Spesialisering i ortopedisk kirurgi ved Ålesund sjukehus
Minstetid for utdanning i ortopedi er totalt 6,5 år. Dei fleste læringsmål kan oppnås hos oss. Vi har avtale med St. Olavs hospital og Oslo universitetssjukehus om spesialiseringsperiode på 18 månader.
Etter å ha blitt ønska velkommen, vil du få følge ein meir erfaren LIS dei første dagane for å gjere deg kjend med sjukehuset, rutiner ved avdelingen og ulike datasystem. Du vil få ei innføring i arbeidet på alle læringsarenaer; poliklinikken, akuttmottaket, operasjonsavdelingen og sengeposten. I tillegg vil du vere med ein meir erfaren LIS på vakt. Når du startar i sjølvstendig vakt vil du alltid ha ein overlege som bakvakt. Denne kan du kontakte for råd og bakvakta vil og vere med på alle inngrep fram til du er sjølvstendig.
Vi har 2 undervisningstimar med internundervising kvar onsdag og torsdag. Både LIS og overlegar bidreg med undervisning på lik linje. Ein gong i månaden har vi felles videoundervisning mellom dei fire sjukehusa i fylket. Vi har og planer og jevnlig kollokvie for LIS med overlegane i dei forskjellige fagfelta. LIS skal delta på nasjonalt anbefalte kurs, og andre relevante kurs for spesialiteten. Du har krav på minimum 2 veker permisjon med lønn kvart år for kursaktivitet. Kursavgift samt overnatting/kostutgifter dekkast av DNLF utdanningsfond III eller av arbeidgiver.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Vi har høg forskingsaktivitet på avdelinga og har som mål å legge til rette for deg som ønsker å jobbe med forsking i tillegg til klinisk arbeid. Vi har 2 legar med PhD, samt 3 legar som er PhD-studentar i deltidsstilling. Forskingsprosjekta består en RCT på operative teknikkar av spinal stenose, biomekanisk og klinisk forsking på ein ny skulderstabiliserande operasjonsteknikk, genetiske risikofaktorar for ortopediske tilstandar, behandling av distale radiusfrakturar og behandling av ankelfrakturar. Vi jobbar med spennande prosjekt ved avdelinga, mellom anna oppbygging av ein biomekanisk lab i samarbeid med NTNU.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Vi har eit utdanningsutval som har ansvar for å planlegge og koordinere utdanningsvirksomheten på avdelingen og utgjerast av ein overlege og ein LIS. Utvalet skal sørge godkjent utdanningsplan, undervisningsprogram og oppnevning av fast rettleiar til kvar LIS. Vi har som mål å utdanne dyktige ortopedar ved vår avdeling og jobber stadig med å forbetre forholda og tilretteleggje for dette.
Vi har eigen YLF-tillitsvalt på avdelinga som vil forsøke å ivareta dine rettigheter og interesser på en best mogleg måte. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Jane Indrevåg, utdanningsansvarleg overlege
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.