Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i generell kirurgi i Helse Møre og Romsdal
Generell kirurgi er eit viktig fagfelt for Helse Møre og Romsdal. Våre sjukehus har ikkje seksjonerte vaktlag og vaktarbeidet er basert på felles generellkirurgiske vaktlag.

Håndvask før operasjon i Molde.
I helseforetaket er det blautkirurgiske avdelingar ved sjukehusa i Volda, Ålesund og Molde. I Kristiansund er det eit stort urologisk tilbod, men ikkje øvrig blautkirurgi og ikkje kirurgisk vakttilbod. Vi er organisert i Klinikk for kirurgi.
LIS-utdanning skjer ved alle dei blautkirurgiske avdelingane. Det er noko variasjon i kva behandlingstilbod som er ved dei ulike sjukehusa og derfor også noko variasjon i kva læringsmål du kan få opplæring i mellom sjukehusa. Dette heng ilag med funksjonsdeling mellom sjukehusa. Den mest differensierte avdelinga er i Ålesund og der er behandlingstilbod innan alle dei blautkirurgiske spesialfelta utanom plastikkirurgi. Plastikkirurgi er sentralisert til avdelinga i Molde. Det er elles gastrokirurgisk og urologisk behandlingstilbod ved alle sjukehusa. Innan gastrokirurgien er det meste av kirurgi ved coloncancer sentralisert til Ålesund og Molde, men noko gjerast og i Volda. Kirurgi ved rektumcancer er sentralisert til Ålesund. Vi har eit tett samarbeid om kreftpasientane våre i fylket.
Du får oppfylt dei fleste læringsmåla i spesialiteten i vårt foretak, men du treng og teneste på universitetssjukehus for å dekke læringsmål vi ikkje tilbyr i foretaket.
Spesialisering i generell kirurgi ved Ålesund sjukehus
Spesialisering i generell kirurgi ved Volda sjukehus
Spesialisering i generell kirurgi ved Molde sjukehus