Spesialisering i patologi ved Ålesund sjukehus
Vår avdeling dekker behovet for patologitenester for spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal.
Vi har eit stort og omfattende diagnostisk materiale i avdelinga.
I 2018 besvarte vi 25.105 histologiprøver, 19.200 prøver fra livmorhals, 3.946 anna cytologi og 56 obduksjoner.
Avdelinga har 4 overlegar i patologi og 2 LIS. Vi har arbeidstid på dagtid, både for bioingeniørar og legar. Det er ikkje vaktard på kvardager og heller ikkje helgearbeid.
Vi har MDT-møter (multidisiplinære teammøter) med kliniske avdelingar i helseforetaket og dette er eit arbeid du som LIS deltek i.
Den viktigste oppgåva første halvår er å bli kjende med dei vanlege prosedyrene ved avdelinga og starte trening å kunne jobbe med dei ulike prøvemateriala, gradvis meir sjøvstendig. Alle opplæring vert gitt av meir erfaren lege, enten erfaren LIS eller spesialist.
Det første du lærer er å utføre makrobeskjæring av preparater. Deretter skal du også lære å vurdere makroskopiske funn på eit uselektert materiale, der du starter med enkle prøver og avanserer meir etter kvart. Hensikta er også å tilegne kunnskap om målretta utvelging av vev for mikroskopisk undersøking.
Det neste steget er opplæring i frysesnittdiagnostikk med både beskjæring av ferske preparat og mikroskopisk undersøking.
Opplæring i biopsidiagnostikk (mikroskopisk undersøkelse) startar mot slutten av perioden. Du blir tildelt biopsiar for mikroskopisk undersøking og startar med små biopsier frå enkle lokalisasjonar og organ. Alle biopsiar går du gjennom med spesialist i etterkant for å sette rett diagnose.
Opplæring i obduksjonsteknikk kan og starte allerede første halvår.
2. halvår-2. år:
Dette er tida for å avansere obduksjonskunnskapen der du gjer stadig meir kompliserte obduksjonar aleina. Du skal no også få innføring i mikroskopisk undersøking av placenta, som er ein naturleg del av opplæringa om perinatale obduksjoner.
3.-5. år:
I denne perioden fortset du arbeidet med makroskopisk undersøking, frysesnitt, mikroskopisk diagnostikk og obduksjon. I tillegg skal du no lære cytologisk diagnostikk. Dette inneber ei 6 månader lang periode med hovedfokus på cytologisk diagnostikk. Du lærer først screening av cytologiske prøver fra livmorhalsen og etter kvart vert det utvida med cytologiske prøver frå urin, serøse væsker og finnålsaspirater fra ulike organsystem.
Spesialiseringsperiode:
Du vert ikkje ferdig spesialist ved vår avdeling og det er nødvendig med om lag eit års tjeneste ved eit universitetssjukehus for å fullføre læringsmål som vi ikkje kan oppfylle heilt eller delvis i vår avdeling. Vi har inngått avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim for slik teneste. Dette vert som oftast gjennomført det fjerde året i spesialiseringa. Dersom du har oppnådd dei aktuelle læringsmåla allerede ved ei anna patologiavdeling, treng du sjøvsagt ikke tjeneste ved St. Olavs Hospital.
Når du startar hos oss blir du introdusert for avdelinga. Du får da også tildelt rettleiar. Du får i løpet av den første tida ei kort innføring i IT-systemet, gjennomgang av kvalitets- og dokumentstyringssystemet, ei kort innføring i våre laboratorierutiner med omvisning på laboratoriearealene, samt ei kort innføring i obduksjonsrutiner med omvisning på obduksjonsareala. Du får da også bli kjent med ulike yrkesgruppene som arbeider ved avdelinga og har ansvar for dei ulike oppgåvene. Vidare opplæring/praktisk bruk av avdelinga sine datasystem og bruk av kodesystem i diagnostikk skjer parallelt med arbeidet med makroskopisk og mikroskopisk diagnostikk, i samarbeid med mer erfaren lege i spesialisering eller overlege. Den første perioden går du saman med meir erfaren LIS. Du bør også bruke denne tida på sette deg inn i ulike rutiner ved avdelinga som du får informasjon om når du startar.
Avdelinga har eige bibliotek der du finn eit fleirmannsmikroskop. Dette kan nyttast til gjennomgang av histologi- og cytologiprøver for større grupper. Biblioteket er utstyrt med storskjermar tilkopla mikroskop og pc. Bokutvalget er godt og blir jevnlig oppdatert. I tillegg til biblioteket har alle legane ved avdelinga elektronisk tilgang til bøker og oppslagsverk på nett.
Avdelinga vår er lita og oversiktleg og vi arbeier alle tett saman.
