Spesialisering i fordøyelsessjukdommar ved Kristiansund sjukehus
Vi har ei felles indremedisinsk avdeling som dekker behandlingstilbodet til indremedisinske pasientar på Nordmøre, om lag 60 000 innbyggjarar. Ved avdelinga er det 8 LIS-legar og 7 overlegar. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin, nyremedisin, hematologi og geriatri. Alle deltek i ordinær felles generell indremedisinsk vaktordning med heimevaktordning både for LIS- og overlegar. Primærsjiktet dekkast opp av LIS1-legar.
Den gastroenterologiske eininga utgjerast av 2 overleger og 1 LIS-lege. I tillegg har vi og andre LIS-legar i rotasjon for generell indremedisin og del 2 felles indremedisin. Vi disponerer 6 senger i avdelinga i lag med noko generell indremedisin. Vi har høg endoskopisk aktivitet og gjer om lag 2000 endoskopiske prosedyrer i året.
Det er eit bredt utdanningstilbod i foretaket slik at dei fleste læringsmål kan oppfyllast i Helse Møre og Romsdal. Utanom tida du treng for å oppfylle del 2 felles indremedisin, vil du trenge om lag 18 månader for å kunne oppfylle dei læringsmåla vi har tilbod om. Du må pårekne teneste ved avdelinga i Ålesund i til saman 1 månad før du er klar for teneste ved universitetssjukehus. Korleis dette organiserast vil vi saman med deg planlegge i utdanningsplanen din. Vi har avtale med St. Olavs hospital i Trondheim for spesialiseringsperiode på 18 måneder for å dekke dei læringsmåla vi ikkje tilbyr i Møre og Romsdal. Det er og lagt opp til 3 veker hospitering ved transplantasjonseininga på Rikshospitalet for å dekke læringsmål relevante for oppfølging av levertransplanterte.
På poliklinikken vil det være stort fokus på at du skal tilegne deg ferdigheter i dei praktiske prosedyrene som i stor grad definerer vår spesialitet. Når du startar hos oss får du grundig innføring av skophandtering og alle viktige funksjonar for å kunne bruke skopa. Du får og opplæring i rutiner ved biopsitaking. Du vil og bli opplært i vaskerutiner av skop.
Gastroskopi
Du må først observere 20-30 undersøkingar gjort av erfaren lege før du sjølv får starte den praktiske opplæringa. Då startar du med enkle prosedyrer, med gradvis progresjon mot sjølvstendige gastroskopiar, og det er alltid en overlege til stade ved dei første 50 undersøkingane. Seinare gjer du sjølvstendige undersøkingar under føresetnad av at annan erfaren lege er lett tilgjengeleg ved behov. Etter at du har tilegna deg basal teknikk (etter 100 – 150 utførte undersøkingar), får du målretta opplæring i terapeutisk skopi (ballongdilatasjon, injeksjonsteknikk, fjerne fremmedlegemer, hemostatiske prosedyrer, polypektomier).
Koloskopi
Basal handtering av skop, tilsvarande opplæringa gitt under gastroskopi skjer først. Den praktiske opplæringa startar vanlegvis etter at du har vist at du behersker gastroskopi. Basal koloskopiteknikk lærast under nøye supervisjon. Det skal vere overlege til stade under de første 50 undersøkingane, seinere utførast gradvis meir sjølvstendige prosedyrer under føresetnad av at overlege er lett tilgjengelig. Ved nedre endoskopi får du spesiell innføring i dei ulike tarmtømmingsprosedyrene, bruk av spylemekanismer for reingjering av tarm, bruk av UPD-skopeguide, diatermi, biopsering, polypektomiteknikker inkl. EMR, kromoendoskopi (Indigocarmid og virtuell kromoskopi ved NBI) og bruk av klips.
Ultralyd
Du får først ei basal innføring i apparatet og alle funksjonar, inkludert doppler. Deretter øver du på korrekt behandling av proben, probeposisjonar og kva ei basal undersøking skal innehalde, korleis du best får fram dei beste bileta for å vurdere både parenchymatøse organ, tarm og sirkulasjon. Etter kvart lærer du og ultralyd av GI-tractus og lever/portalsirkulasjonen, samt elastografi. Du får opplæring i ultralyd av dine kolleger i fordøyelsessjukdommar i Ålesund.
pH / pH-impedans – i øsofagus
Du får innføring i teorien bak desse undersøkingane, både indikasjonar, kontraindikasjonar og korleis tolke resultatet. Du deltek deretter i praktisk gjennomføring. Då lærer du kalibrering av sonde, korrekt nedlegging av sonde og korrekt innstilling av Ohmega R advanced.
Pusteprøve:
Du får innføring i teorien bak undersøkinga, både indikasjonar, kontraindikasjonar og korleis tolke resultatet. Du deltek deretter i praktisk gjennomføring.
