Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i ortopedisk kirurgi i Helse Møre og Romsdal
Ortopedi er den delen av kirurgien som behandlar skader og sjukdommar i bevegapparatet. Det er eit fag for deg som liker å kombinere det praktiske og det akademiske. Faget er særs variert og inneheld alt frå akutte trafikkulykker til planlagde korsbandsoperasjonar, frå spedbarn med klumpfot til eldre med lårhalsbrot, frå mikrokirurgi i hand til store proteseinngrep.

Den ortopediske utdanninga i Møre og Romsdal skjer ved alle dei tre sjukehusa våre. Sjukehusa har noko ulike profilar, og samarbeider derfor for å gi deg ei best mogleg utdanning i faget. I tillegg treng du 18 månader ved eit universitetssjukehus.
Spesialisering i ortopedisk kirurgi ved Volda sjukehus
Spesialisering i ortopedisk kirurgi ved Ålesund sjukehus
Spesialisering i ortopedisk kirurgi ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal