Spesialisering i nevrologi ved Molde sjukehus
Nevrologisk avdeling i Molde har ein sengepost med ei slageinig og ei eining for generell nevrologi. Dette er den vaktberande avdelinga innan nevrologi i foretaket og vi har ansvar for all akuttnevrologi i heile Møre og Romsdal, utanom hjerneslag som blir behandla ved dei medisinske avdelinga ved dei andre sjukehusa i foretaket. Vi har i tillegg ei dageining med utgreiing av elektive pasientar, samt infusjonsbehandlilng. Vi har og ein omfattande poliklinisk aktivitet med både legar og sjukepleiarar.
Avdelinga har eit eige nevrofysiologisk laboratorium med moglegheit for nevrofysiologisk utgreiing med EEG, søvndeprivert EEG, ENG, VEP, SEP og EMG og polysomografier. Ved poliklinikken har vi utstyr og erfaring med å justere og fylle på baklofenpumpe, kontroll av DBS- og STN-stimulator, vagusstimulator og Strataventil.
Vi er no 8 LIS-legar og 6 overlegar i avdelinga. LIS-legane går 8-delt tilstadevakt heile veka og vaktdøgnet er delt i to. Overlegane dekker bakvaktsfunksjonen som døgnvakt og har heimevakt frå klokka 18.
Avdelinga har ein omfattande forskingsaktivitet, mellom anna på Parkinsons sjukdom, cerebrovaskulære sjukdommar, MS, borreliainfeksjonar med meir.
Når du startar som LIS-lege hos oss startar du primært med arbeid i sengepost i tett samarbeid med spesialist. Du har og følgevakter før du startar med sjølvstendig vaktarbeid. Etter kvart som kunnskapen auker får du gradvis meir sjølvstendige oppgåver med poliklinikk. Poliklinikken er organisert som emnepoliklinikk som inneber at du får konsentrere deg om ei hovuddiagnose om gangen, til dømes parkinsons sjukdom, epilepsi osv. Nevrologisk avdeling behandlar heile det nevrologiske sjukdomsspekteret og har eiga vaktordning. Det gjer at nesten alle læringsmåla kan oppfyllast ved avdelinga med unntak av 6 måneders teneste ved nevrokirurgisk avdeling og 6 måneders teneste ved anna nevrologisk avdeling som fortrinnsvis skal vere ei universitetssjukehusavdeling. Vi har inngått annen nevrologisk avdeling, fortrinnsvis en universitetsavdeling. Det er inngått avtale om samarbeid med St Olavs Hospital i Trondheim om 12 måneder spesialiseringsperiode for denne tenesta.
Når du startar som LIS-lege hos oss startar du primært med arbeid i sengepost i tett samarbeid med spesialist. Du har og følgevakter før du startar med sjølvstendig vaktarbeid. Etter kvart som kunnskapen auker får du gradvis meir sjølvstendige oppgåver med poliklinikk. Poliklinikken er organisert som emnepoliklinikk som inneber at du får konsentrere deg om ei hovuddiagnose om gangen, til dømes parkinsons sjukdom, epilepsi osv. Nevrologisk avdeling behandlar heile det nevrologiske sjukdomsspekteret og har eiga vaktordning. Det gjer at nesten alle læringsmåla kan oppfyllast ved avdelinga med unntak av 6 måneders teneste ved nevrokirurgisk avdeling og 6 måneders teneste ved anna nevrologisk avdeling som fortrinnsvis skal vere ei universitetssjukehusavdeling. Vi har inngått annen nevrologisk avdeling, fortrinnsvis en universitetsavdeling. Det er inngått avtale om samarbeid med St Olavs Hospital i Trondheim om 12 måneder spesialiseringsperiode for denne tenesta.
Vi har internundervisning 2 timar kvar veke fordelt på 30 minutt fire dager. To dagar er det internundervisning etter ein tematisk utdanningsplan for å sikre at vi dekker alle hovedtemaene innan nevrologi og spesialistutdanninga. Ein dag i veka er det gjennomgang av aktuelle kasuistikkar eller artikkelgjennomgang med vekt på forskingsmessig metode. Ein dag i veka er det felles internundervisning for alle legar på sjukehuset, og det vekslar mellom avdelingane å halde innlegg. Ved den interne undervisninga på avdelinga vekslar det mellom LIS-legar og overlegar å halde innlegg.
Vi legg til rette for at LIS hos oss får delta på nasjonalt anbefalte kurs nødvendig for spesialistutdanninga slik at denne kan fullførast på forventa tid.
LIS-legar vert oppmoda til å ha presentasjon (poster eller innlegg) på nevrodagane og internasjonale kongressar. Utgifter til reise og opphold kan ein søke om dekning til på førehand gjennom avdelinga sitt forskingsfond.
Du får opplæring i justering og påfyll av baklofenpumpe, kontroll av DBS- og STN-stimulator, vagusstimulator og Strataventil. Det er og gode høve til å trene på spinalpunskjon med trykkmåling, spesifikk testing ved mistanke om normaltrykkshydrocephalus med meir. Du vil etter kvart få god kjennskap til nevroradiologien. Vi lærer opp LIS-legane våre i ultralyd av halsarterier, samt transcraniell doppler/ultralyd. I tillegg planlegg vi å starte med simulering av trombolytisk behandling ved hjerneslag kvart halvår.
Vi er ei oversiktleg avdeling med mykje tett samarbeid. Som LIS får du kontinuerlig supervisjon av alle overlegar avhengig av kompetanse og kven du samarbeider med ved sengeposten eller poliklinikken. Det er alltid overlege med på sengepost og tilgjengeleg på poliklinikk. Bakvakt har alltid hovedansvar for supervisjon til LIS-legar på sine vakter, rettleiar er vanlegvis lett tilgjengelig både for planlagte møter samt etter behov.
Rettleing og fagleg utvikling:
Rettleiing blir til rettelagt som ein kombinasjon av individuell og gruppebasert rettleiing. LIS-lege i Ålesund vil delta i den faglege gruppebaserte rettleiinga. Den individuelle rettleiinga er med din rettleiar og det er planlagt eit møte kvar månad, men det er god tilgang på både ormelle og uformelle samtaler i tillegg til dette. Det er rettleiar som har hovudansvaret for oppfølging av din utdanningsprogresjon.
Ein dag i veka er det sett av 4 timar til fagleg fordjupning. Vi oppmodar og alle LIS-legar om å delta på faglege møter lokalt eller nasjonalt. Utgifter til reise og opphald kan på førehand søkast om dekning til frå avdelinga sine kursmidlar under føresetnad at kurs og møter er fagleg relevant.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Vi vektlegg forsking i det nevrologiske miljøet i foretaket. Du har høve til å søke støtte i avdelinga sitt forskingsfond for å starte opp både større og mindre prosjekt.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Utdanningsutvalet har ansvar for organisering av internundervisning, samt årleg evaluering og forslag til kvalitetsforbetring av LIS-utdanninga.
Det er YLF-tillitsvalt ved avdelinga som tilser at interessene til LIS-legane er ivaretekne. Det er og eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Bernd Müller, overlege og seksjonsleiar for legar i Molde og Ålesund.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.