ERCP
Du får innføring i teorien bak undersøkinga, både indikasjonar, kontraindikasjonar. Deretter får delta ved gjennomføring av prosedyra, men det ikkje intensjon at du skal lære dette sjølvstendig. Det er noko du eventuelt kan lære deg seinare, men er ikkje eit krav i spesialiseringa.
Enteroskopi
Du får innføring i teorien bak undersøkinga, både indikasjonar, kontraindikasjonar Deretter får delta ved gjennomføring av prosedyra, men det ikkje intensjon at du skal lære dette sjølvstendig. Det er noko du eventuelt kan lære deg seinare, men er ikkje eit krav i spesialiseringa.
Når du startar som LIS hos oss, og ikkje har noko erfaring frå før, vil du oftast starte med generell rotasjon for å dekke læringsmål i del 2 felles indremedisin før du etter kvart blir meir stasjonert hos oss. Dette er likevel fleksibelt og kan bli annleis.
Avdelinga har eige opplæringsopplegg for nytilsette der du både blir kjent med avdelinga, seksjonen og våre rutiner. Du får og opplæring i dataprogram og IT-verktøy for prosedyrer. Du får følgevakter før du starter i sjølvstendige vakter. Når desse kjem er avhengig av di tidlegare erfaring.
Du får og tildelt rettleiar når du startar.
Når du etter kvart kjem til oss vil vi tidleg starte med praktiske prosedyrer og poliklinisk arbeid under tett opplæring og supervisjon, og arbeidsoppgåvene blir tilpassa den faglege kompetansen din.
Kvar veke har vi tilsaman 1,5 time med internundervisning for heile avdelinga der både LIS-legar og overlegar vekslar på å halde innlegg og der alle fagområde er inkludert. Vi deltek på internundervisning på Skype med dei andre gastromedisinske miljøa i foretaket to gonger kvar veke, ein gong for kasuistikkmøte og ein gong med ordinær undervisning. Undervisning knytt til dei ulike læringsmåla vil bli fulgt opp at blir gjennomført.
Ingen av sjukehusa våre har utstyr for simulatortrening. Vi vil derimot legge til rette for du som LIS får reise på simulatorkurs så tidleg som mogleg etter oppstart. Avdelinga har elles regelmessig trening av MET-team, AHLR-trening og praktisk øving i bruk av utstyr relevant for vaktarbeid. Som LIS hos oss får du raskt mengdetrening i dei vanlege prosedyrene våre under tett supervisjon frå spesialist.
Vi er ein liten seksjon og vi jobbar alle tett ilag. Det er dermed god tilgang på formell og uformell kontakt med spesialist for oppfølging. Som LIS hos oss vil du ha arbeidsoppgåver både på sengepost og poliklinikk. Previsitt skjer i lag med overlege, visitt av og til under supervisjon. Det er alltid overlege tilgjengelig for råd og hjelp i løpet av dagen. I tillegg til endoskopisk poliklinikk vil du også ha konsultasjonspoliklinikk, 2 – 4 timer kvar andre veke med supervisjon frå overlege.
Den praktiske prosedyrerelaterte undervisninga skjer dagleg, alt etter korleis arbeidssituasjonen tillet det. Du bør derfor fortløpande registrere prosedyrene dine i Kompetanseportalen.
Du få tildelt rettleiar når du startar som er spesialist i fordøyelsessjukdommar. Det blir satt av tid kvar månad til formell rettleiing, men det er lett tilgang på samtaler utanfor dette tidspunktet. Ved rettleiing vil mellom anna fagleg utvikling og progresjon i forhold til læringsmåla bli diskutert.
Det er avsett tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar kvar veke i arbeidsplanen.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Det gastroenterologiske miljøet i foretaket har i dag 1 spesialist med doktorgrad som er tilsett i post-doc stilling i Ålesund. Han er og leiar for forskingsposten på Ålesund sjukehus. Elles har vi 1 spesialist i Molde og 1 spesialist i Ålesund som begge er i PhD-løp. Det er gode moglegheiter for deltaking i forskingsprosjekt ved alle sjukehusa og også høve til å hospitere ved forskingsposten i kortare perioder.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Avdelinga har eit utdanningsutval som utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlegen som er leiar av utdanningsutvalet. Dette utvalet planlegg internundevisninga på avdelinga, lagar opplæringsopplegg for nye LIS-legar og passar på at alle får rettleiar ved oppstart. Hvert sykehus har utdanningsutvalg i indremedisin, vanligvis en overlege og en LIS.
Vi har ikkje hatt tradisjon for eige utdanningsutval i fordøyelsessjukdommar, men vi arbeider for å etablere eit eige utdanningstuval på tvers av sjukehusa.
Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.
For spørsmål om spesialiseringa, kontakt:
Overlege Ellen Melsom, tlf 71 12 00 00
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.