Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i karkirurgi ved Ålesund sjukehus

Karkirurgisk seksjon er ein del av kirurgisk avdeling. Kirurgisk avdeling i Ålesund er ei seksjonert avdeling med gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, generell kirurgi og bryst-/endokrinkirurgi. Det er to sengepostar og utstrakt poliklinisk og dagkirurgisk aktivitet ved avdelinga. Vi er til saman 16 overlegar (derav 4 konstituerte) og 9 LIS. LIS går i 9-delt vaktordning med tilstadevakt der døgnet er delt i to. Det er seksjonert bakvaktordning i karkirurgi, urologi og gastrokirurgisk kirurgi. 

Karkirurgisk seksjon har 4 spesialistar, 1 konstituert overlege, samt 1 LIS3 som er knytta til seksjonen. Frå mars 2025 får vi endå ein spesialist. I periodar er der også rotasjonskandidat (LIS2) tilknytta seksjonen. Kvart år behandler vi om lag 450 innlagde pasientar og har ca 3000 polikliniske kontakter.

Vi deler sengepost med andre kirurgiske fag, men har 6 dedikerte karkirurgiske senger. Det er fleksibel utnytting av sengane på sengeposten og i perioder har vi derfor fleire innlagde pasientar. Ved sengeposten får vi innlagt både karkirurgiske og generell kirurgiske pasientar, i tillegg til at vi og har thorakskirurgisk kompetanse og følgjer opp pasienter med pneumothoraks og thoraksskade.

Vi har fylkesansvar for det karkirurgiske tilbodet til befolkninga i Møre og Romsdal – ca 270 000 innbyggarar. Vi driv aortakirurgi, både open og endovaskulær tilnærming. Det er tett samarbeid med nyreavdelinga, og vi anlegger AV-fistlar.

Vi har og ein del aneurismer i distale kar som blir behandla både med open kirurgi og endovaskulært. I underekstremiteter gjer vi alle dei store gruppene av inngrep med trombendartrektomi, femeropopliteal og femorodistal bypass, femerofemoral crossover og aortoiliakal/femoral bypass. Vi gjer og eigne underekstremitetsamputasjonar.

Det er godt samarbeid med intervensjonsradiologar ved sjukehuset. Vi tilstrebar at LIS får delta på desse prosedyrene. 

Ved dagkirurgisk eining er det varicekirurgi ein dag kvar veke. Her nyttar vi både tradisjonelle og nyare metoder, som radiofrekvensbehandling. Det er om lag 200 slike inngrep kvart år.

I tillegg vil man ha en mykje sårbehandling, samt ein del generell kirurgiske problemstillingar på vakt, samt pneumothoraxbehandling.  

Som LIS hos oss får du tjeneste med rotasjon til alle seksjonar slik at du skal kunne oppfylle alle læringsmål i del 2 felles kirurgi. Du vil i tillegg møte på ein heil del generelle kirurgiske problemstillingar i vaktsamanheng.  For å dekke læringsmål knytt til intervensjonsradiologi vil ein få delta ved angiolab ved radiologisk avdeling på sjukehuset. Dette inkluderer perkutan transluminal angioplastikk, stentinnleggingar på perifere kar, samt EVAR. Vi har angiomøte saman med intervensjonsradiologar kvar mandag. 

Du vil få tjeneste både ved sengepost med visittgang, ved poliklinikken med gradvis aukande pasientmengde og kompleksitet, dagkirurgien med mindre inngrep og ved hovedoperasjonen der dei større inngrepa skjer.

I tillegg til tjenesta du får hos oss vil du trenge noko tjeneste ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt alle læringsmåla innan karkirurgi. Vi har samarbeidsavtale med St. Olavs hospital i Trondheim.

Som nytilsett LIS får du følgevakter før du starter i sjølvstendig vaktarbeid, som startar tidleg.

Vi har lagt opp til to timar internundervisning kvar veke. Halvparten er undervisning ved kirurgisk avdeling og den andre halvparten er seksjonen si eiga internundervisning. I tillegg tilstrebar vi fagdagar. Vi har laga ein plan som sikrar at alle sentrale tema blir tatt opp i internundervisninga.

Du får delta på nasjonalt anbefalte kurs som er nødvendig for å kunne fullføre spesialiteten.

Vi trener traumeteam jamleg ved avdelinga. Vi har og ein D-boks for å øve seg på laparaskopiske ferdigheter.

Vi er ei lita eining og jobbar tett saman. Vi blir derfor fort kjent med kvarandre og det er låg terskel for kontakt når det er behov.

Ved visitt er alltid spesialist og LIS saman. På poliklinikken får du raskt dine eigne pasientar som du utreder, følgjer opp og eventuelt behandlar. Det er alltid kort veg for å be om hjelp, og kasuistikkar kan også diskuterast ved radiologisk-karkirurgisk møte. Du får god tilgang til deltaking på operasjonsstua og opererer då alltid ilag med spesialist og får god opplæring etter meister-svenn-prinsippet.

Du får tildelt rettleiar når du kjem til oss, og denne er spesialist i karkirurgi. Det blir sett av ein time kvar måned til rettleiing. Her blir mellom anna utdanningsprogresjon og utdanningsplan gjennomgått.

Det er sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar pr veke i arbeidsplanen.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Avdelinga har ein overlege med PhD. I tillegg er ein av overlegane i PhD løp og er for tida i forskning annakvar veke.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Det blir gjennomført møte i utdanningsutvalget kvart halvår. Utvalget består av seksjonsoverlegar, utdanningsansvarleg overlege og LIS2/3 representant.

Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelings-, sjukehus og føretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Seksjonsoverlege Jan Andreas Weber-Laumann, tlf 70 10 50 00

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Sist oppdatert 16.01.2025