Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i infeksjonssjukdommar ved Molde sjukehus

Sjukehuset vårt er eit godt differensiert lokalsjukehus. Medisinsk avdeling i Molde er ei seksjonert avdeling med behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin, hematologi, infeksjonsmedisin og endokrinologi til befolkninga i Romsdal som utgjer om lag 65 000 innbyggjarar som aukar til om lag 100 000 når det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal blir ferdig. Ved avdelinga har vi 41 senger og 6 plassar på intensivavdelinga. Kvart år har vi om lag 3600-3800 innleggingar og 15 000 polikliniske konsultasjonar. Vi er 13 overlegar og 10 LIS-legar ved avdelinga. Det er felles indremedisinsk vaktordning der LIS-legane går i eige vaktsjikt med todelt vaktdøgn heile veka. Primærsjiktet dekkast opp av LIS1-legar og vi har til ei kvar tid 10 LIS1-legar ved avdelinga.

Infeksjonsmedisinsk seksjon har ein overlege og ein LIS-lege. Vi har ansvar for det infeksjonsmedisinske behandlingstilbodet til befolkning i Nordmøre og Romsdal, som utgjer om lag 110 000 innbyggjarar. Seksjonen har felles sengepost med endokrinologi. Poliklinisk har vi stor bredde i pasientgruppene inkludert HIV, virale hepatittar og tuberkulose pasientar. Vi følgjer også opp pasientar med hypogammaglobulinemi. Det er etablert tett samarbeid med mikrobiologisk avdeling ved sjukehuset og mellom anna har vi felles visitt på intensivpasientar innlagt med infeksjonstilstandar.

Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vi reknar med at du treng om lag 3,5 år på å få oppfylt alle læringsmåla som hører til del 2. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring blir du knytt meir til vår seksjon og får fordjupe deg i det infeksjonsmedisinske faget.

For læringsmål vi ikkje tilbyr treng du teneste ved universitetssjukehus. Det er planlagt 18 månader spesialiseringsperiode og vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim for slik teneste. Du treng og eit år ved mikrobiologisk avdeling, og dette får du gjort her i Molde.

Når du startar hos oss får opplæring i IT-verktøy for prosedyrer og nødvendig opplæring i bruk av relevante dataprogram du treng. Du får og tildelt rettleiar seinast tre veker etter oppstart. Det er to veker vaktfri og deretter tre følgevakter før du startar med sjølvstendig vaktarbeid.

Vi har organisert internundervisninga ved vår avdeling med 45 minutt internundervisning kvar tirsdag og onsdag morgon. Ein gong kvar veke er det felles internundervisning for alle legar ved sjukehuset. Ved vår seksjon er det i tillegg eigen undervisning, og vi følgjer også regionale og nasjonale nettundervisningar.

Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Vi har trening av MET-team kvar månad og har og regelmessig trening i AHLR.

Avdelinga vår er ikkje stor og du vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Det er dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god.

Du vil dagleg få supervisjon av ansvarleg overlege ved sengepost, spesialist på poliklinikken og av bakvakt.

Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss og både du og rettleiar har eit felles ansvar for at rettleiing blir gjennomført. Det er lagt opp til rettleiing første onsdag kvar månad. Ved fråvær av rettleiar eller LIS-lege finn ein andre tidspunkt. Saman med rettleiar har du ansvar for å oppdatere og følgje din individuelle utdanningsplan.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i helseforetaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Ved medisinsk avdeling har fleire av legane delte stillingar mellom foretaket og NTNU. Ein av overlegane ved avdelinga har PhD. 

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege, i tillegg til medisinsk leiar etter behov. Utvalet fungerer og som utdanningsutval for dei ulike seksjonane og representantar frå dei ulike spesialitetane er og medlemmer av utvalet.
 
Utdanningsutvalet skal ivareta utdanningsbehov for legar i avdelinga.  Utvalet har ansvar for oppsetting av program for internunderisning og for å sjå til at undervisninga fungerer etter intensjon.  Utdanningsutvalet oppnemner rettleiarar og skal ha oppsyn med at rettleiinga fungerer for dei enkelte LIS-legane. 

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Seksjonsoverlege Karl Wesenberg, tlf 71 12 00 00

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023