Spesialisering i hud og veneriske sjukdommar ved Kristiansund sjukehus

Om hudpoliklinikken, Kristiansund sjukehus

Hudpoliklinikken i Kristiansund er ei lita eining med få legar, men vi dekker eit stort fagfelt og har ansvar for alt frå enklare polikliniske kontakter til meir alvorleg hudsjukdom og vurdering av innlagte pasientar ved andre avdelingar. LIS hos oss får dermed tilgang til eit stort spekter av hudsjukdommar og raskt mengdetrening i å vurdere både enklare og meir komplekse sjukdomsbilete.

Hudpoliklinikken har 2 overlegar og 1 LIS. Vi dekker primært Nordmøre og nordlege deler av Romsdal som utgjer eit pasientgrunnlag på rundt 60 000 innbyggjarar. Arbeidet hos oss består i dagleg poliklinikk, tilsyn av innlagte pasientar ved andre avdelingar, samt å svare på spørsmål frå fastlegar og andre legar. Vi behandlar alle typar av hudsjukdommar poliklinisk. 

Einiga har tilbod om lysbehandling, sårbehandling, småkirurgi, fotodynamisk behandling (PDT), iontofores, bade- og smørebehandlingar og allergitesting (epikutan- og prikktesting). Ved behov for kompletterande utgreiing/behandling, eller inneliggande behandling, samarbeider vi med hudavdelinga ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Om utdanningsløpet

Utdanninga skjer ved dagleg klinisk praksis i poliklinikken ved sjukehuset, i tillegg til samarbeidsmøter med hudpoliklnikken i Ålesund. Du får oppfylt mange av læringsmåla hos oss, men det er nødvendig med eit års spesialiseringsperiode for å fullføre dette. Vi har avtale med St. Olavs Hospital om slik teneste. Du vil då vere ved sengeavdelinga, lære meir om venerologi, yrkesdermatologi og også lære meir om laserbehandling, grensestrålebehandling og fotoferesebehandling. I tillegg treng du 6 månader teneste ved indremedisinsk avdeling som vi har avtale om at du får gjennomført på Kristiansund sjuehus.

Introduksjon av ny LIS

Vi set stor pris på nye kollegaer! Når LIS startar hos oss blir ho/han møtt av seksjonsleiar som tar seg av omvisning i sjukehuset og seksjonen spesielt, og ein får utdelt «velkommenskriv» med informasjon om oss og sjukehuset. Sjukepleiar og sekretær har ansvar for opplæring i praktiske rutinar før ein starter med pasientkonsultasjonar. I starten er det sett av god tid til oppfølging og supervisjon av spesialist slik at du raskt blir meir sjølvstendig i arbeidet.

Innternundervisning og kurs

Internundervisninga vår er delt på tre ulike arenaer. Kvar tirsdag morgon har vi 30 minutt undervisning på poliklinikken, då er det ofte artikkelgjennomgang. Annankvar torsdag rett etter lunsj er det tradisjonell internundervisning i 30-45 minutt. Dette skjer i samarbeid med hudpoliklinikken i Ålesund ved bruke av Skype/videomøte. Kvar onsdag er det to timar internundervisning via Skype med Hudavdelinga St.Olavs hospital. Ein har i tillegg høve til å delta på internundervisning ved medisinsk avdeling her på sykehuset. Vi planlegg internundervisninga etter tema slik at alle aktuelle læringsmål vil inngå i internundervisninga.

Som LIS er det fleire kurs du må ta i spesialiteten, og desse får du fri til å dra på, både lokale og nasjonale kurs. Det hender og at det er aktuelt med kurs i Skandinavia eller utlandet elles.

Simulering og ferdighetstrening

Det er alltid utstyr og høve til å trene på suturteknikk. Utover dette er det lite simulering og utstyr for anna ferdighetstrening.

Supervisjon, rettleiing og fagleig utvikling

Hudpoliklinikken er ei lita og oversiktleg eining der LIS og overlege jobbar tett ilag. Du blir raskt involvert i det meste av behandling og det er kort veg for å be om hjelp når du har behov. I starten er det sett av mykje tid til supervisjon for å hjelpe deg godt i gang slik at du kan arbeide meir sjølvstendig med hjelp når du ønsker det og vi samarbeider tett gjennom heile utdanningsløpet.

Rettleing og fagleg utvikling

Du får oppnemd rettleiar når du starter, som er overlege ved poliklinikken. De jobbar tett ilag og du får mykje tett oppfølging frå rettleiar undervegs, både i formelle og uformelle samtalar.

I arbeidsplanen vert det sett av tid til fordjupning tilsvarande 4 timer pr veke. Du deltek og på samarbeidsmøte/videomøte med Hudpoliklinikken Ålesund, dei andre avtalespesialistane og andre spesialister etter behov.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.


Forsking

Vi har ingen pågåande forskingsprosjekt i poliklinikken, men vil legge til rette for at LIS kan få ta del i forskingsprosjekt. Føretaket har ein eigen forskingsseksjon som er tverrgåande i føretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og får forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. Vi set av tid kvar veke for å gå gjennom aktuelle artiklar for seksjonen.

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsseksjonen og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet utgjerast no av overlege og seksjonsleiar. Utvalet set opp program for internundervisning og planlegg utdanningsløpet til LIS-legen slik at dette blir best mogleg for å lære mest mogleg. Det vil og vere ønskeleg at LIS deltek i utdanningsutvalget.

Tillitsvalde

Det er felles YLF-tillitsvad med medisinsk avdeling på lokalt nivå. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvald på sjukehus- og føretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanningen ta kontakt med:
Overlege: Sylwia Szolc
Seksjonsleiar Medisinsk poliklinikk og hudpoliklinnikk: Britt Andresen.

 
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Fann du det du leita etter?