Spesialisering i ortopedisk kirurgi ved Molde sjukehus
Du treng om lag 3 år for å kunne oppfylle dei læringsmåla vi kan tilby hos oss. I tillegg treng du om lag 1,5 år i Kristiansund eller Ålesund for å lære deg ferdigheter innan barneortopedi, ryggkirurgi og kneprotesekirurgi. Det er og nødvendig med 18 månader teneste ved universitetssjukehus. Vi har avtale med St. Olavs Hospital og Oslo universitetssjukehus om slik teneste.
Etter å ha blitt ønska velkommen, vil du få følge ein meir erfaren LIS-lege dei første dagane for å gjere deg kjend med både sjukehuset, rutiner og ulike datasystem. Du vil få ei innføring i arbeidet på skadepoliklinikken, i akuttmottaket, arbeid på sengepost og elektiv poliklinikk. I tillegg vil du vere med ein meir erfaren LIS-lege på vakt. Når du startar i sjølvstendig vakt vil du alltid ha ein overlege som bakvakt. Denne kan du kontakte for råd og bakvakta vil og vere med på alle inngrep fram til du er sjølvstendig. Etter kvart vil du og få starte med elektive/ planlagde inngrep på poliklinikken og på operasjonsavdelinga.
Vi har fast internundervisning kvar torsdag morgon som varer i 90 minutt. I tillegg deltek vi på felles ortopedisk internundervisning i fylket som foregår som videomøte.
Som LIS skal du delta på nasjonalt anbefalte kurs, og andre relevante kurs for spesialiteten. Du har krav på minimum 2 veker permisjon med lønn kvart år for kursaktivitet. Kursavgift samt overnatting/kostutgifter som ikkje dekkast av DNLF utdanningsfond III, dekkast av arbeidgiver dersom deltaking på kurset vert innvilga.
Vi har lite utstyr for eigen simulering og ferdighetstrening, men alle legar i Molde har høve til å delta i Ålesund sitt treningsopplegg i eigen biomekanisk lab. Denne kan du lese meir om under Ålesund sine ortopedisider.
Avdelinga er lita og oversiktelig. For oss er det viktig med praktisk og pasientnær mester/svenn-konsept i eit dynamisk team, systematisk planlegging av undervisning og supervisjon. Som LIS har du eigen poliklinikk kvar veke med pasientar til kontroll og utredning. Vi sett LIS opp målretta til operasjonar for å sikre rask progresjon av ferdigheitene på vegen til å bli ein trygg operatør. Du startar med assistanser og mindre operasjonar og har alltid ein erfaren operatør med deg. Samstundes lærer du i møte med pasienten på sengepost, poliklinikk og akuttmottaket å bli trygg som lege, og å ta avgjersler. Du har alltid ein overlege til disposisjon for å konferere med. Vi fokuserer og på systematisk kvalitetsforbetring.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Vi deltek i multisenterstudier ved avdelinga. Vi har ein lege som har starta på eit PhD-løp.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Det er ikkje alt vi kan føreseia i ein klinisk kvardag på sjukehus og det gjer at planar frå dag til dag gjerne må endrast og justerast. Dette er heller ikkje noko unntak for utdanninga. Målet er at vi har eit system for utdanning som gjer at du i løpet av spesialiseringa utviklar deg til ein dyktig ortoped. Vi ønsker at du samarbeider med utdanningsutvalet og bidreg slik at systemet for utdanning heile tida blir best mogleg.
Utdanningsutvalet vårt utgjerast av to spesialistar og ein LIS-lege. Det er spesialist som er leiar av utdanningsutvalet.
Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelinga som vil forsøke å ivareta dine rettigheter og interesser på en best mogleg måte og du må berre ta kontakt med denne om det skulle vere noko. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Jens-Meinhard Stutzer, overlege, seksjonsleiar.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.