Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

LIS1-utdanning

Velkommen som LIS1 til Helse Møre og Romsdal og våre fire flotte sjukehus!

Vi er så heldige at vi arbeider i eit av Noregs flottaste fylke, med mange hyggelege og dyktige kollegaer som saman gjer sitt beste kvar dag for alle som treng oss. Rundt oss er det vakker natur, anten ein liker fjell eller fjøre, og kulturtilbodet i heile fylket er vidtfamnande. Her er noko for alle!

Vi er opptekne av å legge til rette for god og trygg LIS-utdanning i foretaket, og i det ligg også god LIS1-teneste. Du vil raskt bli inkludert i kollegafellesskapet når du kjem til oss.

Alle våre fire sjukehus er fullverdige akuttsjukehus. Behandlingstilbodet er likevel noko ulikt ved kvart av sjukehusa og vi samarbeider med kollegaene våre ved dei andre sjukehusa etter behov. Du vil raskt få ei viktig rolle i kvardagen der du er, og gjennom det få god mengdetrening i å møte pasientar og pårørande, samt samarbeide med andre kollegaer. Det er vaktteneste ved alle sjukehusa, og som LIS1 inngår du i vaktlaget der du er, både på dagtid og natt/helg. Sjølv om du deltek i vakt, er du ikkje aleine på vakt og du har alltid meir erfaren kollega som har vakt saman med deg. Som ein del av opplæringa i vaktarbeidet, er det lagt opp til ei økt med simulering av teammottak i akuttmottaket kort tid etter oppstart i LIS1-stilling. 

LIS1-tenesta hos oss er organisert felles i heile foretaket, men sidan sjukehusa er ulike vil også innhaldet i kvardagen variere noko. Det er likevel slik at det er lagt opp til at du skal få relevant teneste for alle læringsmåla i sjukehusdelen gjennom slik tenesta er lagt opp ved kvart av sjukehusa. ​

Volda er eit velfungerande lokalsjukehus med vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, gynekologi, anestesi og radiologi. I tillegg er det eit stor DPS med både poliklinikk og døgntilbod like ved sjukehuset, og ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk.  Ved sjukehuset er det førebels 16 LIS1, åtte per kull. Alle LIS1 går 2-delt teneste med kirurgi og medisin, i ulik rekkefølgje.​

Ålesund sjukehus er det største sjukehuset i føretaket og her er dei fleste fagområde representert. Det er vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, anestesi, radiologi, gynekologi, pediatri, onkologi, ØNH, kjevekirurgi, auge, vaksenpsykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, fysikalskmedisin og rehabilitering. 

Ved sjukehuset er det 32 LIS1, 16 per kull. Nokre har 2-delt teneste med medisin og kirurgi. Dei fleste har 3-delt teneste med tillegg av enten vaksenpsykiatri, pediatri eller anestesi. Frå hausten 2021 vil talet på LIS1 i Ålesund auke til 33.

Molde sjukehus er foretaket sitt nest største sjukehus. I tillegg til dei store fagområda, har sjukehuset foretaket si einaste nevrologiske avdeling, og ved dette sjukehuset ligg også den mikrobiologiske avdelinga i foretaket. Ved sjukehuset er det vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, radiologi, gynekologi, anestesi, ØNH, auge, nevrologi, mikrobiologi og vaksenpsykiatri. Mykje av den psykiatriske verksemda er lokalisert til Hjelset som ligg ca 20 minutt med bil frå sentrum, her ligg mellom anna akuttpsykiatrien.

Ved sjukehuset er det 26 LIS1-stillingar. Nokre er 2-delt mellom medisin og kirurgi, medan nokre er 3-delt med tillegg av vaksenpsykiatri.

Kristiansund sjukehus er eit velfungerande lokalsjukehus. Her finn ein vaktfunksjon innan medisin, ortopedi, anestesi og pediatri. Førebels er den gynekologiske vaktfunksjonen delt med Molde og lokalisert til Molde sjukehus. Pasientar med blautkirurgiske problemstillingar vert også sendt til Molde. For å få relevant teneste innan blautkirurgi må du som LIS1 i Kristiansund pårekne å vere nokre dagar i Molde i løpet av den kirurgiske rotasjonen. 

Ved sjukehuset er det 16 LIS1-stillingar, 8 per kull. Alle LIS1 i Kristiansund har 2-delt teneste med medisin og kirurgi, i ulik rekkefølge.

Sist oppdatert 01.06.2023