UTDANNING OG KOMPETANSE
Første kurs i kjeveleddskirurgi og artroskopi arrangert i Helse Møre og Romsdal
Den 5. og 6. september 2024 arrangerte Helse Møre og Romsdal sitt aller første kurs i kjeveleddsartroskopi og kirurgi, eit etterlenga tilbod for tannlegar og spesialistar innan oralkirurgi og maksillofacial kirurgi. Kurset vart halde i Ålesund, og deltakarane fekk ei grundig innføring i alt frå kjeveleddsanatomi til avanserte kirurgiske teknikkar.
Kurset samla spesialistar og kandidatstudentar frå heile landet, med mål om å styrke kunnskapen om behandling av pasientar med kjeveleddsproblem – ei pasientgruppe som veks i omfang. Gjennom to dagar med førelesingar og praktiske øvingar fekk deltakarane innsikt i kirurgiske prosedyrer og smertebehandling for pasientar med både ledd- og muskelsmerter i kjeveområdet.
-Ålesund sjukehus behandlar kvar veke 6-7 pasienter med kjeveproblem. Kvart år vert det utført mellom 40 og 50 kjeveleddsartrocentese og lavage, ei prosedyre kor væske vert skylt gjennom kjeveleddet for å lindre smerter og forbetre rørsla. I tillegg vert det gjennomført 2-4 åpne kjeveleddsoperasjoner årleg, forklarar fagleg ansvarleg for kurset Lado Lako Loro. Loro er overtannlege, spesialist i oral kirurgi og oral medisin, dr. odont.
Blant føredragshaldarane var også Tore Bjørnland, professor emeritus ved Universitetet i Oslo, og Nils Petter Fossland, maxillofacial kirurg frå St. Olavs Hospital.
-På kurset nyttar vi dei nyaste standardane og teknologiske metodane i kirurgiske prosedyrer, forklarar Bjørnland.
Fossland forklarar at maxillofacial kirurgi inneber kirurgisk behandling av sjukdomar, skader og deformiteter i ansikt, kjeve og munn, og at kurset fokuserte på dei nyaste teknikkane innan dette feltet.
-Dette kurset er eit verdfullt initiativ for å forbetre kompetansen på behandling av pasientar med kjeveleddsproblemer, seier Fossland.
Deltakarane var svært nøgde med kurset.
– Dette er eit svært viktig tilbod som dekker eit fagområde vi verkeleg treng meir kompetanse på, seier Håvard Hynne og Trond Olsen, begge spesialistkandidatar frå Universitetet i Oslo. Vi opplever at vi får ei djupare innsikt og oppfrisking innan mellom anna kjeveleddsinjeksjonar og kjeveleddsoperasjonar.
I tillegg til fagleg oppdatering innan kirurgiske teknikkar var det og ei førelesning om smertelindring av seksjonsoverlege Tove Heger . -Vi har som mål å gjenta kurset regelmessig, ettersom behovet for denne typen spesialkompetanse berre aukar, avsluttar Loro.