Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Offentleg utdanningsplan

Spesialisering i gastroenterologisk kirurgi i Helse Møre og Romsdal

Gastrokirurgi er ein allsidig spesialitet som omfattar behandling av alle aldersgrupper og ei rekke tilstander. Det er ei god blanding av akutt og elektiv verksemd og stor variasjon i arbeidsdagen. Vi likar å vere gastrokirurgar og få jobbe med heile spekteret av sjukdomsbilete og aldersgrupper. Dagane er aldri kjedelege og det er eit privilegium å få jobbe med dette faget – og med kollegaene i heile foretaket. Vi håper akkurat du vil kome til Møre og Romsdal og bli ein del av vårt fagmiljø! Det blir vi glade for.

Illustrasjonsbilete

I Helse Møre og Romsdal er det blautkirurgiske avdelingar ved sjukehusa i Volda, Ålesund og Molde. I Kristiansund er det eit stort urologisk tilbod, men ikkje øvrig blautkirurgi og ikkje kirurgisk vakttilbod. Vi er organisert i Klinikk for kirurgi. Alle dei tre sjukehusa med blautkirurgi har og gastrokirurgi, som er den største delen av alle avdelingane.

LIS-utdanning skjer både i Volda, Ålesund og Molde. Det er noko variasjon i kva behandlingstilbod som er ved dei ulike sjukehusa og derfor også noko variasjon i kva læringsmål du kan få opplæring i mellom sjukehusa. Dette heng ilag med funksjonsdeling mellom sjukehusa. Den mest differensierte avdelinga er i Ålesund og der er det behandlingstilbod innan alle dei blautkirurgiske spesialfelta utanom plastikkirurgi. Plastikkirurgi er sentralisert til avdelinga i Molde. Det er elles gastrokirurgisk og urologisk behandlingstilbod ved alle sjukehusa. Innan gastrokirurgien er det meste av  kirurgi ved coloncancer sentralisert til Ålesund og Molde, men noko gjerast og i Volda. Kirurgi ved rektumcancer er sentralisert til Ålesund. Vi har eit tett samarbeid om kreftpasientane våre i fylket.

Du får oppfylt dei fleste læringsmåla i spesialiteten i vårt foretak, men du treng og teneste på universitetssjukehus for å dekke læringsmål vi ikkje tilbyr i foretaket.

Spesialisering i gastroenterologisk kirurgi ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i gastroenterologisk kirurgi ved Molde sjukehus

Spesialisering i gastroenterologisk kirurgi ved Volda sjukehus

Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Sist oppdatert 24.04.2023