjort vanlege endoskopiske prosedyrer (både elektive og akutte) ved alle gastrolabane, samla nesten 10 000 prosedyrer i året. Tilbodet i føretaket er breidt og vi handterer dei aller fleste problemstillingane i faget. Samarbeidet på tvers av avdelingane er godt, både når det gjeld pasientbehandling og fagleg utvikling.

Dei meir spesialiserte prosedyren er delvis funksjonsfordelt. ERCP gjerast ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) og Ålesund sjukehus. Kapselendoskopi blir gjort ved SNR og Ålesund. Manometri gjerast ved SNR og Ålesund, medan enteroskopi berre gjerast ved SNR. Det gastroenterologiske miljøet i Ålesund har og høg kompetanse på ultralyd, som ved dei andre sjukehusa blir gjort av radiologar.
Det er LIS-utdanning ved alle våre tre sjukehus, men då det er ulikt kva tilbod som er ved dei ulike sjukehusa, er det og variasjon i kva læringsmål du kan få oppfylt ved dei ulike sjukehusa. I tillegg til utdanninga vi tilbyr i helseføretaket er det nødvendig med teneste ved universitetssjukehus i 18 månader for å få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr. Vi har og avtale med Rikshospitalet om 3 veker hospitering for læringsmål knytt til transplantasjon.
Spesialisering i fordøyelsessjukdommar ved Volda sjukehus
Spesialisering i fordøyelsessjukdommar ved Ålesund sjukehus
Spesialisering i fordøyelsessjukdommar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal