Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i fysikalsk medisin og rehabilitering ved Volda sjukehus

Ved Mork rehabiliteringssenter er det tilsett ein spesialist i 100 % stilling. Her er og moglegheit for ein LIS-lege. Vi gir tilbod om rehabilitering til ulike diagnosegrupper, men hovudvekten er pasientar med følgetilstand etter hjerneslag. Det er eit bredt tverrfagleg samarbeid ved senteret.
 
Lege har beredskapsvakt til kl 21 på kvardagar.

Hovuddelen av utdanninga skjer ved Ålesund sjukehus, både på sengeposten og poliklinikken. Det blir og lagt til rette for at inntil 1 år kan gjennomførast ved Mork rehabiliteringssenter. Ved Mork rehabiliteringssenter kan tjeneste på inntil eit år vere med på å gi grunnlag for å oppfylle læringsmål innan rehabiliteringsledelse, metoder for utredning og rehabilitering ved ulike problemstillingar og rehabilitering ved erverva hjerneskade.

Som LIS-lege skal du vere minst 1 år på poliklinikken. Der vil du kunne oppnå læringsmål innan tema bevegapparatet, smerte, fysisk aktivitet, nervesystemet med fleire.

På sengeposten er du minst 6 månader på kvart av teama. Der vil du kunne oppnå læringsmål innan rehabiliteringsledelse, metode for utredning og rehabilitering ved ulike problemstillingar, rehabilitering ved dei ulike diagnosegruppene med fleire.
 
Du vil trenge teneste i 12 månader ved eit anne fagfelt og du kan då velgje mellom ortopedi, indremedisin, revmatologi og nevrologi. Dersom du har teneste frå eit anna fagfelt før du startar som LIS hos oss vil vi saman med deg gjere ei vurdering av kva teneste utanfor vårt fagområde som vil vere naudsynt. 

Du vil kunne få oppfylt dei fleste læringsmåla for spesialiteten i Ålesund, men det er og behov for 6 månaders spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å oppnå læringsmål knytt til rehabilitering av pasientar med erverva hjerneskade og spinalskade. Dette er organisert som hospitering i to bolkar som kvar er på 3 månader. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim for slik teneste. Til tross for dette reknar vi med at du i løpet av 5 års teneste totalt skal vere ferdig med spesialiteten din. 

Som ny LIS får du opplæring av ansvarleg overlege på poliklinikken eller sengeposten. Du vil etter kvart delta i tverrfaglege team og gjere fleire oppgåver sjølvstendig. Det er laga skriftleg informasjon til nye tilsette, samt interne informasjonsskriv og prosedyrer som du får når du startar. Du vil og få informasjon om og opplæring i våre eigne pasientforløp.

Vi har sett av tid til to undervisningstimer kvar torsdag utanom ferieveker. Tema for internundervisninga baserer seg på læringsmål og sentrale tema innan spesialiteten. Det er obligatorisk å delta på denne undervisninga for alle legar når vi er på jobb. Callingen kan du gi til ein overlege under undervisninga. Både LIS og overlegar bidreg med innlegg til internundervisninga. Det vil kome på plass ein langtidsplan for teoriundervisning som skal sikre strukturert og planmessig gjennomgang av dei sentrale emna i faget over ei periode på 2-3 år.
Det er organisert nasjonal fjernundervisning 10 gonger i året som videoundervisning via Norsk Helsenett. Denne skal og LIS hos oss delta på.
Som LIS-lege er det fleire nasjonale kurs det er nødvendig at du deltar på for å få spesialiteten din. Du får fri til å delta på to nasjonale kurs pr år. I tillegg oppfordrer vi til at du deltek på kurs internt på sjukehuset/i foretaket.

I samband med internundervisning blir det lagt til rette for praktisk ferdighetstrening på kvarandre, med gjennomgang av undersøkelsesteknikk og injeksjonsteknikk. Det er elles gode moglegheiter for at du er saman med overlege eller meir erfaren LIS ved undersøking av pasientar både på sengeposten og poliklinikken.

Vi er ei lita og oversiktleg eining der vi alle raskt blir kjent med kvarandre. Det er både tradisjon og lav terskel for å drøfte problemstillingar internt og spørre kvarandre om råde. Supervisjon til deg som LIS blir gitt i direkte tilknytning til arbeids- eller læringsoppgåver både i sengeposten og poliklinikken. 

Du får tildelt rettleiar når du startar, og saman med din rettleiar lagar dokke din individuelle utdanningsplan. Det vil framgå faste tidspunkt for samtale med rettleiar på arbeidsplanen din, og dette skal vere minst ein gong pr månad. I tillegg til faste tidspunkt for rettleiing, vil det vere god tilgang på både uformell og formell kontakt med rettleiar etter behov. Rettleiar deltek i vurderinga om du oppfyller dei ulike læringsmåla.

Det leggast til rette for fagleg fordjupning tilsvarande 4 timar per veke.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Som LIS-lege vil du få høve til å delta i aktuelle forskingsprosjekt på avdelinga eller i forskingsprosjekt som utgår frå andre avdelingar, eventuelt ved anna sjukehus som til dømes St. Olavs Hospital i Trondheim. Vi har ein pensjonert spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering med PhD som fortsatt bidreg med å gi rettleiing i forskingsprosjekt. Elles vil du som LIS-lege bli oppfordra til å delta på interne kurs på sjukehuset om forsking, og tema innan internundervisning omhandlar og forskingsmetodikk. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsseksjonen og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. ​

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Alle legane hos oss er medlem i utdanningsutvalet, som blir leia av ein overlege. Det er møter 1-2 gongar pr halvår og då samlast alle legane i Ålesund.

Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelinga som ivaretar interessene dine på best mogleg måte. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Steinar Gjærde, avdelingssjef

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023