LIS arbeider alltid under supervisjon frp spesialist og det er kort veg for å be om hjelp ved behov. Vi har i tillegg systematisert supervisjonen ved dei ulike diagnostiske metodane vi bruker i avdelinga.
1) Supervisjon ved mikroskopisk undersøkelse av vevsprøver:
Du blir tildelt biopsiar for mikroskopering. Større preparat har du kanskje sjølv tatt makrobeskjæring på. Vevsprøvene blir vurdert i dobbeltmikroskop saman med overlege. Då diskuterast funn og du lærer å formulere beskrivelsar og diagnoseoppsett. Etter kvart som du vert meir sjølvhjulpen kan du gjere meir sjølvstendig arbeid og vere med i opplæring av nye LIS.
2) Supervisjon ved makroskopisk undersøkelse av preparater:
Opplæring i håndtering av makroskopiske preparat blir i stor grad gitt av meir erfarne LIS. Spesialistar innan ulike organsystem er tilgjengelege for konsultasjon. Supervisjon foregår på makrobeskjæringsrommet der du får demonstrert beskjæring og deretter prøver sjølv. Her er det alltid meir erfaren lege tilgjengelig.
3) Supervisjon av obduksjon:
Dette er organisert slik at du først observerer gjennomføring av obduksjon og deretter deltek ved eit par obduksjonar sammen med meir erfaren LIS. Etter det gjer du selvstendig obduksjon, og tilgang på supervisjon av meir erfaren lege er god. Før du skal utføre obduksjon diskuterer du sjukehistorie/, problemstilling, differensialdiagnoser og forventa funn med spesialist før du går til obduksjonssalen. Ved behov for hjelp tilkallast spesialist til obduksjonssalen. Fosterobduksjon gjerast som regel i fellesskap med spesialist.
Rettleiing:
Du får tildelt rettleiar når du startar i avdelinga. Det vert sett av tid i arbeidsplanen til månadelg rettleiing. Etter behov vert dette eventuelt justert.
Det vil nokre gongar i året vere grupperettleiing for LIS i avdelinga. Dette vil det også settast av tid til i arbeidsplanen. Spesialist eller erfaren LIS vil vere rettleiar. Det kan vere både tema frå felles kompetansemål som er relevant for patologi, men og andre temaer er aktuelle. Det vil i tillegg vere tverrfagleg grupperettleiing på sjukehuset der fleire tema innan felles kompetansemål er tema, og som LIS skal du delta på dette.
Fagleg utvikling:
Det er satt av fordjupningstid for LIS på arbeidsplanen, tilsvarande 4timar pr veke. Avdelinga har eige bibliotek med nyutgaver av dei fleste aktuelle oppslagsverk og biblioteket vert jamnleg oppdatert. Legane ved avdelingen har også elektronisk tilgang til eit bredt utvalg av nettbaserte bøker, tidsskrift og andre oppslagsverk.
Avdelingen tilstreber at LIS får delta på relevante kurs. Søknader om relevante kurs blir i stor grad innvilget.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Legane våre deltek med jamne mellomrom i forskingsprosjekt og samarbeider også med det kliniske miljøa om artikkelskriving ved høve. Vi ynskjer, og legg til rette, for at du som LIS deltek i forskningsprosjekt i løpet av spesialiseringa di som kan gje moglegheit for publikasjon på nett eller i tidsskrift.
Avdelinga har no eit samarbeidsprosjekt med kjevekirurgisk seksjon om å lage eit klinikopatologisk atlas om patologi i munn og kjeve. Biopsiar diagnostisert ved vår avdeling, samt enkelte tilfelle ved Haukeland universitetssykehus. Prosjektet går over to år og involverar ein overlege og ein LIS ved avdelinga i sammarbeid med kjevekirurgisk seksjon og patolog ved Haukeland universitetssykehus.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet utgjerast av avdelingssjef, utdanningsansvarlig overlege og rettleiar for LIS. Dette er dei same som utgjer avdelinga sitt evalueringskollegium. Vi vil ha regelmessige møter med deg som LIS der innhaldet og progresjonen i utdanninga blir evaluert. Utdanningsansvarlig overlege har ansvar for årlig revisjon og oppdatering av den offentlige utdanningsplanen i samarbeid med utvalgets medlemmer.
LIS har eigen tillitsvald ved avdelinga, og det er etter behov møter mellom LIS for å diskutere aktuelle problemstillingar. Tillitsvalgt for LIS kan også diskutere saker med tillitsvalgt for overlegane eller seksjonsleiar ved behov. Det er eigen hovedtillitsvalgt for YLF på sjukehuset og også eigen tillitsvalgt for YLF på foretaksnivå.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.