Spesialisering i hud og veneriske sykdommer ved Ålesund sjukehus

Om hudpoliklinikken i Ålesund

Hudpoliklinikken i Helse Møre og Romsdal er ei lita eining med få legar, men vi dekker eit stort fagfelt og har ansvar for alt frå enklare polikliniske kontakter til meir alvorleg hudsjukdom og vurdering av innlagte pasientar ved andre avdelingar. Som LIS hos oss får du dermed tilgang til eit stort spekter av hudsjukdommar og raskt mengdetrening i å vurdere både enklare og meir komplekse sjukdomsbilete.

Hudpoliklinikken har 2 overlegar som begge er spesialistar. Vi dekker primært Sunnmøre og sørligle delar av Romsdal, men for nokre tilstandar har vi heile fylket som opptaksområde. Arbeidet hos oss utgjerast av dagleg poliklinikk, tilsyn av innlagte pasientar ved andre avdelingar, samt svare på spørsmål frå fastlegar og andre legar. Vi behandlar alle typer av hudsjukdommar poliklinisk. Ved behov for kompletterande utredning/behandling, eller inneliggande behandling, samarbeider vi med hudavdelinga ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Pasientar med hudlymfom og yrkesdermatologiske utgreiingar vert sendt vidare til universitetssjukehus.

Av behandlingar tilbyr poliklinikken lysbehandling, PDT-behandling, mikrokirurgi, biopsiar, kryoterapi, diatermi, vortebehandling, jontoferese, epikutantester, utredning av dermatoser, hudkreft, infestasjoner, prøvetaking for ulike mikroorganismar m.m.. Vi har ikkje tilbod om laserbehandling, lystesting, Buchybehandling og fotoferese. Det er førebels heller ikkje venerologisk tilbod ved poliklinikken.

Om utdanningsløpet

Utdanninga skjer ved dagleg klinisk praksis i poliklinikken ved sjukehuset, i tillegg til samarbeidsmøter med avtalespesialistane i fylket. Du får oppfylt mange av læringsmåla hos oss, men det er nødvendig med eit års spesialiseringsperiode for å fullføre dette. Vi har avtale med St. Olavs Hospital om slik teneste. Du vil då vere ved sengeavdelinga, lære meir om venerologi og også lære meir om laserbehandling, grensestrålebehandling og fotoferesebehandling. I tillegg treng du 6 månader teneste ved indremedisinsk avdeling som du vil få gjennomført ved sjukehuset her.

Introduksjon av nye LIS

Vi set stor pris på nye kollegaer! Når du startar hos oss møtest du av seksjonsleiar som også viser deg rundt, og du får vårt «velkommenskriv» med informasjon om oss og sjukehuset. Sjukepleiar og sekretær vil lære deg opp i praktiske rutinar og så startar du med pasientar. Du får og naudsynt opplæring i journalsystem og anna IT-utstyr, samt tid til ulike obligatoriske e-kurs i føretaket. I starten er det sett av god tid til supervisjon av spesialist slik at du blir raskt meir sjølvstendig i arbeidet.

Internundervisning og kurs

Vi har internundervisning i samband med morgonmøtet tirsdag og etter lunsj på torsdag. Tirsdagar bruker vi ein halvtime på artikkelgjennomgang. Torsdagar er det tradisjonell internundervisningi om lag 45 minutt i samarbeid med hudpoliklinikken i Kristiansund. Vi samarbeider med St. Olavs Hospital om undervisning via Skype kvar onsdag som varer i to timar. I tillegg deltek vi i felles undervisning med revmatologane. Vi planlegg internundervisninga etter tema slik at alle aktuelle læringsmål vil inngå i internundervisninga.

Som LIS er det fleire kurs du må ta i spesialiteten, og desse får du fri til å dra på, både lokale og nasjonale kurs. Det hender og at det er aktuelt med kurs i Skandinavia eller utlandet elles.

Simulering og ferdighetstrening

Det er alltid utstyr og høve til å trene på suturteknikk. Utover dette er det lite simulering og utstyr for anna ferdighetstrening. Du får elles også mykje ferdighetstrening gjennom klinisk arbeid, ved internundervisning og ved deltakelse på kurs. 

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Hudpoliklinikken er ei lita og oversiktleg eining der LIS og overlege jobbar tett ilag. Du blir raskt involvert i det meste av behandling og det er kort veg for å be om hjelp når du har behov. I starten er det sett av mykje tid til supervisjon for å hjelpe deg godt i gang slik at du kan arbeide meir sjølvstendig med hjelp når du ønsker det og vi samarbeider tett gjennom heile utdanningsløpet. Vi set av tid i arbeidsprogrammet gjennom veka for supervisjon og det vert og sett av tid til simultanpoliklinikk der overlege og LIS gjennomfører undersøking av pasient samtidig. Nye prosedyrer lærast under tett supervisjon og det vert planlagt.

Rettleing og fagleg utvikling:
Du får oppnemd rettleiar når du starter, som er overlege ved poliklinikken. Dokke jobbar tett ilag og du får mykje tett oppfølging frå rettleiar underveis, både i formelle og uformelle samtalar. Det planleggast to timar avsett tid til rettleiing kvar månad.

I arbeidsplanen vert det sett av tid til fordjupning tilsvarande 4 timer pr veke. Du deltek og på samarbeidsmøter med dei andre avtalespesialistane og andre spesialister etter behov. I tillegg vert det sett av ein halv dag i veka til administrativt arbeid.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi har ingen pågåande forskingsprosjekt i vår eining, men vil legge til rette for at LIS kan delta i forskningsprosjekt dersom det er aktuelt. I føretaket er det ei eiga forskingsavdeling som vil bidra med undervisning ved interne kurs for læringsmål knytt opp mot forsking, og ein kan og få støtte frå forskingsavdelinga for å starte eige forskingsprosjekt. Vi set og av tid kvar veke til artikkelgjennomgang i seksjonen.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet utgjerast no av overlege og seksjonsleiar. Utvalet set opp program for internundervisning og planlegg utdanningsløpet til LIS-legen slik at dette blir best mogleg for å lære mest mogleg.

Tillitsvalde

Det er felles YLF-tillitsvalt med revmatologane. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanningen ta kontakt med:
Utdanningsansvarlig overlege Therese Abusland

Seksjonsleiar Karl Arne Remvik

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?