Spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin ved Molde sjukehus
Molde behandlingssenter har ansvar for di med behov for langtidsinnlegging i avdelinga. TSB-seksjonane i Molde består av langtids døgnbehandling og poliklinikk, inkludert LAR.
Vi har to tilsette konstituerte overleger fordelt på kvar av seksjonane, i tillegg til to LIS-stillingar. Vi har ikkje foreløpig speisalist i rus- og avhengighetsmedisin tilsett i Molde. Fram til vi får ein godkjent spesialist er det etablert ei ordning med ambulerande teneste der russpesialistane frå Ålesund behandlingssenter reiser til seksjonane i Molde. Dette er i tillegg til felles møte- og undervisningsdag onsdagar. Ordninga er etablert for å bidra til ytterligare auka medisinskfagleg kompetanse, fagdiskusjonar, felleskonsultasjonar og løpande supervisjon og oppfølging i kvardagen ved institusjonen. Utover dette er spesialist tilgjengelig kvar dag via telefon, Skype eller video for ytterligare bistand.
Det er inga vaktordning for tilsette ved Molde behandlingssenter. Vakterfaring og akuttfunksjon dekkast under teneste ved seksjon for avrusning, Ålesund behandlingssenter.
Ved Molde behandlingssenter kan du få oppfylt fleirtalet av læringsmål, men ikkje alle. For dei resterande læringsmåla treng du teneste ved Ålesund behandlingssenter. Dette mellom anna for vakterfaring, akuttvurderingar og deltaking ved vurderingsinstansen som er lokalisert til Ålesund. Tenesta i Ålesund vil vere omtrent 12 månader.
Fordeling av tenestetid mellom dei ulike seksjonane i avdelinga vil vere omtrent som dette:
Poliklinikk Molde:12 månader
Døgnpost utover avrusning Molde (langtids døgnpost): 6 månader
Valfri teneste innan avdeling for TSB: 18 månader
Avrusing Ålesund behandlingssenter: 12 månader
Vi har ikkje eit fast opplegg for gjennomføring som passer alle, men mest hensiktsmessig meiner vi det vil vere å starte med teneste ved langtids døgnseksjon tidlig i spesialiseringa og poliklinikkteneste fortrinnsvis mot slutten. Kvar du startar vil naturleg nok og vere avhengig av kvar det er behov når du kjem og kva behov du har i di utdanning. Ved rotasjon mellom de ulike seksjonane er tidspunkt satt til høvesvis 1.september og 1.mars, men der dette naturligvis kan justerast etter individuelle behov. Halvtårsevalueringsmøta for den enkelte LIS blir sett opp i god tid før rotasjonstidspunkta slik at det blir enkelt å planlegge
Når det gjeld tenesta ved Ålesund behandlingssenter så vil vi så langt mogleg tilpasse dette dine behov og moglegheiter. Du kan feks. velje om du vil ha 12 månader i 100 % stilling i Ålesund eller om du vil bruke to år og jobbe 50 % i Ålesund og 50 % ved enten ein av seksjonane ved Molde behandlingssenter eller gjennomføre psykiatrisk teneste.
Spesialistutdanninga i rus- og avhengighetsmedisin består og av omtrent eit års teneste i psykisk helsevern med eit halvt år i akuttavdeling eller ambulant akutteam. Tenesta elles er valfri mellom sengeavdeling, poliklinikk eller ambulant teneste i DPS, BUP eller sjukehusavdeling.
Aktuelle avdelinger for eit års teneste i psykiatri som del av spesialiseringen i rus- og avhengighetsmedisin vil vere:
Sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal
Sjukehuspsykiatri Sunnmøre
DPS Nordmøre og Romsdal
DPS Sunnmøre
Du skal i løpet av spesialiseringa ha 30 timar rettleiing i valfri spesifikk terapimetode (kognitiv, gruppe eller psykodynamisk). Denne rettleiinga skal få av rettleiar med rettleiarkompetanse i den aktuelle terapiforma.
Som ny LIS vil du bli tatt imot av leiar for velkomst, introduksjon og omvisning. Du vil få relevant opplæring og innføring i dei viktigaste arbeidsoppgåvene og rutiner ved seksjonen av annen LIS/overlege. Dette inkluderer felles mottak, pasientsamtalar og vurderingar. I tillegg vil du som ny LIS bli introdusert for og få informasjon om rollefordeling/oppgåver i henhold til andre faggrupper ved seksjonen/avdelinga. Du vil etter kort tid få tildelt klinisk rettleiar og du vil så snart mogleg bli introdusert for vedkommande. Det er legemøte kvar veke, og ved første legemøte etter oppstart blir du introdusert for den øvrige legegruppa ved avdelinga.
Den legespesifikke internundervisninga i rus- og avhengighetsmedisin skal vere av eit omfang som dekker to timar kvar veke. Nokre av temaene som framgår av læringsmåla er tilsvarande for læringsmål i den psykiatriske spesialistutdanninga. For desse temaene er det fellesundervisning med psykiatrisk avdeling. Dette vil dessuten bidra til at vi blir betre kjent med kvarandre og at spesialiteten blir knytt tettare opp mot spesialiteten i psykiatri. Det gjer det enklare for oss å komme i mål med betre samhandling for rusavhengige sitt samansette sjukdomsbilete.
Dei temaene som er spesifikke for vår spesialitet, dekkast av eiga internundervisning i avdelinga. Vi har i samband med dette også høve til å leige inn eksterne foredragsholderar for seminardagar ved avdeling i samråd med lokal leiing. Dette gjerast i visse høve i samarbeid med psykiatrisk avdeling. Vi har og anledning til å invitere kollegaer frå respektive somatiske avdelingar for å dekke opp tema innan somatisk komorbiditet.
Vi har litteraturmøte i avdelinga kvar veke. Dette varer i 30 minutt. Det er alternerande ansvar mellom LIS-legar og overleger å halde innlegg på desse møta. Tema vil vere aktuelle artiklar, retningslinjer og kompliserte kasuistikkar.
I samarbeid med St. Olavs Hospital har vi blitt einige om at psykofarmakologisk forum skal vere første torsdag i desember og juni månad. Dette gjennomførast ved St. Olavs Hospital og er obligatorisk for våre LIS-legar. I samband med dette vil det i forkant vere ein dag med felles russpesifikk internundervisning for aktuelle LIS-legar i regionen, der dei respektive utdanningsutvala saman organiserer undervisningsprogrammet. Samla vil dette delar av den obligatoriske internundervisninga i spesialistutdanninga. Dette vil og gi felles møtepunkt for legar i spesialiteten i vår region, noko som er nyttig for fagleg drøfting og kollegialt samarbeid.
Internundervisninga består altså av russpesifikk undervisning i vår avdeling, felles internundervisning med psykiatrisk avdeling, deltaking på psykofarmakologisk form, felles internundervisning med St. Olavs Hospital i samband med psykofarmakologisk forum, litteraturmøter i avdelinga kvar veke og eventuelle seminardagar.
Både LIS og overlegar bidreg med internundervisning ved dei ulike arenaene vi har undervisning på. Det er utdanningsutvalet som set opp det konkrete programmet for kvart semester, i tillegg til at dei følger opp 4-årig undervisningsplan knytt opp mot læringsmåla.
Som LIS får du delta på nasjonalt anbefalte kurs nødvendig for å oppnå spesialiteten. I tillegg vil det bli lagt til rette for deltaking på andre relevante kurs. Det blir innvilga permisjon med løn og dekning av reiseutgifter som ikkje dekkast av Legeforeningens utdanningsfond III.
Vi har årlig førstehjelpskurs med instruktørar og simulering.
Det er lagt opp til jamlege konsultasjonar og pasientgjennomgang med overlege og/eller klinisk rettleiar med fokus på undersøking, utgreiing, vurdering og kommunikasjons-ferdigheter.
I faste legemøter og litteraturmøter kvar veke kan iblant diskuterast kompliserte og/eller andre relevante pasientkasuistikkar for å forbetre ferdigheter til alle legane ved avdelinga.
Molde behandlingssenter har to seksjonar som ligg med kort fysisk avstand mellom seg. Dermed er tett og jamleg kontakt mellom deg som LIS og overlege til stade. Det er utanom dette lett tilgang på praktiske råd og bistand via telefon eller Skype så ofte du treng. Supervisjon blir gitt fortløpandre frå meir erfaren kollega, nokre gonger også frå andre faggrupper. Dette er både i samband med drøfting av konkrete pasientkasus og til dømes ved felleskonsultasjoner. Det er og tverrfaglege diagnose- og behandlingsmøter kvar veke. Supervisjonen skjer dermed parallelt med den vanlege kliniske kvardagen, og det er lav terskel for kontakt med meir erfaren kollega.
Rettleing og fagleg utvikling
Du vil få tildelt rettleiar når du startar hos oss og denne er spesialist i rus- og avhengighetsmedisin. Det skal vere rettleiing kvar veke. Du skal få tilbod om oppstart av klinisk rettleiing så snart mogleg etter oppstart og seinast innan ein månad. Oftast vil rettleiar vere ved same seksjon som du tilhører, men av og til vil det ikkje vere slik. Ved eventuelt mista rettleiing grunna fravær blir dette tatt igjen. Skulle rettleiaren din vere borte over ei lengre periode, får du sjølvsagt ein ny rettleiar den perioden.
Du skal i tillegg til klinisk rettleiing og ha rettleiing i valt psykoterapimetode. Dette gjennomførast i samarbeid med psykisk helsevern.
Ein gong kvart halvår vil det vere individuelle evalueringsmøter for deg. Der deltek klinisk rettleiar, psykoterapirettleiar dersom du har starta med dette, seksjonsleiar, leiar av utdanningsutvalet, avdelingssjef og du. I desse møta diskuterast både fagleg progresjon og planlegging av vidare utdanning ut i frå den kompetansen du har oppnådd. I tillegg diskuterer vi tema som fungering, trivsel og faglege interesseområder. Den individuelle utdanningsplanen din blir og oppdatert. Hensikta er å sikre at du får gjennomført spesialiseringa di på ein god måte.
Det er sett av fast 4 timer fordjupningstid kvar veke. Det er viktig at denne tida nyttast til faglig fordjupning og ikkje forefallande avdelingsarbeid.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Ved Molde behandlingssenter pågår et forskingsprosjekt som ser nærmere på emosjonsreguleringstrening og traumefokusert terapi ved alvorlig rusmisbruk. Prosjektet vil være en viktig bidragsyter til å utvikle veldokumentert behandling innen ROP feltet.
Avdelinga ønsker eit aktivt forskingsmiljø og det vert lagt til rette for slik aktivitet dersom ønskeleg. Vi oppmuntrar legar til å delta i slikt arbeid. Det er tilsett forskingsrådgivar både ved Ålesund og Molde behandlingssenter. Vi vil og legge til rette for å opplæring i vitskapsteori, forskningsmetodikk og –etikk, samt moglegheit for deltaking i forskingsprosjekt og eventuelt eige PhD-løp. Forskingsmetodikk og kunnskapshandtering er og ein del av internundervisninga.
Som LIS skal du delta i eit forbetringsprosjekt i avdelinga.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Avdeling for TSB har eit felles utdanningsutval. Utdanningsutvalet utgjerast av overlege frå Ålesund, som og er leiar av utvalet. I tillegg er det LIS-representant frå Molde, seksjonsleiar frå avrusningsseksjonen i Ålesund og poliklinikken i Molde, samt avdelingssjefen. Vi meiner det er heilt nødvendig at LIS-legane blir involvert i organisering og forbetring av LIS-utdanninga. Både deltaking i utdanningsutvalet, jamlege legemøter, årleg fellesevaluering av utdanningstilbodet og eit tett kollegialt samarbeid i det daglege mellom LIS-legar og overleger legger til rette for dette.
Utdanningsutvalet planlegg oppsett for og gjennomføring av internundervisning både i vår avdeling, men og i samarbeid med andre avdelingar. Utdanningsutvalet følger og med på at rettleiing gjennomførast som planlagt. Leiar for utdanningsutvalet deltek og ved halvtårsevaluering av LIS-legane.
Dine interesser som LIS blir ivaretatt av avdelinga sin YLF-tillitsvalt. Ved behov er det eigne møter for LIS-legane for å diskutere aktuelle saker. Tillitsvalt er lett tilgjengeleg for LIS og det er lav terskel for kontakt ved eventuelle spørsmål. YLF-tillitsvalt og tillitsvalt for overlegane samarbeider tett. Det er elles eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå og det er og tidvise møter for alle avdelingstillitsvalte ved sjukehuset.
For spørsmål om spesialistutdanningen ta kontakt med:
Avdelingssjef Kari Marie Remø Nesseth, tlf.nr. 984 72 288.
Overlege Nixon Sivagnanaratnam(utdanningsansvarlig overlege), tlf.nr. 97114854.
Overlege Aase Grebstad (medisinsk faglig rådgiver), tlf.nr. 986 00 587.
(Sentralbord TSB-seksjonene i Ålesund: 70 17 13 00)
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.