ÅL test

Om Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus ligg i Ålesund kommune, 9 km aust for Ålesund sentrum.

Ålesund sjukehus er det største sjukehuset i Helse Møre og Romsdal og er både lokalsjukehus for Ålesund og kommunane rundt på nordre del av Sunnmøre, og har fylkesfunksjon for fleire delar av spesialisthelseteneste-tilbodet i foretaket. Sjukehuset har om lag 2500 tilsette og har vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, radiologi, anestesi, gynekologi, pediatri, ØNH, auge, kreft, voksenpsykiatri, barne- og ungdomspsykiatri og rus- og avhengighetsmedisin. I tillegg har revmatologi vakt på dagtid. Kreftavdelinga er den einaste i fylket. Barneavdelinga er den største i fylket og har og eigen nyføddintensiv. Ålesund sjukehus har helikopterbase og AMK har lokaler inne i sjukehuset. Det er og DPS-tilbod i regionen som er tilknytt sjukehuset. Den store bredda i fagtilbodet gjer dette også til det mest differensierte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim.

Med om lag 50 000 innbyggjarar er Ålesund er den største byen i Møre og Romsdal. I nærleiken av sjukehuset finn du handelsstaden Moa med store kjøpesenter og bussterminal. Bysentrum finn du ei drøy mil lenger ut mot havet enn sjukehuset, der den ligg på tre ulike øyer med bruer mellom seg og skvulpar i havgapet. Byen er kåra til Norges finaste by og med det kjende Brosundet omkransa av flotte jugendhus og hyggelig bystemning er det lett å trivast her! Kafe- og restauranttilbodet er stort og noko for ein kvar smak, og langs kaia kan du nesten dagleg handle fersk sjømat direkte frå ein fiskebåt. Ein rask spasertur opp trappene til byfjellet Aksla gjev ei fantastisk utsikt over byen og den perfekte staden for å sjå sola gå ned i havet om sommaren. Det er eit levande sentrum, og i heile kommuna og omlandet elles er det stor tilgang på kulturelle tilbod i alle sjangrar. Byen arrangerer matfestival kvar seinsommar, og det er fleire musikk- og aktivitetsfestivalar i byen kvart år. 

Ålesund ligg med umiddelbar nærleik til spektakulære fjell og fjordar, med uendelege moglegheiter innanfor eit heilårs friluftsliv både i fjellet og ved sjøen. Det er og kort veg til kjende fjordarmar som Hjørundfjorden og Geirangerfjorden. Du finn alltid ein kollega som gjerne viser deg sin favorittur – dei er det mange av!

I tillegg til sjukehuset, har NTNU eiga avdeling i byen og det er kort veg til mykje ulik industri i omlandet rundt kommuna. Det er god tilgang på bussforbindelsar elles i fylket og til både Trondheim og Oslo, og det er og hurtigbåt til Søre-Sunnmøre og øysamfunn på grensa til Romsdalen. Hurtigruta legg til i byen kvar dag. Ein kort kjøretur frå byen ligg flyplassen med fleira daglege avgangar til både inn- og utland.​

Ålesund sjukehus kan by på følgjande spesialistutdanningar:

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.