Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Offentleg utdanningsplan

Spesialisering i kreftsjukdommar i Helse Møre og Romsdal

Kreftavdelinga i Helse Møre og Romsdal er ein del av Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering, og omfattar poliklinikkar, stråleterapieining og sengepost. Stråleterapieininga og sengeposten er lokalisert i Ålesund, medan det er poliklinikkar ved Ålesund sjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (Hjelset og Kristiansund) og i Volda. Ved SNR Hjelset, finst det onkologiske og palliative senger i ein medisinsk sengepost. Alle tre sjukehusa i Møre og Romsdal har eigne palliative team.

Utsikt frå sengeposten i Ålesund.

Utsikt frå sengeposten i Ålesund.

Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftbehandling i eit opptaksområde med om lag 260 000 innbyggjarar. Det er etablert funksjonsfordeling mellom Kreftavdelinga i Helse Møre og Romsdal og Kreftklinikken ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Spesialistutdanninga omfattar teneste ved sengepost, poliklinikk og stråleterapieining. For å oppfylle læringsmål innan indremedisin, er det òg krav om teneste ved medisinsk avdeling. Dette kan gjennomførast ved medisinsk avdeling på alle sjukehusa i føretaket. Nokre onkologiske læringsmål må oppfyllast ved universitetssjukehus.

​Spesialisering i kreftsjukdommar ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i kreftsjukdommar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Sist oppdatert 08.08.2025