Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i lungesjukdommar ved Volda sjukehus

Medisinsk avdeling er ei felles indremedisinsk avdeling med behandlingstilbod til innbyggjarane på Søre Sunnmøre som utgjer om lag 50 000. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjartesjukdommar, blodsjukdommar, lungesjukdommar og endokrinologi. Avdelinga har til saman 30 sengeplassar. Avdelinga er useksjonert, men er inndelt i tre einingar etter fagfelt. Det er og mykje generell indremedisin ved alle einingane. Ved avdelinga er vi 10 overlegar og 10 legar i spesialisering. Det er felles indremedisinsk vaktordning med tre vaktsjikt. Primærvakt dekkast av LIS1. LIS2/3 går 10-delt vakt med vaktdøgnet delt i to og fri før/etter vakt. Overlegane dekker bakvaktsjiktet og har heimevaktordning. Vi har organisert vaktene i eigne vaktveker slik at du får stabile veker med samanhengande postteneste. 

Vi er no ein spesialist i lungemedisin og 1-2 LIS i lungesjukdommar.

Lungepasientane har dedikerte senger og deler eining med fordøyelsessjukdommar, hematologi og palliativ eining. I alt er det 10 sengeplassar som blir delte. Det er ei blanding av ulike problemstillingar som er innlagde, i hovudsak pneumoniar, lungekreft og kols-forverringar. I tillegg er det nært samarbeid med palliativt team då vi har tilknytta to palliative senger til vår eining. Det er viktig med eit tett samarbeid med palliativt team for å kunne gje desse pasientane best mogleg behandling i denne fasa av livet. Det er lungelege er ansvarleg for pneumotorakshandsaming (både primære og sekundære), torakocentesane og innlegging av tunnelerte kateter. Som LIS blir du involert i desse prosedyrene.

Vi har felles medisinsk polikinikk ved avdelinga, men med tilsett lungesjukepleiar og god tilgang på lungemedisinsk poliklinisk utgreiing. Hovudtyngden av pasientar er utgreiing av lungekreft/tumor pulm, kols, astma, men og interstitielle lungesjukdomar, kronisk respirasjonssvikt (inkludert ALS i nært samarbeide med nevrolog i Ålesund), tuberkulose (latent og aktiv), allergiar (med hovudvekt på pollenallergi), utgreiing av søvnvanskar (særleg osas). Kvart år utfører vi om lag 50 bronkoskopiar, vi har og tilbod om EBUS. Tilpassing av autoCPAP ved søvnapnoe blir utført av sjukepleiarane, men lungelege har ansvaret for bilevel CPAP og heimerespiratorar.

Du vil ha teneste både på sengeposten, poliklinikken og i vakt medan du er hos oss. Det blir lagt til rette for at du har teneste ved alle eininga i avdelinga slik at du skal kunne få oppfylt læringsmål for del 2 indremedisin hos oss.

For lungespesialiseringa tilbyr vi både sengepostarbeid, poliklinikk og opplæring i praktiske prosedyrer som bronkoskopi, thoracocentese, pleuradren m.m. Du startar tidleg med poliklinikk med aukande vanskegrad og får tett oppfølging frå spesialist. Det er fast dag for EBUS. Du som LIS blir prioritert til å få delta i prosedyreaktivitet tilknytt lungefaget, både på poliklinikken og sengeposten. Av anna poliklinisk aktivitet får du stort volum i respirasjonsfysiologiske undersøkingar, i tillegg til at vi og har ergospirometri og allergiutgreiing som du vil delta i. 

For å oppnå læringsmål vi ikkje har tilbod om hos oss vil du trenge teneste ved universitetssjukehus.  

Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er 18 månader. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus for slik teneste.

Nye LIS blir tatt godt imot ved avdelinga. Du startar raskt i klinisk sjølvstendig arbeid, men under tett supervisjon frå meir erfaren LIS-lege eller spesialist. Du får tildelt rettleiar ved oppstart.

Vi har internundervising lokalt og i tillegg felles lungeundervising med dei andre lungemiljøa i foretaket.

Den lokale undervisninga skjer to dagar per veke og varer i 40-45 minutt kvar gang. I tillegg er det digital lungeundervisning for heile foretaket ein gong per veke som varer i 45 minutt. Her vert det forelest etter oppsatt plan som dekker læringsmål i del tre lungemedisin over ei periode på om lag to år.

Som LIS-lege får du delta på nasjonale anbefalte kurs for spesialiteten.

Felles for sjukehusa: Ved lungeavdelinga har vi tilgang til dukke med luftvegar for bronkoskopitrening.  Medisinsk avdeling har også simulering for LIS i «medisinsk mottaksteam» og «stansteam» som del av ferdigheitstreninga.

Vi er ei lita og oversiktleg avdeling og eining og det er kort veg for å be om råd og assistanse ved behov. Vi blir raskt godt kjent og jobbar tett ilag.

Vi legg opp til at previsitt og visitt alltid skjer i lag og beslutningar blir tatt i samråd med spesialist. Dette sikrar mester-svenn-prinsippet som er viktig for god læring av lunge- og indremedisinfaget. Du får elles kontinuerleg oppføling ved prosedyrer i starten, etter kvart som kompetanse aukar gjer du dette meir sjølvstendig. Vi tilstreber å ta deg med i dei prosedyrene som er tilgjengeleg kvar dag.

Du får tildelt rettleiar når du starter. Rettleiing med møte kvar månad (satt opp som fast rutine) mellom spesialist og LIS.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Det er inga aktuell forsking ved avdelinga per no.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Ved medisinsk avdeling består utdanningsutvalet av 1 overlege og 1 LIS. Desse organiserer mellom anna internundervisning, oppfølging av LIS sine utdanningsplanar samt i aukande grad grupperettleiing rundt nokre tema. I tillegg har lungeavdelinga 1 overlege og ofte også LIS som følgjer opp utdanningsplan spesifisert for lungemedisin. Vi er tilgjengelege for spørsmål og tek gjerne imot konstruktive innspel angåande spesialiseringa

Ved medisinsk avdeling har vi ein YLF-tillitsvalt for LIS-legar og ein OF-tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalgt er tilgjengleg for alle spørsmål om arbeidskvardagen, til dømes arbeidsplan, kontrakt, lønn, ferieavvikling og anna. Det er og eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt
Lungespesialist og leiar av utdanningsutvalet Odd Frode Aasen, tlf 70 10 50 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023