Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i øre-, nese-, halssjukdommar ved Ålesund sjukehus

Vi dekker behandlingstilbodet innen ØNH for befolkninga på Sunnmøre og har eit nedslagsfelt på om lag 150 000. Dette er den største og mest komplette av dei to ØNH-seksjonane i foretaket. Vi har no 5 overlegestillingar og 4 LIS-stillingar. Det døgnkontinuerleg vakt der LIS går 4-delt forvakt med heimevakt og overlegane går 5-delt bakvakt, også med heimevakt. Ved hørselsentralen er det tilsett 7 audiografar og vi har og ei eiga audiopedagogisk ening med  totalt 7 tilsette audiopedagogar og andre Vi har med dette stor kompetanse innen barneaudiologi. Ålesund Sjukehus har også den einaste barneavdelinga med nyføddintensiv i fylket som har kompetanse for behandling av nyfødde ned til veke 26.  ØNH har støttefunksjon for desse pasientane. I tillegg har Ålesund eiga kreftavdeling med sengepost og stråleterapieining der vi bidreg i behandling av pasienter med kreftsjukdom i hovud-/halsregionen.

Det kirurgiske tilbodet vårt dekker alle delar av faget som ikkje er sentralisert til universitetssjukehus, herunder nese-bihulekirurgi, mellomørekirurgi, blautkirurgi, laryngologi, plastisk kirurgi og laserkirurgi. Kirurgisk behandling av nyfødde og barn under 1 år er sentralisert til oss.

Vi har omfattande poliklinisk og kirurgisk aktivitet. Drifta vår er til ei viss grad seksjonert der ulike overlegar har eigne ansvarsområder med spesialkompetanse. Vi tilstreber at problemstillingane som LIS-legane møter er tilpassa kompetanse og erfaring. LIS-legane er ikkje tilknytta nokon spesiell seksjon, noko som medfører stor variasjon i arbeidsoppgåver og pasientgrupper du møter. Vi prøver likevel å samle like operasjonar på éin LIS om gangen, for best mogleg fagleg progresjon. Det er etablert godt samarbeid med kjevekirurgisk seksjon slik at du som LIS hoss oss får delta på kjevekirurgiske inngrep. Vi samarbeider også med lungeavdelinga for CPAP-tilpasning. Elles er det nært samarbeid med kreftavdeling og barneavdelinga. Vi tilstreber og at alle skal få rotasjonsteneste ved audiopedagogisk eining.

Du får oppfylt dei fleste læringsmåla hos oss, men nokre funksjoner er sentralisert til universitetssjukehus. Det er derfor nødvendig med 18 månader spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å få oppfylt alle læringsmål. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus for slik teneste.

Den første tida som LIS hos oss er det meste av arbeidsoppgåvene relatert til akuttpoliklinikk og som assistent ved operasjonar for raskt å få god oversikt over faget. Det er overlege tilstade på poliklinikken og denne ser pasientar saman med med deg den første tida. Du startar raskt i vakt, men du har alltid overlege som bakvakt som er lett tilgjengeleg.

Vi deltek på nasjonal nettundervisning kvar veke i tillegg til vår eigen lokale internundervisning kvar veke. Ein gong pr månad er det undervisning saman med Audiopedagogisk poliklinikk og Hørselsentralen. Første fredag kvar månad er det felles internundervisning for heile sjukehuset i auditoriet, og det vekslar mellom avdelingane å halde innlegg der.
Som regel får LIS-legane våre reise på dei kursa dei får plass på, som eit minimum éin gong per halvår.

Vi har jamleg gjennomgang av bronkoskopiutstyr, med simulering saman med lungeavdelinga og anestesiavdelinga. Det er og jamleg gjennomgang av prosedyre for nødtracheotomi.

Vi er eit lite og oversiktleg miljø med tett og nært samarbeid mellom alle legane og det er lett å få hjelp og tilbakemelding på arbeidet. Det er alltid overlege tilstade på poliklinikken og operasjonsstua. Etter kvart som du blir meir erfaren får du operere aleine, også inngrep i narkose, men ikkje utan overlege tilstade på sjukehuset og heller ikkje utan tilstrekkeleg kompetanse på det aktuelle inngrepet. Sidan miljøet er såpass lite, vil det vere kontinuerleg dialog mellom legane for å tilpasse at du til ei kvar tid får det du treng av opplæring.

Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss. Vil tilstreber samtale med rettleiar kvar månad. I arbeidsplanen er sett av tid til fagleg fordjupning kvar veke tilsvarande ein halv arbeidsdag pr veke.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Avdelinga har ein LIS med PhD og ein overlege som skal disputere for PhD juni 2019. Vi deltek i ConVenTu-studien, ein multisenter-studie utgåande frå NTNU. Det er også utbredt audiologisk forsking hos oss.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet består av overlege som er leder, seksjonsleder samt én LIS, helst erfaren LIS. Utvalet har overoppsyn med LIS-utdanninga og ansvar for å planlegge internundervisninga.

Det er tillitsvalt for YLF både på avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Lars Duwe, overlege/seksjonsleder ØNH Ålesund

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 02.05.2023