Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
UTDANNING OG KOMPETANSE
No kjenner Brenda seg tryggare ved handtering og stell av sentrale venekatetere
Gjennom praktisk gruppearbeid og ferdighetstrening er sjukepleiarar opplært i å førebygge infeksjonar ved bruk av sentralt venekateter (SVK) ved Klinikk Ålesund sjukehus. Initiativet er basert på eit kvalitetsforbetringsprosjekt ved kirurgisk sengepost ved Klinikk Volda sjukehus.
Publisert 01.11.2022
Sist oppdatert 13.02.2023
I haust har 45 tilsette, så langt, delteke på workshop for å øve meir på SVK stell.
Kursa er arrangert i samarbeid mellom VirtSim og seksjonsleiarar i Klinikk Ålesund og David Groot. VirtSim (Fagavdelinga) har etablert instruktørar i ferdighetstrening på Kirurgen 1, Medisin 5, Ortopeden og Medisin 2. I haust står Medisin 1 og Kirurgen 2 i tur for å få eigne instruktører.
Kva er sentral venøs kateter?
SVK vert oftast lagt inn inn i halsregionen til kritisk sjuke pasientar, eller pasientar som treng mange samtidige infusjonar, infusjonsbehandling over ein lengre periode eller har vanskeleg venetilgong. SVK krev hyppig skifting av treveiskraner eller anna forlengelsesutstyr.
Trur mange kjenner seg usikre
-Vi som deltok på kurset har snakka om opplevelsen vår i etterkant. Systematisk øving har gjort at vi no er meir sikre på denne behandlinga. Vi kunne mykje frå før, men aktiviteten i treninga var ei viktig oppfrisking. Vi veit no endå meir om korleis vi unngår å forurense utstyret og er bevisst på at dette skal gjerast likt. Gjennom det praktiske gruppearbeidet og ferdighetstrening i workshopen er vi no meir bevisst på korleis vi skal jobbe systematisk ved bruk av sentralt venekateter ved Klinikk Ålesund, forklarer Brenda engasjert.
Oppnår tryggare pasientar
Prosedyren kan være tidkrevande og utfordrande å utføre aseptisk utan avbrot. Førebygging av infeksjonar ved SVK er eit av 12 satsingsområder i Pasientsikkerhetsprogrammet som slår fast at kontaminering «… er assosiert med auka sykelighet, dødeligheit og auka omkostninger for helsevesenet»
- Mange saknar meir opplæring og ferdighetstrening, og det rår ofte usikkerheit rundt delar av prosedyren. I tillegg kjenner pasientane seg tryggare når vi utfører prosedyra likt, seier sjukepleiar David Groot som koordinerer SVK workshopdager. Groot legg til at dette er eit kvalitetsforbedringsprosjekt for å oppnå lik SVK praksis i Klinikk Ålesund. Deltakarane møter og det komande kompetanseportalkravet i SVK stell for sjukepleiarar i Klinikk Ålesund ved å delta på desse treningene.
Føremålet med kurset er både å redusere førekomst av komplikasjonar og gje pasientane trygglelik ved at stell og bruk er forutsigbart.
- Håpet er at dette fører til likare praksis, og at vi aukar kompetanse og pasienttryggleik. Og ikkje minst at dette kan kopierast på andre sykehus i helseføretaket, avsluttar Groot.
Fleire ferdigheitsinstruktørar
VirtSim koordinator Elisabeth Forberg presiserer at deler av dette har vore testa ut tidlegare ved Volda sjukehus:
-VirtSim og David Groot har fått inspirasjon til denne ideèn frå Kvalitetsforbetringsprosjektet VirtSim har utført saman med kirurgisk avdeling i Volda 2021-2022. Kursmalen er utvikla av VirtSim og kirurgisk avdeling i Volda. Groot har fokusert på ein av ferdigheitene instruktørene har fått opplæring i av VirtSimkoordinator i Ålesund, og etablert same opplæringa for sjukepleiestudentanepleiestudentene praksisperioden deira. VirtSim og Seksjon for Utdanning og kompetanse er stolt av at denne instruktørutdanninga vert breidda i føretaket og ønskjer å utvikle dette tilbodet vidare til fleire tilsette og studentar.