HELSENORGE

Spesialisering i generell indremedisin ved Volda sjukehus

Om medisinsk avdeling i Volda

Medisinsk avdeling er ei felles indremedisinsk avdeling med behandlingstilbod til innbyggjarane på Søre Sunnmøre som utgjer om lag 50 000. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjartesjukdommar, blodsjukdommar, lungesjukdommar og endokrinologi. Avdelinga har til saman 30 sengeplassar. Avdelinga er useksjonert, men er inndelt i tre einingar etter fagfelt. Det er og mykje generell indremedisin ved alle einingane. Ved avdelinga er vi no 9 overlegar, 1 konstituert overlege og 12 legar i spesialisering. Det er felles indremedisinsk vaktordning med tre vaktsjikt. Primærvakt dekkast av LIS1. LIS2 går mellomvakt frå ettermiddag til neste morgon. Dei har heimevaktordning på natt og fri etter vakt. Overlegane dekker bakvaktsjiktet og har og heimevaktordning. Vi har organisert vaktene i eigne vaktveker slik at du får stabile veker med samanhengande postteneste. 

I og med organiseringa vår får du ei svært brei erfaring med i praksis heile fagfeltet indremedisin under heile spesialiseringa, frå akutte indremedisinske problemstillingar (som apoplexia cerebri og STEMI) til palliative pasientar.

Avdelinga kan dekke alle læringsmål i del 2 felles indremedisin og du roterer på avdelinga for å kunne få oppfylt desse.

Om utdanningsløpet

Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vi reknar med at du treng om lag 3,5 år på å få oppfylt alle læringsmåla som hører til del 2. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring får du meir krevande oppgåver slik at du også kan få oppfylt læringsmål for del 3 indremedisin. Vi reknar med at du treng om lag 2 år på å få oppfylt alle læringsmåla i del 3. Sidan vi manglar spesialistar i fagområdene infeksjonsmedisin, geriatri og nyremedisin og også har litt lite volum av enkelte diagnosegrupper, vil du trenge 1,5 år teneste ved sjukehuset i Ålesund for å få oppfylt alle læringsmåla i spesialiteten.

Introduksjon av nye LIS

Når du startar hos oss får du introduksjonskurs og opplæringsperiode med fokus på rutinar, prosedyrer, vaktarbeid og dataprogram før du startar i sjølvstendig vakt. Du får og tilbod om basale kurs innanfor ultralyd og enkel ultralyd cor på vakt.

Internundervisning og kurs

Den teoretiske undervisninga skjer i samband med morgonmøtet og utgjer 100 minutt i veka. I tillegg har dei ulike fagområda eigen undervisning med andre sjukehus i foretaket eller webbasert regionalt eller nasjonalt. Kvart halvår set vi av tid til gjennomgang av viktige vaktprosedyrer og medisinsk-teknisk utstyr. Over ei periode på tre år blir alle større fagfelt innanfor indremedisin dekt.

Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Simulering og ferdighetstrening

Kvar andre månad er trening i MET-team og slagteam. Vi har årleg AHLR-trening. Kvart halvår er det kurs i praktisk ultralyd på vakt (kardiologi, gastro, lunge).

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Avdelinga vår er ikkje stor og du vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Det er dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god.

Du vil dagleg få supervisjon av ansvarleg overlege ved sengepost, spesialist på poliklinikken og av bakvakt.

Rettleiing og fagleg utviklig:
Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss og både du og rettleiar har eit felles ansvar for at rettleiing blir gjennomført. Det er lagt opp til rettleiing kvar månad. I tillegg kan det av og til bli arrangert grupperettleiing.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Forsking

Det er førebels ingen med PhD-grad på avdelinga, men vi har ein spesialist som er PhD-stipendiat. Vedkommande tar del i eit klinisk forskningsprosjekt utgåande frå St. Olavs hospital.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Individuell utdanningsplan

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Tillitsvalde

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Anders G. Grønsleth, konstituert overlege, medisinsk avdeling Volda sjukehus. Tlf:  70 05 82 00




Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?