Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Simulering

Simulering gjer at helsepersonell kan trene på realistiske pasientsituasjonar i verkelege omgjevnadar, og kan vere alt frå ferdigheitstrening til fullskalasimulering. For å styrke auka fagleg kompetanse og betre pasienttryggleiken satsar HMR på simulering som pedagogisk verkty.  Prosess In situ Teamsimulering med ansatte og studenter NTNU/HMR - Hovedside (helse-mr.no)

Eit viktig mål med simuleringsarbeidet er å trene på realistiske pasientsituasjonar og på denne måten styrke utdanning og kompetansebygging for helsepersonell. Som ein konsekvens av dette aukar også pasienttryggleiken. I tillegg bidreg standardisert simulering til å bygge kompetanse på tvers av fagområda. I fleire scenarier vil ein til dømes trene i eit tverrprofesjonelle team.

​Simulering er ein viktig del av læringssløyfa for spesialisert helsepersonell. I fjor høst blei det gjennomført eit pilotprosjekt, kjend som SimiLis, med simulering på alle sjukehusa. 

Kvart sjukehus vil har ein VirtSim-koordinator, som vil jobbe tett opp mot teamleiar for VirtSim, Elisabeth Forberg.  Desse fire er:

  1.  Volda sjukehus: intensivsjukepleiar Bodil Helle
  2. Ålesund  sjukehus: anestesisjukepleiar Trine Larsen
  3. Molde sjukehus: intensivsjukepleiar Bjørn Ove Hagset (akuttmottak) 
  4. Kristiansund sjukehus: intensivsjukepleiar Stine Sagli
 

Videoar om helsefagleg simulering

Å øve i trygge rammer bidreg til auka kvalitet og utvikling av klinisk praksis. I samarbeid med NTNU har vi laga en serie med korte filmar som viser eit simuleringsscenario frå A til Å, med planlegging, gjennomføring og evaluering.
Videoar om helsefagleg simulering
Et uskarpt bilde av en mann og en kvinne

Nyheiter om simulering

    Sist oppdatert 18.04.2023