Spesialisering i lungesjukdommar ved Kristiansund sjukehus
Medisinsk avdeling er ei useksjonert avdeling med 29 sengeplassar, men avdelinga er inndelt i einingar etter diagnosegrupper. Lungepasientane ligg ilag med hjertepasientane og vi har tilsaman 9 sengeplassar. I tillegg er det to palliative senger i avdelinga som vi kan bruke til pasientar med langtkomen lungekreft. Vi har og ein aktiv lungepoliklinikk med 2 lungesjukepleiarar.
Vi er i dag ein spesialist og 2 LIS-legar tilknytt lungefaget på avdelinga. Alle tre har poliklinikk kvar veke. Utover ein dag poliklinikk, vil du som LIS ha hovedtyngda av dine arbeidsoppgåver på sengeposten med ansvar for visittgang under supervisjon frå spesialist. Du vil også ha teneste ved intensivavdeling/medisinsk overvåkingseining der du mellom anna vil lære bruk av non-invasiv ventilasjonsstøtte.
Ved poliklinikken gjer vi utgreiing og har oppfølging av sjukdommar som KOLS, astma, interstitielle lungesjukdommar og lungekreft, samt utredning av søvnapnoe. Prosedyrer som blir utført ved poliklinikken er bronkoskopi, pleuracenetese og innlegging av pleuradren. Vi forventar om lag 60-80 bronkoskopiar kvart år. Du får god tilgang på prosedyrer medan du er hos oss og dette vert gjort under tett oppfølging frå spesialist. Mot slutten av tenestetida i vår avdeling vert det prioritert avsatt tid til opplæring knytt til behandling og oppfølging av pasientar med lungekreft.
Som LIS hos oss vil du delta i 8-delt døgnvaktturnus med tilstadevakt fra 08.00 til 22.00, og heimevakt resten av tida.
Det blir lagt til rette for at du har teneste ved alle eininga i avdelinga slik at du skal kunne få oppfylt læringsmål for del 2 indremedisin hos oss.
For lungespesialiseringa tilbyr vi både sengepostarbeid, poliklinikk og opplæring i praktiske prosedyrer som bronkoskopi, thoracocentese, pleuradren m.m. Dei læringsmåla vi ikkje dekker vil du få oppfylt ved teneste ved universitetssjukehus.
Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er 18 månader. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus for slik teneste.
Nye LIS blir tatt godt imot ved avdelinga. Du startar raskt i klinisk sjølvstendig arbeid, men under tett supervisjon frå meir erfaren LIS-lege eller spesialist. Du får tildelt rettleiar ved oppstart.
Internundervisning er fordelt både som felles undervisning for medisinsk avdeling i Kristiansund og som felles lungemedisinsk internundervisning i Helse Møre og Romsdal. Tre dagar i veka er det 30 minutt lokal internundervisning i Kristiansund. Ein dag i veka er det 45 minutt digital undervisning for alle lungelegar i helseforetaket.
Som LIS-lege får du delta på nasjonale anbefalte kurs for spesialiteten.
Ved lungeavdelinga har vi tilgang til dukke med luftvegar for bronkoskopitrening. Medisinsk avdeling har også simulering for LIS i «medisinsk mottaksteam» og «stansteam» som del av ferdigheitstreninga.
Vi er ei lita og oversiktleg avdeling og eining og det er kort veg for å be om råd og assistanse ved behov. Vi blir raskt godt kjent og jobbar tett ilag.
Du får supervisjon i det daglege arbeidet ved previsitt/visittgang og poliklinisk tjneste. Det er daglege problemmøter der vi diskuterer praktisk behandling, vitskap og faget i stor bredde. Du blir trent i å gjere rede for detaljerte og ofte vanskelege problemstillingar, aktivisere deg til lesing og annan fagleg oppdatering, samt å begrunne eigne val og meiningar faglig/ vitskapeleg. Supervisjon i prosedyrer skjer ved praktisk opplæring og diskusjonar. Alle ved avdelingen deltar i supervisjonsarbeidet.
Du får tildelt eigen rettleiar ved oppstart. Det er sett av tid i rettleiing i timeplanen med møte første måndag kvar månad. Vi vil så snart som mogleg delta på kurs i rettleiing i regi av RegUt og helseforetaket. Rettleiing vil konsentrere seg om fagleg progresjon med bakgrunn i Kompetanseportalen, som vil bli brukt aktivt under samtalane. Vi planlegg å starte med evalueringskollegium ved avdelinga for å gi ei betre vurdering av kompetansen du opparbeider deg.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Vi har per dags dato ingen pågåande eigne forskingsprosjekt innanfor lungemedisin, men er til ei kvar tid involvert i kliniske studier hovudsakelig innan lungekreft. Nye LIS med interesse for forsking er velkommen ved avdelinga og avdelinga vil legge til rette for at du skal kunne delta i forskingsprosjekt.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Ved medisinsk avdeling består utdanningsutvalet av 1 overlege og 1 LIS. Desse organiserer mellom anna internundervisning, oppfølging av LIS sine utdanningsplanar samt i aukande grad gruppevegleiing rundt nokre tema. I tillegg har lungeavdelinga 1 overlege og ofte også 1 LIS som følgjer opp utdanningsplan spesifisert for lungemedisin. Vi er tilgjengelege for spørsmål og tek gjerne imot konstruktive innspel angåande spesialiseringa.
Ved medisinsk avdeling har vi ein YLF-tillitsvalt for LIS-legar og ein OF-tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalgt er tilgjengleg for alle spørsmål om arbeidskvardagen, til dømes arbeidsplan, kontrakt, lønn, ferieavvikling og anna. Det er og eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.
For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Overlege Magnus Gryt eller LIS og tillitsvald Kristine Brattøy, tlf 71 12 00 00
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.