Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i hjartesjukdommar ved Ålesund sjukehus

Vår avdeling er ei fullseksjonert avdeling med alle dei indremedisinske spesialitetane som eigne seksjonar og den største indremedisinske avdelinga i fylket. Med dette dekker vi eit nedslagsfelt på om lag 100 000, men for nokre fagfelt dekker større område frå 150 000 til 260 000 innbyggjarar. Avdelinga har 72 senger og til saman. Vi fungerer som ei felles avdeling med felles morgonmøter, internundervisning og vaktordning. Det er ingen seksjonerte vakter hos oss og alle deltek i den generelle indremedisinske vaktordninga, men vi har ei beredskapsordning for dei ulike spesialitetane. Ved avdelinga er vi 25 overlegar og 15 LIS-legar.

LIS-legane går i 14-delt vaktordning med vaktdøgnet delt i to. Vi startar no opp med ei ordning der det er to LIS-legar på vakt delar av ettermiddag og tidleg kveld. Dagvakta på kvardagar varer dermed til kl 20, medan nattevakt på kvardagar startar kl 15. I helgene er det dagvakt til kl 19 og nattevakta startar kl 18. Overlegane har 20-delt bakvaktsordning med heimevakt. Primærsjiktet utgjerast av LIS1-legar. Det er om lag 20-30 innleggingar pr døgn, og også ei stor mengd pasientar som blir avklart i akuttmottaket. Prehospitale EKG blir vurdert av vakthavande LIS-lege. Vaktarbeidet er variert og gir gode høve til ferdighetstrening med handhaldt ultralyd, elektrokonvertering og akuttmedisinske vurderingar. Sekundærvakt på medisinsk avdeling er og leiar av fleire akuttmedisinske team som stansteam, MET-team og slagteam.

Kardiologisk seksjon har 5 overlegar og 3 LIS-legar. Vi har ei stor sengepost med 14 senger. Hjerteovervåkinga er ein del av medisinsk intensivavdeling, som driftast av medisinsk avdeling med støtte frå anestesilegar etter behov. Vi har eigen implantasjonslab for alle typar av pacemakerar. Det er eigen hjertemedisinsk poliklinikk som har eit høgt antall ulike undersøkingar, og vi har og fleire sjukepleiardrevne poliklinikkar med supervisjon frå kardiolog, til dømes hjerterehabilitering, hjertesvikt og rytmesjukepleiar med pacemakertesting og heimemonitor. Det er og forskingsaktivitet ved seksjonen. Vi planlegg på sikt oppstart med seksjonert kardiologisk bakvakt.

Ved kardiologisk rotasjon inngår både sengepostarbeid og poliklinikk. På sengeposten vår er det alltid supervisjon ved kardiolog. Poliklinikkarbeidet for LIS-legar omfattar i starten AEKG, holtermonitorering og pasientkonsultasjoner. Etter kvart som kompetansen din aukar, får du og fleire oppgåver. Du er og velkomen til å vere med på det vi driv med av prosedyrer.

På Hjertepoliklinikken har vi 3 high-end ekkomaskiner og separate arbeidsstasjonar for granskning av ultralydbilete. Dette er ein god læringsarena for ultralyd av hjerte. Andre undersøkingar som skjer ved hjertepoliklinikken er ecco cor (både transthorakalt og transøsofagealt), stressekko, spesialiserte ekkoundersøkingar for koronar flowreserve, devicekontroll av alle typar device, hjerterehabilitering inkluder legevurdering og vurdering av ergospirometri, hjertesviktpoliklinikk, 24-timers EKG/R-test, AEKG/tredemølletest, myocardscintigrafi med tredelmølle- eller adenosinbelastning. I samband med røntgenavdelinga har vi og MR-hjerte med adenosinstress, CT-koronarkar og høgrekateterisering for pulmonal hypertensjon.

Det er høgt volum av kardiologiske vurderingar for innlagde pasientar både frå kardiologisk sengepost, andre medisinske seksjonar og andre avdelingar på sjukehuset. Både kirurgiske fag, andre indremedisinske fag og onkologi har hyppig behov for kardiologisk konsultasjon, noko som gir eit variert spekter av problemstillingar i kardiologien.

Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring får du og meir krevande oppgåver og blir og meir tilknytt det kardiologiske faget.

Kardiologi har prosedyrekrav og i foretaket har vi bestemt av vi skal bruke loggbok for LIS i kardiologi for å følge med på utdanninga, i tillegg til at det sjølvsagt skal dokumenterast i kompetanseportalen. I tillegg til prosedyrer og klinisk teneste under supervisjon, baserer utdanninga seg på kurs, ferdighetstrening og supervisjon. Tida du bruker for å oppfylle alle læringsmåla innan kardiologi vil vere individuelt og det er ikkje mogleg å fastslå på førehand kor lang tid dette tar. Tida vil avhenge av individuelle ferdigheter og moglegheiter for ferdighetstrening ut fra pasient- og prosedyrevolum. Dei største læringsmåla i kardiologi har ei lang læringskurve og opplæringa skjer gradvis gjennom heile spesialiseringa – frå å stille indikasjon og bruk, til endelig sjølvstendig utføing av til dømes ultralyd av hjertet. Ferdighetstrening skjer i tilpassa rekkefølge for den enkelte i si spesialisering i samråd med rettleiar og superviserande kardiologar.

Vi estimerer at du vil trenge om lag 2 år kardiologisk teneste hos oss for å få oppfylt dei læringsmål vi kan tilby. Spesialiseringsperiode er avtalt til 18-24 månader når du har heile tenesta i Ålesund, litt avhengig av kva du har gjort her. Du må likevel pårekne at spesialiseringsperioda varer i 2 år. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste. Du skal då ha 6 månader invasiv kardiologi, 6 månader ved ekkolab, 3-6 månader ved rytmeseksjon og 3-6 månader ved hjertemedisinsk overvåking.

Når du startar hos oss får du eit tilpassa introduksjonsprogram avhengig av tilegare erfaring. Dette inkluderer innføring i daglege rutinar, prosedyrer, vaktarbeid og IT-opplæring. Du får tildelt rettleiar og vil og få ein «mentor» i LIS-gruppa som du kan kontakte etter behov for alle moglege praktiske spørsmål du måtte ha den første tida. Du får følgevakter etter eigen plan før du startar i sjølvstendige vakter.

Ved kardiologisk seksjon har vi eigne introduksjonsdokument som gir ei oversikt over vårt daglege arbeid og tips til kva du bør sette deg raskt inn i. Andre ressursar for hjelp til å kome i gang med poliklinikk finn du og i felles ressursmappe.

All undervisning skjer i veker utan ferieavvikling. Om sommaren og i samband med jule- og påskeferie er det ikkje planlagt undervisning.

Internundervisning skjer i samband med morgonmøtet 4 dagar i veka og utgjer 120 timar i året. Det vekslar mellom alle legane ved avdelinga å halde innlegg her.

Den kardiologiske undervisninga er fordelt etter tema slik at læringsmåla for spesialiteten blir dekt i løpet av omtrent 2 år. Endringar blir gjort ved behov ved nyhende og etter vårt eige særlege behov. Vi har planlagt kardiologisk internundervisning onsdagar, 45 minutt. Dette kan og vere på skype/video saman med Ålesund. Det er og høve til å delta på videooverført ekkomøte frå St. Olavs Hospital 30 minutt kvar veke. I tillegg er det kontinuerleg ad-hoc undervisning i samband med kardiologisk morgonmøte og anna aktivitet på avdelinga der ekkofunn og kliniske problemstillingar blir diskutert.

Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Vi har årleg praktisk oppdatering i AHLR og MTU (medisinsk-teknisk utstyr) for alle legar. I tillegg trener vi regelmessig på slagteam og månadleg på MET-team. Det er tilgang til modell for spinalpunksjon. Dagleg klinisk teneste byr på rikelege moglegheiter for ferdighetstrening innanfor alle delar av kardiologiske læringsmål du kan oppnå i foretaket.

Sjølv om vi har mykje aktivitet, er vi likevel ein ganske oversiktleg seksjon og vi arbeider tett ilag. Det er kort veg for å rådføre seg med spesialist når du treng det. Det er alltid minst to kardiologar tilstade på kvardagar for supervisjon ved previsitt og ved generell klinisk aktivitet. Det er alltid kardiolog tilgjengelig på kvardagar for konferering og råd i klinisk arbeid og/eller ferdighetstrening i kardiologiske prosedyrer. Supervisjon ved veileder eller superviserande kardiolog ved opplæring i prosedyrer skjer ad hoc i sengepost og poliklinikk.Du får tildelt rettleiar når du startar i avdelinga. Det er sett av tid til rettleiing første måndag kvar månad, men god tilgang på samtalar utanom desse faste møtetidspunkta. Ved rettleiing blir det mellom anna systematisk gjennomgang av prosedyrekrav og  læringsmål for kardiologi for å følgje opp progresjon i utdanninga.

Det er avsett tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar per veke. Dette er organisert som heile fordjupingsdagar og dei ligg for det meste i vaktvekene. Dette er fine dagar å bruke på å bli med på prosedyrer og fordjupe deg i dei delane av kardiologien du synes er mest spennande.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Ingen av våre legar har PhD. Ved avdelinga har vi ei LIS-stilling som er 50% forsking og 50% klinikk (ikkje for tida tilknytta kardiologi). Det er og fire legar ved avdelinga som har PhD, samt ein i PhD-løp. 

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. Ved forskningsposten er det jamleg studier som involverer kardiologi. Kardiologisk seksjon har delteke i eit 5-årig prosjekt som inneber vurdering av kardio-onkologiske pasienter. Hjartepoliklinikken deltek jamleg i nasjonale og internasjonale studier, ofte dreier dette seg om medikamentstudier. Hjarterehabiliteringa, som er ein del av poliklinikken vår, har og eige prosjekt på register og deltar i studier i samarbeid med NTNU/St. Olavs Hospital. 

Som LIS-lege kan du oppsøke dei ulike forskingsarenaene våre for å delta i forskingsarbeid. Det er og jamlege relevante forskingsrelevante kurs frå foretaket sin eigen læringsportal, inklduert «Good Clinical Practice».

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Seksjonsoverlege Eva Rice, tlf 70 10 56 50

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023