Spesialisering i revmatologi ved Ålesund sjukehus
Det er faste internundervisningsdagar mandag (med unntak av allmøte ein gong i månaden), onsdag og fredag (med unntak av rettleiing ein gong i månaden) frå kl. 08.15 - 09.00 i minst 35 veker per år. Undervisingsutvalet set opp undervisingsplan med utgangspunkt i læringsmål slik at alle store emne dekkast i løpet av ei 2-årsperiode.
Obligatoriske kurs (dei 8 anbefalte kursa er i praksis obligatoriske kurs i tråd med den nye utdanningsordninga) blir høgt prioritert. Ønske om kurs meldast inn via Min Arbeidsplan og blir innvilga med få unntak forutsatt at det er meldt inn i god tid før kursstart.
Det er ferdighetstrening i praktiske prosedyrar som ultralyd av ledd (standardprojeksjoner), sener og seneskjeder, ultralydrettleia leddinjeksjon, ultralyd av kar (vaskulittsjukdommar), ultralyd av nerver (carpal tunnel syndrom) og ultralyd av spyttkjertlar (Sjøgren), mikroskopering av leddvæske og endeleg kapillaroskopi. Det er også satt opp HLR-kurs og brannkurs etter gjeldande forskrifter.
Revmatologisk seksjon har ein velfungerande supervisjonsordning, satt i system slik at overlege har satt av tid i vekeplanen til supervisjon av alle LIS. Tilbakemeldingane frå våre LIS er at supervisør (alle overlegar) er lett tilgjengelege og lett å spørre om råd og hjelp til praktisk bistand. Supervisjon er høgt prioritert hos oss. Spesialistkomiteen har også trekt fram dette som eit kjenneteikn og kvalitetsstempel ved vår seksjon.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Seksjonen deltek i fleire forskarinitierte studiar. LIS oppfordrast til å vere med på desse. Ein av overlegane hos oss har PhD innan svangerskap og revmatisk sjukdom og rettleiar ein av våre LIS som har spesiell interesse for dette feltet.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
LIS-kollegiet har eigen tillitsvald som mellom anna følgjer opp arbeidsplanar.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Hallvard Fremstad, medisinsk- og utdanningsansvarleg overlege - telefon 70 10 54 00
Ida Barstad, seksjonsleiar, telefon 70 10 54 00
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.