Spesialisering i generell indremedisin ved Molde sjukehus
Del 2 indremedisin
Del 3 indremedisin
Når LIS startar hos oss, får legen eit tilpassa introduksjonsprogram avhengig av tidlegare erfaring. Dette inkluderer innføring i daglege rutinar, prosedyrar, vaktarbeid og IT-opplæring. Legen får tildelt rettleiar og vil og få ein «mentor» i LIS-gruppa som kan kontaktast etter behov for alle moglege praktiske spørsmål ein måtte ha den første tida. Legen får følgevakter etter eigen plan før ein startar i sjølvstendige vakter. Legen får opplæring i orienterande ultralyd av hjerte og lunger, opplæring i NIV/high-flow oksygen, thoraxdrenasje og AHLR-kurs ved oppstart.
Medisinsk avdeling har MET-simulering i akuttmottaket ein gong i månaden og arrangerer MET-kveld for LIS-gruppa kvart halvår med gjennomgang av fleire simuleringar. Det er regelmessig trening i AHLR for alle leger.
Rettleiing og fagleg utvikling
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Avdelinga har inga eiga forskingsavdeling ved sjukehuset, men nyttar forskingsavdelinga ved Ålesund sjukehus ved behov. Vi har likevel eit aktivt forskingsmiljø ved sjukehuset i ei eiga lita forskingseining som har tilsett ein post-doc som konsulent. Fleire av legane har delte stillingar mellom helseføretaket og NTNU. To av overlegane ved avdelinga er i gang med eit PhD-løp.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet er sett saman av ein overlege og ein LIS. Det er overlegen som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.
Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.