Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

UTDANNING OG KOMPETANSE

Rettleiarar og studentar førebur seg til praksis

Om få veker startar 2.- og 3. års sjukepleiestudentar i praksis i HMR. Kva forventningar har studentane og korleis førebur rettleiarane seg på å ta imot dei?

Publisert 26.08.2022
Sist oppdatert 13.02.2023

​I veke 35-42 vil om lag 500 studentar starte praksisen sin i sjukehusa i HMR. Studentane skal ut på alle sengepostar og ha medisinsk, kirurgisk og psykiatrisk praksis.  

Viktig erfaring   
Christian Hjelme går tredje året på bachelor sjukepleie ved NTNU og skal ha praksis ved kirurgisk sengepost 2 i Ålesund. Han håpar å få bruke det han har lært på studiet på ein slik måte at det kan trygge pasientane og at han får god og konstruktiv oppfølging frå rettleiarane. Christian har god erfaring som student i praksis: i forrige praksisperiode var han ved medisinsk sengepost 2 der han no har fått ein deltidsjobb.  

Christian Hjelme og Anja Kronstad.png

Studentane Christian og Anja frå NTNU ser fram til å sette teori ut i praksis ved sjukehuset i Ålesund

-Eg gler og er spent på ny praksis ved Vegsund DPS. Håpar på at eg får god kontakt med rettleiaren min. Det er spanande å jobbe innan ulike områder i helsetenesta for å finne ut k​va eg vil jobbe med når eg er ferdigutdanna, seier Anja Kronstad frå Voss. Eg håpar også at rettleiarane gler seg til å ta imot studentar og at dei er engasjert i at vi skal bli gode sjukepleiarar når vi er ferdig med skulen. 

Viktig arbeid også for rekruttering
Seksjonsleiar Renate Fylling ved Kirurgisk sengepost 2 i Ålesund skal snart ta i mot sju av studentane som skal i praksis. Ho er oppteken at at studentane skal få god informasjon både før dei startar og når dei kjem til praksisplassen:  
Synnøve Tolo  og Renate Fylling.jpg

Studentane som kjem til seksjonen kan bli våre framtidige kollegaer og vi gler oss til å bli kjent med dei, seier Synnøve Tolo og Renate Fylling

​​-Før praksistida startar sender vi ut infoskriv slik studentane kan lese seg opp på førehand. I inforskrivet er det forklart nærmare om fagfelta og kva sjukdomar som vert behandla. Første dag i praksis hos oss er det og nokre timar med innføring og informasjon, det er viktig at studentane får nok praktisk informasjon til at det vert trygga.  


Synnøve Tolo er fagsjukepleiar og har god erfaring med å ta i mot studentar:

-Vi legg vekt på at studentane lærer i tett dialog med rettleiar og at rettleiar er med i prosessen. Det er og viktig at ein saman med studenten disukterer korleis situasjonane er handtert, kva som kunne vore gjort annleis og kva som gjekk bra. Som rettleiar er det viktig at ein fin ein god balanse mellom å trygge og utfordre den einskilde studenten.

Seksjon for utdanning og kompetamse har ansvar for praksisplasshandteringa i HMR. Utdanningssjef Guro Berge vil rette ei stor takk til alle seksjonar som tar imot studentar gjennom heile året.