Spesialisering i gastroenterologisk kirurgi ved Volda sjukehus
Når du startar hos oss blir du tatt godt imot og introdusert i avdelinga! Du får omvisning og nødvendig opplæring i rutiner, prosedyrer og dataprogram du skal bruke. Deretter blir du raskt sett i arbeid der overlege alltid er tilgjengelig for spørsmål. Du får og opplæring i vaktarbeid før du startar sjølvstendige vakter, også nødvendig opplæring i ortopediske prosedyrer nødvendig for vaktarbeid.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Det er ingen legar i avdelinga med PhD-grad. Foretaket har ei forskingsavdeling i Ålesund og vi bruker denne ved behov. Det er god tilgang på elektroniske tidsskrift i foretaket. Vi har ikkje noko pågåande forskingsprosjekt i avdelinga no. LIS blir oppmoda til å drive enkle registreringsarbeid, kvalitetsforbedringsprosjekt, eller skrive artiklar og ha innlegg på kirurgisk haustmøte eller andre faglege møter.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningutvalet ved avdelinga er sett saman av 2 overlegar (ein generell/ gastrokirurg og ein ortoped) og 2 LIS (ein i blautdelskirurgi og ein i ortopedi). LIS er involvert i organisering og forbetring av LIS- utdanninga gjennom arbeidsgrupper og vil i framtida vere involvert gjennom revisjonsarbeid, der tilbakemeldingar frå LIS vil bety mykje. Utdanningsutvalet skal sørge for at det blir lagt til rette for at LIS kan oppnå læringsmål, at LIS får rettleiing og vurdering, og utarbeide internundervisningsplan.
Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.
For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Seksjonsoverlege Olav Skjærpe Brattli, tlf 70 10 50 00
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.