Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i radiologi i Helse Møre og Romsdal
Det er i radiologen mykje av diagnostikken skjer! Arbeidsoppgåvene er varierande og ingen dag er lik! I nært samarbeid med dei kliniske miljøa arbeider vi for å finne beste undersøking for pasienten for å finne svar på det klinikarane treng i sin diagnostikk. Den teknologiske utviklinga gir oss stadig nye moglegheiter.

I Helse Møre og Romsdal er det to radiologiske avdelingar. Avdeling for radiologi Ålesund/Volda har ein seksjon ved Ålesund sjukehus og ein seksjon ved Volda sjukehus, medan Avdeling for radiologi SNR er lokalisert ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset.
Begge dei radiologiske avdelingane er organisert under Klinikk for diagnostikk saman med Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank, Avdeling for medisinsk mikrobiologi og Avdeling for patologi. Du kan lese meir om dei ulike seksjonane vår under.
Spesialisering i radiologi ved Volda sjukehus
Spesialisering i radiologi ved Ålesund sjukehus
Spesialisering i radiologi ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal