Spesialisering i kreftsjukdommar ved Ålesund sjukehus
LIS-legane har rullerande arbeidsplan. Arbeidsveka er variert med ein dag poliklinikk innan fagfeltet du roterar i. I tillegg til ordinært sengepostarbeid vil LIS3 dekke dagvaktfunksjon ved cytostatikapoliklinikken for augeblikkeleg hjelp-førespurnadar/telefonkonsultasjonar med primærhelsetenesta, og bestilling av cellegiftkurar. Som LIS ved kreftavdelinga vil du raskt få ansvar under supervisjon. Det er låg terskel for å be kvarandre om råd/rettleiing, og det opplevast som enkelt å få supervisjon når ein treng det.
Primærvaktane er delt mellom LIS og overleger. Det er tilstadevakt til kl. 20.00 og heimevakt med responstid 30 min mellom kl. 20.00 - 08.00. I helgar er tilstadetida frå kl. 10.00 – 15.00.
Som ny LIS vil du få utlevert eit informasjonsskriv der det mellom anna framgår daglege arbeidsoppgåver og rutiner i avdelinga. Du vil og få ei omvisning i avdelinga. I tillegg vert det gitt opplæring i dagvaktsarbeid og bruk av Cytodose (program for bruk av cytostatika).
Ferdigheitstrening består av praktiske prosedyrar som ultralydrettleia pleuratapping/ascitestapping under supervisjon. I tillegg blir det arrangert HLR-kurs og brannkurs etter forskrift.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet i avdelinga er samansett av utdanningsansvarleg overlege, ytterlegare ein overlegerepresentant, samt to LIS. Utdanningsutvalet har 2-4 møter kvart halvår og har eit overordna ansvar for å planlegge undervisning i avdelinga, samt sjå til at gjennomføringa av LIS-utdanninga skjer i samsvar med gjeldande utdanningsplan. Utdanningsutvalet er og ansvarleg for at gjennomføringa av læringsmål blir fulgt opp i både klinisk og teoretisk utdanning, og skal sørge for å oppdatere avdelinga sin utdanningsplan når dette er naudsynt.
LIS-kollegiet har eigen tillitsvald som følgjer opp dialogen med leiinga knytt til arbeidsplanar m.m.
For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Tillitsvald for LIS-gruppa Benedicte Teigland Solbakken, tlf 70 10 69 12
Utdanningsansvarleg overlege Bjørg Yksnøy Aksnessæther, tlf 70 10 69 12
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.