Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i lungesjukdommar i Helse Møre og Romsdal
Lungemedisin er eit spennande og vidtfemnande fag der vi kombinerer spennande indremedisinske problemstillingar med praktiske prosedyrer. Vi har ansvaret for pasientar med kroniske og progredierande tilstandar (som kols, lungekreft og ALS) og meir akutte sjukdomar som akutt respirasjonssvikt ved pneumoni og pneumothorax.

Stadig større del av poliklinikk og oppfølging blir teke opp av lungekreftpasientar. Behandling av lungekreft har endra seg mykje siste fem åra og det skjer mykje som gjer at denne gruppa av pasientar lever lengre. Dette utgjer derfor ein stor del av pasientarbeidet vårt.
Vi har eit godt og stadig tettare samarbeid mellom lungeavdelingane i fylket. Kvar tysdag held vi felles lungespesifikk internundervisning digitalt. Ein gong kvar månad møtast vi på video i «fagnettverksmøtet» der vi drøftar og oppdaterer felles retningslinjer. I tillegg kjem eit to-dagers årleg midtnorsk lungemøte der vi og treff kollegaar frå resten av Helse Midt-Norge.
Kvar torsdag blir det halde eit multidisiplinært thoraxmøte som blir videooverført frå St. Olavs hospital, med særleg fokus på utgreiing og avklaring av vidare behandling ved lungekreft. Ein gong per månad blir det arrangert tilsvarande møte om pasientkasus med insterstitielle lungesjukdomar, «ILD-møte».
For dei læringsmåla du ikkje vil kunne oppfylt ved ditt sjukehus vil du trenge teneste utanfor helseføretaket. Vi har avtale med St.Olavs hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus om teneste på 18 månader for å oppfylle læringsmåla.
Spesialisering i lungesjukdommar ved Volda sjukehus
Spesialisering i lungesjukdommar ved Ålesund sjukehus
Spesialisering i lungesjukdommar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal