Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Kristiansund sjukehus
I Kristiansund finn du Avdeling for distriktspsykiatri Nordmøre og Romsdal. I fellesskap med avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal i Molde har avdelinga tilbod om teneste innanfor alle naudsynte tenesteområde for å oppnå alle læringsmåla i spesialiteten psykiatri.
Avdeling for sjukehuspsykiatri dekker opptaksområdet for både Molde og Kristiansund sjukehus, men ligg geografisk lokalisert i Molde og på Hjelset, der også det nye fellessjukehuset for Molde og Kristiansund vert bygd.
Avdeling for distriktspsykiatri har DPS i Molde som dekker opptaksområdet for Molde og DPS i Kristiansund som dekker opptaksområdet for Kristiansund.
- Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund
- Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund
Kontinuitet er viktig for å oppnå læringsmål. Dersom LIS3 får avbrutt teneste i ein rotasjon kan det verte aktuelt å bruke noko av den valfrie tenesta på å ta igjen den tida. Rotasjonen legg opp til at ein kan fullføre spesialistutdanninga på 60 månader, men det vert lagt til rette for å utvide dette dersom det er naudsynt. Pasienttilstrømming vil også kunne påverke noko kva for læringsmål du faktisk oppnår i dei ulike rotasjonane, men i sum vil du komme innom alt.
Tenesteområde | Antal månader (minimum) | Aktuelle læringsarenaer |
Akuttpsykiatri | 12 månader | Akutt psykisk helse Molde |
Rehabiliteringsteneste | 9 månader | Sikkerhetsseksjon B, Døgnbehandling DPS Kristiansund eller Molde, Poliklinikk DPS Molde med FACT-team |
Fordjupningsteneste | 9 månader | Alderspsykiatri, utgreiing og behandling, Poliklinikk DPS Molde med traumebehandling eller spesialisert angst/ OCD-behandling |
Allmennpoliklinikk | 12 månader | Poliklinikk DPS Kristiansund eller Molde |
Valfri teneste | 18 månader | Alle læringsarenaer er aktuelle |
Vi sender skriftleg informasjon om spesialistutdanninga og seksjonane før første arbeidsdag. Da får du og informasjon om oppmøtetidspunkt og oppmøtestad. På den aktuelle seksjonen blir dei første dagane brukt til introduksjon og arbeidet det er forventa at du som LIS skal gjere der. Du får tildelt klinisk rettleiar og rettleiinga startar i løpet av dei første to vekene.
Så raskt som mogleg etter oppstart skal du delta på obligatorisk kurs i vurdering av sjølvmords- og valdsrisiko, samt aktuelt lovverk innan psykisk helsevern.
Vi har felles internundervisning kvar veke på tirsdagar frå kl 12-14 for LIS3 ved alle seksjonar i Molde og Kristiansund i minimum 70 timer(minst 35 uker) i året. Undervisningen er obligatorisk for alle LIS3. LIS3 kan ta igjen eventuelt fravær fra undervisning med gjennomgang av aktuelt tema med veileder.
Vi har også såkalla litteraturmøte felles for LIS3 og spesialistar tirsdagar kl 14-15 i vårsemesteret. Det blir då lagt fram ulik relevant litteratur og kliniske problemstillingar/kasuistikkar. Kvar 4. veke er det fokus på aktuelle organisatoriske saker i et eget legemøte.
Vi har ein eigen 4-årig plan for internundervisning som samlet dekker teorigrunnlaget for dei ulike læringsmåla. Hovudansvaret for planlegging og gjennomføring av LIS3-undervisninga går på omgang mellom alle spesialistane tilsett ved seksjonane i Molde og Kristiansund. Både spesialistar og LIS3 har framlegg i undervisningen.
Alle LIS3 oppmuntrast til å delta på dagsseminar og kurs i foretaket. Det er i tillegg obligatorisk deltaking på helseforetaket sitt etikkseminar. Som LIS3 får du fri med løn til deltaking på nasjonalt obligatorisk grunnkurs i psykiatri, samt dei obligatoriske emnekursene og valfrie kurs etter behov.
Ferdigheter lærast best gjennom klinisk praksis på dei enkelte seksjonar. Det er ikkje lagt opp til eigen simulering eller ferdigheitstrening.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Det er felles YLF-tillitsvalt for Molde/Kristiansund. Denne sit og som fast medlem i utdanningsutvalet og har såleis ei viktig stemme med omsyn til utdanninga. YLF-tillitsvalt er og involert i ei rekke ulike fora saman med tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalt handterer og andre saker og spørsmål som LIS ved avdelinga måtte ha. I tillegg er det YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.